Spjelkavik – Norborg 4-2

Spjelkavik – Norborg 4-2 (1-1)
Spjelkavik KGB, 22.02.09

10 sjansar 4
7 cornere 3

0-1 Steffen Grytten (13)
1-1 Sjølmål (36)
2-1 (str. 47)
3-1 (str. 78)
3-2 Tarjei Urkedal (84)
4-2 (88)

Dommar: Alf Furland (Rollon)
Ass. dommarar: Jon Olav Skodjereite (Skodje) og Mikal Skodjereite (Skodje)

Laget: Espen Wold (Geir Roar Gamlem, 46) (Wold, 81) – Elling Mikal Kalvø, Roger Grytten, Kjell-Terje Brusdal, Kristian Furnes – Ole Johan Urke, Kristian Søviknes (Geir Ove Grønli, 60), Adrian Håbet, Steffen Grytten (André Larsen, 46), Stein Erik Reitan (Jan Even Drønnesund, 77) – Tarjei Urkedal.

Spjelkavik var det førande laget i denne treningskampen og vann fortent mot eit baktungt Norborg-lag.

1. omgang – godkjent av Norborg
Norborg startar kampen bra og burde ha tatt leiinga før to minutt var spelt. Adrian Håbet spelte fri Tarjei Urkedal, men åleine med keeper Helge Kolset var det sistnemnte som vann duellen. Norborg skulle likevel ta leiinga då Steffen Grytten fekk stå åleine å heada inn eit hjørnespark frå Håbet. Norborg fekk fleire overgongar i første halvdel, men tok sjeldan vare på dei. Til det var pasningskvaliteten for upresis.

Spjelkavik greidde ikkje å få tempo på ball mot det defensive Norborg-laget dei første 20-25 minutta, og sleit med å skape dei store sjansane. Etterkvart som omgangen gjekk kom ein likevel nærare og nærare, men ein måtte ha hjelp av ein norborgar for å få ballen i mål. Målet kom etter at Norborg ikkje får klarert ein corner og til slutt styrte ballen i eige mål med ei heading.

2. omgang – Norborg sovna
Omgangen er knapt i gong før Spjelkavik får straffespark. Ein situasjon som burde ha vore avklart lenge før. Straffa sette Spjelkavik sikkert i mål. Spjelkavik er det beste laget og skaper fleire gode sjansar det neste kvarteret utan resultat. Straffe måtte nok ein gong til for at det skulle bli mål.

Fem minutt før slutt gav Tarjei Urkedal Norborg nytt håp då han kjempa inn 3-2 redusering, men Spjelkavik var det beste laget og sette punktum med eit perletreff frå nær 50 meter.

Norborg vart særs defensive i denne kampen og skapte lite framover. Med ein einsam spiss greidde ein ikkje å halde ballen oppe på bana. Det vart for mykje upresist i overgongane og ein stod alt for ofte på hælane å sove. Det går an i 4. divisjon, men i 3. divisjon må vi vere vakne i 90 minutt. Likevel, det var mykje bra også og med nokre justeringar blir Norborg endå vanskelegare å slå.

Skryt til Spjelkavik for bananar, sjokolade, kaffi, vestar og kjegler i garderoba før kamp. Aldri før har vi opplevd slik bevertning før ein treningskamp.