Norborg – Valder 4-4

Norborg – Valder 4-4 (0-3)
Uggedal stadion, 05.06.09

8 sjansar 5
5 cornere 2
10 Avslutningar på mål 5
11 Avslutningar utanfor 2

0-1 Adrian Blindheim (3)
0-2 Raymond Oksnes Elde (16)
0-3 Stian R. Giske (32)
1-3 Steffen Grytten (53)
2-3 Geir Ove Grønli (55)
2-4 Bjarte Tomren (63)
3-4 Geir Ove Grønli (84)
4-4 Morten Kalvø (90+2)

Tilskodarar: 150

Dommar: Bjørn Bakkom (Vartdal)
Assistentar: Jan Erik Myklebust (Åmdal) og Steinar Hjelle (Sunnylven)

Laget: Espen Wold – Stein Erik Reitan, Elling Mikal Kalvø, Morten Kalvø, Kristian Furnes (Kjell-Terje Brusdal, 46) – Ole Johan Urke (Tarjei Urkedal, 46), Bee (André Larsen, 73), Steffen Grytten, Skjalg Volstad – Geir Ove Grønli, Kristoffer Søviknes (Johan Stavik, 69).

Det vart ein målrik og spennande kamp på Uggedal stadion då Norborg og Valder delte poenga. Valder var supereffektive før pause og leia med komfortable 3-0. Etter pausa kom Norborg sterkt tilbake. Først brente ein eit straffespark, så scora ein fire mål og sikra seg eit fortent poeng.

Ingen av laga vil seie seg heilt nøgd med eitt poeng i denne kampen. Valder fordi ein ga vekk tremålsleiing. Norborg fordi ein var ekstremt sløv før pause mot ein motstandar ein bør ta tre poeng mot på heimebane. Likevel var nok alle i oransje letta over at ein greidde poeng etter den svake starten.

Defensivt slurv
At Norborg er 3. divisjon sitt beste lag før pause var ikkje godt å sjå i Uggedalen fredag kveld. Allereie i det tredje speleminutt presenterte divisjonen sin toppscorar Adrian Blindheim seg då han var på rett plass og fekk sett inn leiarmålet frå 8-10 meter. Etter eit kvarter spel doblar Raymond Oksnes Elde leiinga då headinga hans så vidt gjekk over streken før Morten Kalvø fekk beina ut ballen. 0-2, og Norborg er i trøbbel.

Norborg var ikkje underlegne i banespel, og har fleire sjansar til å redusere det neste kvarteret, men istaden er det Valder og Stian René Giske som utnyttar forsvarsfeil og scorar sikkert åleine med keeper Wold.

Total forvandling
Etter diverse tordentaler og eit par bytter i pausa framstår Norborg som eit nytt lag i 2. omgang. Få minutt ut i omgangen blir Kristoffer Søviknes dratt ned i straffefeltet og ein vaken assistentdommar Myklebust vinkar for straffe. Tarjei Urkedal kom rett frå gravfølge til 2. omgang og måtte sjå sitt første spark på ballen bli redda av keeper Richardsen.

Norborg rista raskt av seg skuffelsen og få minutt etter headar Steffen Grytten inn eit godt slått frispark frå Phongrapee Sæter. To minutt seinare er det Geir Ove Grønli sin tur til å heade i nettmaskene då Stein Erik Reitan slår godt inn. Minuttet etter er Grønli nær sitt andre mål, men header Urkedal sitt innlegg like utafor.

Valder var tydeleg rysta over Norborg sitt opningstempo, men tjue minutt ut i omgangen får Bjarte Tomren score etter eit frispark frå Steffen Oksnes Elde. For øvreg Valder sin einaste målsjanse i 2. omgang.

Overtidsmål
Norborg datt litt nedpå etter Valder sitt mål, men med eit par friske bytte starte ein igjen å kjøre over gjestane. Dryge fem minutt før slutt handsar ein Valder-spelar i straffefeltet før Tarjei Urkedal klinkar ballen i mål. Dommar Bakkom blåste i fløyta i det Urkedal fyrte av og ny straffe. Den sette Grønli sikkert i mål. Norborg får endå meir blod på tann. To minutt på overtid kjempar ein seg til corner. Steffen Grytten skal normalt ikkje ta hjørnespark, men la flott på hovudet til Johan Stavik som stussar vidare i feltet der Morten Kalvø beinar ballen i nota og sikrar Norborg eitt poeng.

Norborg var oppe på det nivået ein var i fjor etter pausen, og greier ein å gjennomføre to slike omgangar i same kamp så bør det bli mange poeng framover. Trenar Ivar Roald var ikkje nådig mot sine spelarar i pausa, men var nøgd med prestasjonane i 2. omgang.

Norborg sin bestemann var Geir Ove Grønli. Han scora sine to første mål i 3. divisjon og kom til sin rett i 2. omgang då Norborg kom seg til innlegg. Elles solid jobba av samtlege etter kvila.

Neste kamp for Norborg er borte mot Spjelkavik fredag kl. 1830.


Geir Ove Grønli scora sine to første mål i 3. divisjon og bidrog til eitt poeng mot Valder.