Norborg – Hareid 8-0 (3-0)
Uggedal stadion, 02.07.09
23 sjansar 4
x cornere x
1-0 Tarjei Urkedal (8)
2-0 Tarjei Urkedal (9)
3-0 Tarjei Urkedal (39)
4-0 Sjølvmål (54)
5-0 Kristoffer Søviknes (57)
6-0 Tarjei Urkedal (60)
7-0 Adrian Håbet (61)
8-0 Skjalg Volstad (89)
Tilskodarar: 160
Dommar: Tor Ove Myrset (Hundeidvik)
Laget: Espen Wold – Elling Mikal Kalvø, Kim Idar Krogsethagen, Morten Kalvø, Stein Erik Reitan (Kristian Furnes, 78) – Kristoffer Søviknes (Skjalg Volstad, 70), Kristian Søviknes, Steffen Grytten (Bee, 72), Adrian Håbet – Geir Ove Grønli (Edward Laverton, 70), Tarjei Urkedal (Jan Even Drønnesund, 78).
Norborg dominerte fullstendig heimekampen mot Hareid og tok sin tredje strake siger. Tarjei Urkedal scora halvparten av måla i 8-0 sigeren og fekk saman med dei andre spelarane trampeklapp frå publikum då kampen var over.
– I dag tør vi å spele fotball og gjer ein god kamp. Vi har plukka 15 poeng på dei 12 første kampane, og det må vi seie oss brukbart nøgd med, sa trenar Ivar Roald etter kampen.
Urkedal i scoringshumør
Norborg og Hareid ligg på plassane over nedrykkstreken og trengte difor sårt poeng i denne kampen. Heimelaget var dei som forstod alvoret mest, og viste seg frå si beste side. Allereie før ti minutt var spelt stod det 2-0. Begge måla signert av Tarjei Urkedal. 1-0 kom på eit langt utspel frå keeper Espen Wold, som Geir Ove Grønli stussa vidare til Urkedal. 2-0 kjem etter forarbeid av Grønli og Adrian Håbet.
Norborg fortsette å dominere kampen, men sløste med sjansane før Urkedal gjer hat-trick i det 39. minutt. Denne gong er det Kim Idar Krogsethagen som slår langt til Grønli som stussar vidare til Urkedal som avsluttar flott i lengste hjørnet.
Punkterar kampen
Hareid får lite til og er også uheldig å sette ballen i eige mål etter forarbeid av Håbet og Urkedal. Med 4-0 til Norborg like etter pause gir Hareid meir eller mindre opp og Norborg aukar tre gongar på få minutt. Kristoffer Søviknes stussa inn 5-0 etter eit frispark frå Kim Idar Krogsethagen. Urkedal scorar sitt fjerde etter å ha blitt spelt fri av Kristoffer Søviknes, medan Håbet gjer 7-0 på eit flott raid.
Sløser med sjansane
Med om lag ein halvtime igjen på uret var det håp om to-siffra, men trass mange store sjansar måtte ein vente til sluttminutta før 8-0 kom. Målet kom på utspel frå keeper Wold, vidareformidling av Krogsethagen til Skjalg Volstad som finn vegen til nettmaskene.
Tarjei Urkedal vart kåra til kampens beste spelar. Han har i vår slete med form og uttelling i forhald til i fjor, men med fire mål i denne kampen er han oppe på 9 mål på sine 11 spelte kampar. Han er dermed berre eitt bak toppscorartrioen i 3. divisjon.
Dette var siste kamp før ferien. Neste kamp er difor ikkje før 10. august borte mot Hødd2. Neste heimekamp er 14. august mot Volda.