Hødd2 – Norborg 3-1

Hødd 2. lag – Norborg 3-1 (2-1)
Høddvoll, 10.08.09

7 sjansar 3
6 cornere 5
8 avslutningar på mål 3
5 avslutningar utanfor 6

1-0 Eirik Heltne (16)
2-0 Kazeem Ahmed (24)
2-1 Adrian Håbet (37)
3-1 Vegard Heltne (55)

Dommar: Tove Marie Tandstad (VRF)
Assistentar: Torgeir Halsen og Jon Olav Skodjereite

Laget: Espen Wold – Elling Mikal Kalvø, Morten Kalvø, Kjell-Terje Brusdal (André Larsen, 61), Stein Erik Reitan – Skjalg Volstad (Ole Johan Urke, 82), Kristian Søviknes (Geir Ove Grønli, 9) (Alexander Eide, 61), Steffen Grytten, Adrian Håbet – Tarjei Urkedal, Kim Idar Krogsethagen (Roger Grytten, 82)

Hødd2 viste seg som det beste laget og behaldt alle poenga heime i Ulsteinvik. Norborg vart springande mykje imellom, men gav aldri opp håp om poeng mot overmakta.

Det vart ein tung kveld for Norborg sine spelarar på flotte Høddvoll måndag kveld. Heimelaget sine kvikke og tekniske spelarar hadde ballen i store delar av kampen med norborgarane jagande etter. Men når Norborg først fekk tak i ballen var ein ikkje ufarlege dei første ti minutta. Fem minutt ut i kampen fann Adrian Håbet rom utanfor 16 meteren, men skotet hans gjekk over mål. Nokre minutt seinare legg Skjalg Volstad flott inn på Geir Ove Grønli sitt hovud, men headinga frå 7-8 meter gjekk i bakhovudet på ein motspelar. Innimellom der hadde Hødd2 ein stor sjanse etter corner, men Kristian Søviknes leika keeper og redda forsøket med handa. Ingen fekk med seg handsen i mølja framfor mål, men Norborg sin kaptein måtte likevel forlate banen nokre minutt seinare. Då med skade.

I det 16. minutt kombinerar Hødd2 sin Kazeem Ahmed og Eirik Heltne. Sistnemnde var då igjennom og scora sikkert åleine med keeper Espen Wold. Hødd2 fortsette å trykke på og knappe ti minutt seinare driblar dyktige Ahmed 2-3 norborgarar og avsluttar med ei lompe frå 20 meter som endrar litt retning i Steffen Grytten og smyg seg under handa til keeper Wold. Eit skot som normalt Norborg sin dyktige keeper hadde tatt.

Mot slutten av omgangen vakna Norborg. Først får Tarjei Urkedal avslutta like innafor kanten av 16 meteren, men ballen går over lengste kryss. Så kjem reduseringa. Kim Idar Krogsethagen får vendt opp med ein mann i ryggen nede ved kortlinja og finn Adrian Håbet ute på ti meter. Adrian gjer ingen feil og sette ballen sikkert i mål.

Etter kvila greidde Norborg sjeldan å true Hødd2 sitt mål, og ti minutt ut i omgangen sette Vegard Heltne inn 3-1 med ei kontant avslutning inne ved stolpen. Hødd2 verka nøgd og vi fekk ein temposvak omgang. Begge lag var upresise i siste fase av spelet og vi fekk få opplagte målsjansar. Kampen ebba dermed ut med 3-1 til heimelaget. Eit greitt resultat etter spel og sjansar.

Ingen av Norborg sine spelarar utmerka seg nevneverdig. Dei fleste gjorde ein kamp på det jamne. Elles fekk Alexander Eide sine første minutt i 3. divisjon med Norborg. Han viste seg fram frå ei god side med duellvilje og kloke val. Absolutt ein spanande spelar når han blir varm i trøya og kjent med medspelarane sine.

Bursdagsbarn Stein Erik Reitan fekk sin A-kamp nr. 400 for Norborg. Vi gratulerer. Kim Idar Krogsethagen avsluttar sitt låneopphald og vender tilbake til Fana. Han opplevde å tape for første gong på over to år med oransjetrøyene (2-5 for Bergsøy).

Norborg si neste oppgåve er allereie fredag. Då mot Volda på Uggedal stadion kl. 1830.