Hareid – Norborg 0-3 (0-1)
Hareidsmyrane KGB, 17.04.09
4 sjansar 7
4 cornere 2
0-1 Steffen Grytten (36 sekund)
0-2 Adrian Håbet (85)
0-3 Adrian Håbet (89)
Dommar: Sigurd Smehus Kringstad (Valder)
Laget: Espen Wold – Elling Mikal Kalvø, Roger Grytten, Morten Kalvø, Stein Erik Reitan (Kristian Furnes, 89) – Kristian Søviknes (Kjell-Terje Brusdal, 89), Steffen Grytten, Adrian Håbet – Ole Johan Urke (Skjalg Volstad, 46), Tarjei Urkedal (Bee, 62), Kristoffer Søviknes (Johan Stavik, 56).
Ikkje benytta: Geir Roar Gamlem
Norborg fekk ein strålande start på livet sitt i 3. divisjon då Hareid vart sett på plass med 3-0. Steffen Grytten sette stardarden med scoring allereie etter 36 sekund! Norborg hadde totalt sett dei fleste store sjansane og vann fortent.
Stor spenning til seriestart i ein ny divisjon for Norborg sine gutar. Etter å ha blitt spådd nord og ned av dei fleste så stilte ein til kamp mot Hareid utan press.
Himmelsk start
Norborg gjekk energisk ut og pressa Hareid knallhardt dei første minutta. Planen fungerte perfekt. I følge Helge Uggedal si klokke tok gjekk det berre 36 sekund før ballen låg i nota bak keeper Lonbakken. Steffen Grytten var målscorar då han plasserte ballen fint til venstre for keeper etter å ha blitt spelt fri av Adrian Håbet.
Hareid var rysta i starten, og Norborg fekk til fleire gode angrep. Både Kristian Søviknes og Tarjei Urkedal var nær ved å auke leiinga, men keeper redda forsøka.
Gode kontringar
Heimelaget tok gradvis over og Norborg vart baktunge i ein periode. Robin Indreflø fekk Hareid sin første sjanse, men avslutninga hans gjekk utanfor stolpen. Nær 20 minutt var då gått av kampen. Siste halvdel av 1. omgang var jamn, men med eit overtal av sjansar til Norborg. Thomas Sætre-Hauge skapte dei fleste problema for Norborg sitt forsvar, men ein fekk etterkvart kontroll på han. Offensivt var Tarjei Urkedal, Adrian Håbet og Kristoffer Søviknes stadig på farta og skapte problem for heimelaget. Norborg følte dermed at ein burde ha leia med meir enn 1-0 då ein tok pause.
Norborg har kontroll
Dei fleste venta eit massivt Hareid-trykk i starten av 2. omgang, men det kom aldri. Norborg hadde kontroll og det lille Hareid hadde var skot frå distanse. Omtrent det same som Norborg skapte dei første førti minutta av omgangen, men på slutten vakna 3. divisjonsdebutantane og scora to mål. Først etter flott samspel av Skjalg Volstad og Adrian Håbet der sistnemnte plasserte ballen kaldt i mål frå ti meter. Like etter utnytta same spelar ei keepertabbe og putta ballen enkelt i mål.
Strålande laginnsats av Norborg. Ein vann overraskande mange duellar mot hardtspelande hareidingar, jobba godt defensivt og spelte periodevis god angrepsfotball. Ikkje lett å plukke ut Norborg sine tre beste, men Morten Kalvø var kongen i eit knakande godt forsvar, Steffen Grytten jobba knallhardt på midten, medan Adrian Håbet viste god ballbehandling og gjekk på lure løp. To mål og ei målgjevande vart det også.
Trenar Ivar Roald hadde ikkje venta 3-0 siger, men uttalte at han forventa mål når ein gjekk så offensivt til verk. – Vi bruka alltid å score mål, så det overraskar meg ikkje. Men at vi skal vinne så mange duellar mot eit så fysisk lag var positivt. Vi var langt meir kompromisslause enn i treningskampane og gode defensive. Ein kjekke kamp, sa Roald.
Neste kamp for Norborg er heime mot Hødd2 måndag 27. april kl. 1830.
På notisblokka:
1 min: 0-1. Steffen blir spelt igjennom av Adrian og sette ballen i mål.
2 min: Adrian vinn ballen og speler til Snes som skyt på halvspretten ifrå 15 meter, men keeper redda.
5 min: Tarjei med stor sjanse. Fintar seg igjennom, men keeper reddar godt.
19 min: Robin Indreflø får avslutte etter kommunikasjonssvikt hos Norborg. Ballen trillar utafor stolpen.
27 min: Tarjei skot ifrå 18 meter.
28 min: Hareid-sjanse. Thomas Sætre-Hauge kjem seg inn i 16 meteren, men Espen reddar forsøket.
39 min: Adrian avsluttar frå skrått hald. Keeper blokkerer.
41 min: Norborg-sjanse. Tarjei fri, men avslutninga går like utafor stolpen.
45 min: Adrian skyt frå 20 meter. Keeper nede ved stolpen og får slått til corner.
53 min: Skjalg finter og finter. Finn rom på 20 meter og klinker til. Keeper får ei hand på ballen – corner
54 min: Elling skot etter corner. Over mål.
67 min: Skjalg stusser Snes frispark like utafor.
–: Hareid kjem seg til eit par skot frå 18-20 meter, men Norborg har kontroll.
83 min: Torgeir Rusten headar over etter innlegg frå høgre.
85 min: 0-2. Adrian og Skjalg småspeler inne i straffefeltet. Adrian kjem seg fri og putter ballen i mål.
90 min: 0-3. Adrian utnytter keeperfeil og sette ballen i mål.
93 min: Dommaren bles av og Norborg har tatt sin første siger i 3. divisjon!!
Målscorarane Steffen Grytten og Adrian Håbet. Norborg stilte for øvreg i nye bortedrakter. Svart trøye og kvit bukse.