Ellingsøy – Norborg 0-1

Ellingsøy – Norborg 0-1 (0-0)
Nes KGB, 11.01.09

3 sjansar 15
1 cornere 15

0-1 Roger Grytten (69)

Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)

Laget: Geir Roar Gamlem (Espen Wold, 46) – Elling Mikal Kalvø, Roger Grytten (Geir Ove Grønli, 46), Morten Kalvø (Roger Grytten, 65), Kristian Furnes (Kjell-Terje Brusdal, 46) – Ole Johan Urke (Skjalg Volstad, 65), Adrian Håbet, Stein Erik Reitan, Skjalg Volstad (Johan Stavik, 46) – Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes.

Norborg sleit med å omsette sjansar i mål i denne treningskampen mot 5. divisjonslaget Ellingsøy. Roger Grytten fann nettmaskene for første gong sidan mai 2004. 

Heimelaget yppa seg dei første 2-3 minutta, men så tok Norborg over og pressa Ellingsøy tilbake på bana. Diverre var det litt svak presisjon på pasningsspelet, men ein skapte likevel mange nok sjansar til å score. Både Ole Johan Urke, Adrian Håbet og Tarjei Urkedal burde ha funne nettmaskene. Ellingsøy på si side hadde nok med å forsvare seg, men kom seg likevel til eit par store sjansar. Men også hos gultrøyene var ikkje presisjonen på avslutninga god nok.

2. omgang er lik den første.Norborg styrer kampen og skapar sjansar, men Ellingsøy sitt forsvar og keeper fekk som regel ei tå eller ei hand på ballen. Ved halvspelt omgang fekk ein så hol på byllen då Roger Grytten fossar gjennom forsvaret og får to sjansar åleine med keeper. Den første avslutninga blir redda av keeper, men returen sette Roger i mål.

Grei økt på Nes KGB for begge lag. Norborg fekk mykje ballkontakt, cornertrening og mange avslutningar, medan Ellingsøy fekk møte eit lag som heldt høgare tempo enn det ein er vande med i 5. divisjon. Norborg sine to beste var Adrian Håbet og Roger Grytten. Ellingsøy, keeper Rongve og stoppar Kenneth Bjørke.