Herd – Norborg 3-0

Herd – Norborg 3-0 (2-0)
Moa KGB, 31.05.07

8 sjansar 4
8 cornere 3

1-0 Gunnar Nordli (5)
2-0 Andreas Ulvestad (10)
3-0 Michael Drengubiak (46)

Dommar: Lars Ove Sletta (Langevåg)
Ass. dommarar: Oddbjørn Hatlehol (Brattvåg) og Birger Breivik (Volda)

Tre beste:
Asgeir Kalvø
Stein Erik Reitan
Tarjei Urkedal

Laget: Geir Roar Gamlem – Elling Mikal Kalvø (Kjell Terje Brusdal, 46), Knut Ivar Bjørlykhaug, Kim Idar Krogsethagen, Stein Erik Reitan – Bee (André Larsen, 1) (Ole Johan Urke, 81), Steffen Grytten, Asgeir Kalvø – Kristian Søviknes (Kristoffer Søviknes, 29) (Kristoffer Engeset, 88), Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes (Edward Laverton, 23) (Geir Ove Grønli , 75)

Herd fekk ein pangstart mot Norborg å leia 2-0 før ti minutt var spelt. Etter dette fekk vi sjå ein jamspelt og sjansefattig kamp på Moa.

Norborg reiste til Moa med god tru på å bli det første laget til å slå Herd denne sesongen. Blant anna var laget styrka med Kim Idar Krogsethagen, som gjekk rett inn som midtstoppar.

Pangopning av Herd
Raske Herd-spelarar rundspelte Norborg i opningsminutta av denne kampen. På dei første ti minutta kom vertane seg til fire store målsjansar der to av dei enda i nota bak keeper Geir Roar Gamlem. Leiarmålet kom fem minutt ut i kampen då Gunnar Nordli fekk ein løpeball i bakrom. Han sprang frå Norborg-forsvaret å klinka ballen i mål åleine med keeper Gamlem. 2-0 heada Andreas Ulvestad inn etter corner.

Resten av omgangen er jamspelt, og det hadde slettes ikkje vore ufortent om Norborg fekk ei redusering på ein av sine to gode sjansar ved Tarjei Urkedal og Asgeir Kalvø.

Tidleg punktering
2. omgang har så vidt starta då Herd sin Michael Drengubiak scorar etter corner. Heimelaget får her to forsøk før Drengubiak sette ballen i mål på det tredje med eit velplassert skot. Svakt forsvarsspel av Norborg. Herd er best i opningskvarteret av omgangen og skyt blant anna i stolpen via keeper Gamlem.

Tverrliggjar i vegen
I overkant av timen spelt kjem Norborg seg til to gode sjansar. Først får keeper Sindre Blomvik så vidt redda til corner på ei avslutning frå kloss hald av Steffen Grytten. Nokre minutt seinare dunkar Kim Idar Krogsethagen eit frispark i tverrliggjar. Mål skulle det ikkje bli på Norborg i denne kampen. Herd forsvarte seg godt og vi fekk sjå ein sjansefattig kamp.

Fortent Herd-siger
Ein fortent siger til Herd, som med sine lettbeinte, plasseringssterke og tekniske spelarar hadde eit ekstra gir i forhold til Norborg i denne kampen. Norborg var ikkje på hogget frå start av og fekk svi for det.

Norborg sin bestemannspris vel vi å gi til Asgeir Kalvø. Han viste ro med ball og jobba godt. Stein Erik Reitan spelte med kløkt og hadde god kontroll både på høgreback i første og som venstreback etter pausen.

Neste kamp er heime mot Ørskog torsdag 7. juni kl. 1830.