Norborg – Sunnylven 5-3 (4-2)
Uggedal stadion, 10.08.06
13 sjansar 11
4 cornere 5
1-0 Kim Idar Krogsethagen (20)
1-1 Jan Ove Aslaksen (25)
2-1 Eirik Urkedal York (33)
2-2 Arne Storstein (38)
3-2 Kim Idar Krogsethagen (39)
4-2 Sjølmål (41)
5-2 Kim Idar Krogsethagen (46)
5-3 Alf Ole Sundgot (62)
Tilskodarar: 115 betalande
Dommar: Fredrik Løken (Brattvåg)
Ass. dommar: Magne J. Krumsvik (Volda) og Gunn Tove Skylstad (VRF)
Laget: Trond Elstad – Christian Søvik (Stein Erik Alvestad, 72), Øyvind Farstad, Steffen Grytten, Stein Erik Reitan – Asgeir Kalvø (Knut Ivar Bjørlykhaug, 90), Eirik York, Adrian Håbet (Kristian Søviknes, 8), Tarjei Urkedal (Edward Laverton, 89) – Lennart Holmem, Kim Idar Krogsethagen (Ståle Hurlen, 58), (Kim Idar Krogsethagen, 90)
Publikum fekk full valuta i Uggedalen torsdag kveld. To offensive lag skapte ein underhaldande og målrik kamp som enda med at Norborg tok ein etterlengta siger, og dermed kom seg bort frå botnlaga.
– Mange mål, mange sjansar og mykje sløsing. Vi har 6 hundreprosentsjansar som vi ikkje scorer på og Norborg hadde sin del dei og. Vi var uvanleg slappe defensivt og slapp inn ein del enkle mål, sa Sunnylven sin sportslege leiar Steinar Hjelle etter kampen.
Kristian Søviknes vart satt på benken frå start, men måtte trø til allereie før ti minutt vart spelt då Adrian Håbet hinka skada av bana. “Snes” hadde følgjande å seie etter kampen; – god første omgang der oss i periodar rullar opp ei rekkje gode angrep. I andre omgang dett oss ned på deira nivå siste halvdelen, og speler stressa, oppjaga og mykje langt og upresist. Likevel, steike godt med ein siger og tre poeng!
Kimmen starta målorgie
Etter eit jamt opningskvarter starta Norborg å ta grep om kampen med god rørsle og presise pasningar. Tjue minutt ut i kampen kom så leiarmålet då Steffen Grytten fekk til eit strålande innlegg. Ballen gjekk i ei perfekt boge over Sunnylven sitt forsvar og rett på hovudet til Kim Idar Krogsethagen, som enkelt styrte inn 1-0.
Sunnylven har nokre gode enkeltspelarar, og ved halvspelt omgang presenterte to av dei mest frykta seg. Først heada Alf Ole Sundgot like over frå kloss hald før Jan Ove Aslaksen fekk sjansen frå krittmerket. Aslaksen sette sikkert inn 1-1.
Handball?
Men Norborg var på hogget i denne omgangen, og fortsette å varte opp med flott spel. Ved dryge halvtimen bankar så Eirik York inn 2-1 leiing etter innlegg frå søskenbarnet Tarjei Urkedal. Men Sunnylven gir seg ikkje, og berre fem minutt seinare boksar Arne Storstein inn 2-2 med handa til store protestar frå Norborg sitt forsvar. Målet blir likevel godkjent.
Sjølv om omgangen gjekk mot slutten var det likevel svært mykje som skulle skje i desse minutta med straffe, mål og stolpeskot. Først brukar Synnylvs-forsvaret ulovlege middel for å stoppe ein aktiv og god Lennart Holmem. Straffa sette kaptein Kim Idar sikkert i mål. Knappe minuttet seinare startar Tarjei på eit raid frå eigen halvdel som skulle ende i 4-2 leiing etter at ein Sunnylvs-spelar sklir innlegget i eige mål. Dermed 4-2 til pause, sjølv om begge lag hadde avslutningar i stolpen på overtid.
Lenny + 16 meter = straffe
2. omgang startar perfekt for oransjetrøyene. Allereie før minuttet har gått skaffar Lennart nok ei straffe, og nok ein gong sette Kim Idar den sikkert i mål. Kim Idar takka for tillit på spissplass og ga Norborg fleire strengar å spele på offensivt. Like etter 5-2 målet var han frampå med ei heading som gjekk i stolpen. Dette var Kim Idar sitt andre stolpetreff og Norborg sitt tredje.
Store sjansar til Sunnylven
Norborg si leiing verkar sikker, men i løpet av den siste halvtimen kjem Sunnylven seg til fleire sjansar og 62 minutt ut i kampen stig Alf Ole Sundgot opp ved bakarste stolpe og header inn 5-3 redusering på corner. Sunnylven pressa på og Norborg har store problem med raske Sundgot. Men trass store sjansar blir det ikkje fleire mål i Uggedalen denne finverskvelden, og Norborg tek ein etterlengta siger.
Ujamnt
Ujamn kamp av Norborg denne kvelden. Laget spelte tidvis god fotball langs bakken med fine kombinasjonar og gode innlegg frå kant. Det var spesielt før pause vi fekk sjå dette. Etter kvila startar ein i samme stil, men etterkvart fall ein inn i gammal vane med mange lange ballar og upresise pasningar.
Steffen Grytten gjorde ein god kamp i dag og sette igong mange gode angrep, samtidig som han kjempa god defensivt. Tarjei Urkedal var god på høgrekanten og sleit ut tidlegare Norborg-spelar Karl-André Birkhol. Kim Idar Krogsethagen og Lennart Holmem gjorde også sine saker bra på topp og skapte mange sjansar.
Neste kamp for Norborg er den viktige bortekampen mot Herd torsdag kl. 1830.