Norborg – MSIL 5-2

Norborg – MSIL 5-2 (1-1)
Brattvåg kunstgras, 26.01.06

9 sjansar 8
3 hjørnespark 4

0-1 Vidar Røbekk (15)
1-1 Tarjei Gjerset Urkedal (19)
2-1 Tarjei Gjerset Urkedal (61)
3-1 Lennart Holmem (72)
4-1 Kim Idar Krogsethagen (81)
5-1 Andre Larsen (83)
5-2 Hans Erik Verpeide (86)

Dommar: Fredrik Løken (Brattvåg)

Laget: Kurt Erik Grytten – Christian Søvik, Knut Ivar Bjørlykhaug, Kim Idar Krogsethagen, Asgeir Kalvø (Kristian Søviknes, 46) – Eirik York (Andre Larsen, 46), Stein Erik Reitan, Tarjei Urkedal – Adrian Håbet (Ståle Hurlen, 74), Ståle Hurlen (Geir Ove Grønli, 46), Lennart Holmem (Øyvind Davik, 74)

Norborg fekk ein god start på sesongen då det vart 5-2 siger over MSIL i ein treningskamp på Brattvåg KGB torsdag kveld. Det var likevel MSIL som kom best i gong og tok fortent leiinga etter eit kvarter, men Norborg kvitterte raskt, og etter kvila var det ingen tvil kvar sigeren skulle gå.

Så var endeleg Norborg sitt herrelag i gong med treningskampane. Motstandar var den gamle rivalen MSIL, som har styrka laget sitt i vinter etter ein litt skuffande sesong i 5. divisjon.

Gjestane starta best
Det var gjestane frå Mauseidvågen som kom best i gong. Laget vann duellane, var villege til å gå på løp og pasningane sat betre enn hos sine oransje motstandarar. Etter eit par halvsjansar fekk dei også hol på byllen då Vidar Røbekk raga høgast å heada inn eit innlegg i frå høgrekanten.

Mac i scoringsform
Men MSIL si glede varte ikkje lenge. Nokre få minutt seinare kjem nemleg Adrian Håbet seg fri på venstrekanten og får til eit godt innlegg til Tarjei Urkedal, som dempar ballen og sette den sikkert i mål frå 12 meter. Etter utlikninga får vi sjå ein jamspelt kamp med eit par brukbare sjansar til begge lag. Spesielt Christian Søvik burde ha scora, men avslutninga hans frå kloss hald blir redda på strek av ein oppofrande sulaværing.

Norborg prøvde ut 4-3-3 i 1. omgang og verka litt usikker på plassane sine i starten av kampen, men etterkvart som omgangen gjekk sat spelet betre og betre. MSIL var likevel det totalt sett beste laget i 1. omgang og spelte med stor duellvilje og god rørsle.

Det er MSIL som får den første sjansen etter pausen då Norborg mister ballen midt på eigen banehalvdel. Ein MSIL spelar sklir gjennom Norborg-forsvaret og finn seg sjølv aleine med Kurt Erik Grytten, som reddar avslutninga glimrande.

Norborg punktera kampen
Etterkvart får Norborg meir og meir tak på midtbana, og etter dryge timen spelar Lennart Holmem ein flott stikkar til Tarjei Urkedal. Han rundar keeper og sette ballen stolpe inn til 2-1. Norborg er no skikkeleg på hogget og puttar tre gongar på dei neste ti minutta. Først kranglar Lennart med seg ballen på kryss og tvers i 16 metersboksa før han sette ballen i mål. Eit flott mål av Lennart. Så er det Kim Idar Krogsethagen som klinkar ballen utagbart i mål frå 20 meter etter ein corner. Like etter er det klart for nok eit cornermål. Denne gongen er det debutant Andre Larsen som finn nettmaskene frå kloss hald. Kampen er dermed avgjort, men Hans Erik Veddegjerde får sette eit verdig punktum på kampen med eit vakkert skot som gjekk i fin boge over Kurt Erik og tverrliggjar inn. Dermed 5-2, noko som vart sluttresultatet sjølv om Ståle Hurlen putta ballen i mål på ei fin pasning frå Øyvind Davik, men dommaren blåste for offside.

Heva seg etter pause
Norborg sitt spel kom seg i 2. omgang. Ein viste meir ro med ballen og var flink til å vende spelet. Alt i alt ser laget ut til å vere i bra rute framfor seriestarten. MSIL si midtbane greidde ikkje å vinne så mange duellar etter pausen og såg ut til å bli litt meir sletne enn norborgarane. Dermed glapp også markeringane i langt større grad. Likevel, MSIL viste seg som eit bra lag og ein god sparringpartnar for Norborg.

Nøgd trenar

Dette var også Jan Egil Alstadsæter sin debut som hovudtrenar for Norborg. Han hadde følgjande kommentar etter kampen; – det var ei bra gjennomkjøring. Vi var litt rusten i starten og lot MSIL vinne duellane første halvtimen. Men vi viste mykje bra i 2. omgang og fekk ein god start på sesongen.

“Vi likar å møte Norborg”

MSIL sin spelande lagleiar Geir Harald Eikrem sa dette etter kampen; – vi starta kampen bra og hadde til og med kanskje eit lite overtak i starten, men forskjellen på laga kom meir til syne utover i kampen, og spesielt då i 2. omgang. Elles likar vi godt å spele mot Norborg. Det blir tette og tøffe oppgjer og mykje prestisje står på spel. Eg håper og trur at begge lag vil kjempe på øvre halvdel i kvar sin divisjon. Takk også til dommaren. Tøft gjort å dømme kamp der dei fleste er eldre enn seg. Håpar han ikkje vart skremt av syting og klaging.

Neste kamp for Norborg er vinterseriekampen mot Vigra 5. februar kl. 16 på Moa KGB.