Norborg – Godøy 2-2

Norborg – Godøy 2-2 (2-0)
Uggedal stadion, 25.05.06

7 sjansar 9
2 cornere 5

1-0 Kim Idar Krogsethagen (str. 11)
2-0 Eirik York (19)
2-1 Trond Brynestad (str. 64)
2-2 Svein-Arve Alnes (90+5)

Tilskodarar: ca. 220

Dommar: Jan Erik Myklebust (Åmdal)
Ass. dommarar: Mathias Smehus Kringstad (Valder) og Øystein Ytterland (Valder)

Tre beste:
Bjørnar Engeset – 7
Lennart Holmem – 7
Stein Erik Reitan – 7

Laget: Bjørnar Engeset – Stein Erik Alvestad (Christian Søvik, 73), Steffen Grytten, Kim Idar Krogsethagen, Stein Erik Reitan – Asgeir Kalvø, Tarjei Urkedal, Eirik York, Adrian Håbet (Martinus Grytten, 73) – Ståle Hurlen, Lennart Holmem (Kjell Terje Brusdal, 90)

Norborg måtte sjå tre poeng gå fløyten då Svein-Arve Alnes utlikna leiinga fem minutt på overtid. Etter spel og sjansar var resultatet greitt, men dette var ein kamp Norborg burde ha tatt alle poenga etter å ha leia 2-0 ved pause og fått straffespark minuttet før slutt. Men det ville seg ikkje denne gongen heller.

Dette var kampen som ingen av laga kunne tape om ein ikkje skulle bli akterutseilt i tetstriden. Det kom vel difor ikkje som noko stor overrasking at kampen enda med poengdeling.

– Ein kamp vi vil helst gløyme, seie spelande trenar hos Godøy Svein-Arve Alnes til norborg.com. – Lite fungerte. Duellvilje, vinne andreballar, pasningskvalitet, løpsvilje og fokus på det vi skulle ha fokus på var langt under pari i dag. Vi var heldige som fekk med oss eitt poeng, sjølv om det kanskje var eit rett bilete av kampen. Når det er sagt; hvis det var eit lag som skulle vinne i dag, så var det Norborg som fortente det mest. Hvis Norborg fortsette sånn så blir det mange poeng. Det er eit godt lag med mange gode spelarar.

Stemninga i Norborg-leiren var sjølvsagt svært nedtrykt etter utlikninga, men trass poengtap så var Norborg-trenar Roger Grytten nøgd med laget sine prestasjonar. – Sjølvsagt svært surt å tape to poeng så langt på overtid, men oss spelte ein solid kamp mot eit Godøy-lag som viste kvalitetar i 2. omgang. Utfordringa no ligg i å vise at oss kan spele fotball på bortebane også!

Nivåheving
Norborg viste kraftig nivåheving frå sist kamp, og var på hogget frå start av framfor eit talrikt publikum. Allereie før minuttet var spelt small det i debutantkeeper Øyvind Akerø sin stolpe. Sjansen kom etter eit fint oppbygd spel der Adrian Håbet la inn og Tarjei Urkedal avslutta i stolpen frå kloss hald. Norborg var før kampen svært bevisst på Godøy si løpsterke og teknisk dyktige midtbane og plasserte dermed sine mest løpsterke og aggressive spelarar her for å hindre gjestane rom. Dette lykkast. Godøy fekk lite til, og ti minutt ut i kampen spelte Asgeir Kalvø ein flott krossar til Lennart Holmem, som tok med seg ballen inn i 16 meteren der han vart felt og dommar Myklebust peika korrekt på straffemerket. Kim Idar Krogsethagen sette sikkert inn si 3. straffe for sesongen.

Babben doblar
Norborg fortsette i år vere gode og spelte med kløkt, duellvilje og ro med ballen. Når vi nærma oss 20 minutt spelte Stein Erik Reitan ein lang ball opp i Godøy sin 16 meter. Ståle Hurlen kjempa godt og får ekspidert ballen vidare til Eirik York som scora sikkert frå 7-8 meter. 2-0, og Norborg hadde fått ein knallstart.

Godøy tek over
Etter dette starta Godøy å få meir og meir grep om kampen. Halvspelt ut i omgangen headar Dagfinn Godø like over, medan keeper Bjørnar Engeset vise seg fram med gode redningar på ein dobbelsjanse til Godøy like før pause. Bjørnar er normalt juniorkeeper og fekk sin seriedebut i dag då det vart klart at Kurt Erik Grytten ikkje vart speleklar. Og Bjørnar viste at han held 4. divisjon med sitt spel i dag. – Bjørnar fortene eit klapp på skuldra, seie trenar Grytten. Han opptrådde svært rutinert og tok nesten utlikninga også.

I 2. omgang går som venta Godøy knallhardt ut, og berre ei lang tå frå Asgeir Kalvø hindra redusering etter to minutt. Godøy fortsette å presse og kjem seg til nokre brukbare mogelegheiter, men utan resultat før Kristian Alnes fossar inn i 16 meteren og vert felt av Stein Erik Alvestad. Dommar Myklebust peikar nok ein gong korrekt på krittmerket. Unge Trond Brynestad sende keeper ein veg og ballen den andre. Dermed 2-1, og skikkeleg kamp igjen. Godøy kjøre på dei neste minutta for å få utlikninga, men utan resultat, og etterkvart får Norborg justert seg og starta sjølv å få sjansar. Dryge ti minutt før slutt kjem Lennart Holmem seg gjennom Godøy sitt forsvar, men greier ikkje å overliste unge Akerø i mål. – Er veldig fornøgd med debuten til Øyvind Akerø i mål. Han viste at han held 4. divisjonsnivå og at han har potensiale til å nå lenger, seie trenar Alnes om nysigneringa si.

Straffebom og poengtap
To minutt før slutt stormar midtstoppar Kim Idar Krogsethagen i angrep, spelar vegg med Lennart og blir så felt. Ny straffe og alle trur at kampen endeleg blir punktert. Men diverre lukkast det ikkje for ein sliten Lennart å overliste keeper Akerø. Lennart gjorde elles ein god kamp med mykje hard jobbing. Mogeleg burde ein med friskare bein tatt straffa. Straffebommen vart ekstra bitter for Lennart då Svein-Arve Alnes og Godøy lurte Norborg med frisparket sitt fem minutt på overtid. Dermed 2-2, og poengtap i siste sekund for oransjetrøyene.

Positiv kamp av Norborg der laget hang betre saman enn sist. Rørsla og duellviljen var til stede, men ein vart til tider for baktung og ein burde ha utnytta betre dei mange overgongsmogelegheitane som dukka opp. Litt lite rutine i avgjerande situasjonar gjer sitt til at det ikkje vart tre poeng. Likevel, poeng mot Godøy er ikkje til å kimse av. Vi vil påstå at dette er det beste laget Norborg har møtt hittil i år. Godøy opptrer med ein teknikk og ro med ballen som andre lag i denne divisjonen kan misunne. I tillegg hadde dei dyktige spelarar som Trond Valkvæ, Erlend Holmen og Eldar Godø på benken frå start av. Ikkje noko å seie på breidda altså.

Skal vi trekke fram spelarar på Norborg må det bli Bjørnar Engeset som var trygg både med bein og hender. Utviklinga hos denne spelaren har vore gedigen sidan juniordebuten i 2003. Stein Erik Reitan var stødig på høgreback, Tarjei Urkedal jobba knallhardt fram til kreftene tok slutt den siste halvtimen og Lennart Holmem var eit konstant uromoment lengst framme.

Bra publikumsoppmøte også der spesielt Godøy sin supportarklubb laga liv på stadion.

Neste kamp for Norborg er borte mot Larsnes/Gursken 1. juni kl. 19.