Norborg – Blindheim 3-1

Norborg – Blindheim 3-1 (0-0)
Uggedal stadion, 23.09.06

9 sjansar 7
3 cornere 4

1-0 Lennart Holmem (47)
1-1 Alexander Hagerup (50)
2-1 Ståle Hurlen (57)
3-1 Eivind Fjørtoft (90)

Tilskodarar: 110 betalande

Dommar: Lars Ove Sletta (Langevåg)
Ass. dommarar: Even Myrheim (Herd) og Per Bjarte Ludviksen (Ørskog)

Laget: Trond Elstad – Christian Søvik (Stein Erik Alvestad, 46), Knut Ivar Bjørlykhaug, Steffen Grytten, Kjell Terje Brusdal (Jan Even Drønnesund, 70) – Asgeir Kalvø, Eirik York, Kristian Søviknes – Lennart Holmem (Eivind Fjørtoft, 86), Ståle Hurlen, Adrian Håbet (Tarjei Urkedal, 52)

Norborg er i flytsonen og heller ikkje serieleiar Blindheim greidde å stoppe oransjetøyene sin framgong. Etter ein mållaus 1. omgang der begge lag hadde store sjansar, viste Norborg seg som det beste laget etter pausen og vann fortent.

– Glimrande kamp av oss, og kanskje den største skalpen vi har tatt, sa Eirik York etter kampen. Sjølv om Norborg befinn seg i ingenmannsland så jubla norborgarane som om ein skulle ha rykt opp etter kampen. Etter ein sesong som ikkje har blitt heilt som forventa, var det viktig å få vist at ein også kunne slå dei beste i divisjonen, ikkje berre laga på nedre halvdel.

Norborg greidde ikkje å dra nytte av medvinden ein hadde i 1. omgang og kan takke ein god keeper Trond Elstad for at ein ikkje låg under ved pause. Både Kristoffer Morterud og Thomas Sæther var aleine igjennom då Blindheim var det førande laget i siste halvdel av 1. omgang, men Trond redda glimrande.

Norborg var fullt på høgde med Blindheim den første halvtimen, og var svært nær å ta leiinga då Ståle Hurlen vipper ballen over ein forsvarar og klinka den i stolpen. Spelet bølga fram og tilbake, men ingen av laga greidde å utnytte sjansane sine.

Det siste kvarteret av omgangen tok Blindheim over, og kom seg til noke store sjansar. Men Norborg haldt buret reint takka vere godt keeperspel og oppofrande forsvarsspel. Dermed gjekk laga til pause med 0-0.

Publikum har så vidt fått i seg kaffien då Norborg får til ei utmerket kontring. Asgeir Kalvø fører ballen framover før han spelar fram til Lennart Holmem. Han kjem seg fram til 16 meteren og sette ballen i ei fin boge over keeper Vadseth og i mål med keiva. Eit verdig seriemål nr. 1500 for Norborg.

Gleda varer likevel ikkje lenge for vertane. Tre minutt seinare tek Alexander Hagerup turen opp i angrep frå sin defensive midtbaneposisjon. Han kjem seg lett forbi Norborg sitt forsvar og sette ballen kontant forbi Trond nede ved venstre stolpe.

Det er likevel Norborg som er det beste laget i denne omgangen, og like før timen er spelt hamra Ståle Hurlen inn 2-1 på eit flott innlegg frå Lennart. Norborg fortsette å styre kampen, og både innbyttar Tarjei Urkedal og Kristian Søviknes fekk gode mogelegheiter til å score dei neste minutta.

Blindheim hadde lite å by på og sjølv om ein sendte stadig fleire i angrep hadde Norborg sitt forsvar bra kontroll. Tre minutt før slutt trudde dei fleste at Kristian Søviknes hadde punktert kampen då han sette ballen i fin boge over Vadseth og i mål, men dommar Sletta, som dømte godt, annullerte noko tvilsamt dette målet. 3-1 skulle likevel ikkje vente lenge på seg. Eitt minutt på overtid punkterte innbyttar Eivind Fjørtoft kampen då han heada inn eit innlegg frå Ståle. Sistnemnte som trass lungebetennelse dei siste vekene fullførte 90 minutt mot alle odds.

Norborg leverte ein flott 2. omgang og hadde full kontroll på topplaget etter at ein tok leiinga 2-1. Ein la om formasjonen i pausen og fekk då både større defensiv tryggleik og meir sting offensivt. Presisjonen i pasningsspelet betra seg og innsatsen frå samtlege var upåklageleg.

Bestemannsprisen på Norborg må vi gi keeper Trond Elstad. Han hadde fleire matchvinnar redningar i den perioden Blindheim pressa. I tillegg er han suveren i feltarbeidet. Elles strålande innsats av samtlege.

Neste kamp for Norborg er borte mot SIF2 måndag 2. oktober kl. 1830.

Kampforløp

5 min Jan Erik Hellevik med kampens første sjanse. Skot utafor frå 12 meter.
11 min Sterk prestasjon av Ståle Hurlen då han vippar ballen over ein forsvarar og skyt i stolpen.
23 min Steffen Grytten stussar eit frispark frå Asgeir Kalvø som går rett på keeper Helge Vadseth. Vadseth gir retur, men Blindheim får etterkvart avklart.

24 min To store Blindheim-sjansar i samme angrep. Først spelar Terje Ottersen igjennom til Kristoffer Morterud, men Trond Elstad reddar glimrande. Blindheim snappar returen, men avsluttar etterkvart i nettveggen.
27 min Stor Norborg sjanse då Lennart Holmem kjem seg rundt på venstrekanten og går mot femmeteren, men verken Ståle eller Adrian får putta ballen i mål.
34 min Thomas Sæter igjennom, men Trond redda fabelaktig
40 min Kjell Terje Brusdal redda på streken etter Blindheim-corner
43 min Thomas Sæter med avslutning utafor
45 min Ståle snappa ballen like foran keeper, men greier ikkje å sette ballen i mål
47 min Asgeir fører fram ei Norborg-kontring og sentrer fram til Lennart som setter ballen i ei fin boge over keeper til 1-0
50 min Alexander Hagerup finter seg igjennom Norborg-forsvaret å scorer sikkert aleine med Trond
52 min Tarjei Urkedal har tatt pause i 90-årslaget han var i og dukker plutseleg opp på Uggedal stadion for å spele fotball.
57 min Ståle putter etter godt innlegg frå Lennart
59 min Keeper Helge Vadseth er utafor 16 meteren å tackler Ståle, ballen går til Tarjei som skyt utafor det opne målet
61 min Godt frisparkoppspel av Knut Ivar Bjørlykhaug. Ballen havnar til slutt hos Kristian Søviknes som skyt utafor frå 20 meter
64 min Godt slått frispark av Kristian. Tarjei stussar like utafor lengste stolpe.
87 min Kristian får annullert eit mål for hands. Tvilsamt!
91 min Eivind Fjørtoft header inn 3-1 på eit innlegg frå Ståle.