Larsnes/Gursken – Norborg 2-2

Larsnes/Gursken – Norborg 2-2 (2-2)
Larsnes stadion, 01.06.06

10 sjansar 14
7 hjørnespark 2

0-1 Ståle Hurlen (4)
0-2 Kristian Søviknes (11)
1-2 Asle Johansen (27)
2-2 Andreas Brune Rekdal (39)

Dommar: Frank Hansen (Godøy)

Tre beste:
Ståle Hurlen – 7
Steffen Grytten – 7
Tarjei Urkedal – 7

Laget: Kurt Erik Grytten – Christian Søvik, Knut Ivar Bjørlykhaug, Steffen Grytten, Stein Erik Reitan – Asgeir Kalvø, Kristian Søviknes, Tarjei Urkedal, Adrian Håbet (Roger Grytten, 78) – Lennart Holmem, Ståle Hurlen

Norborg fekk ei perfekt opning i bortemøtet med Larsnes/Gursken og leia 2-0 etter dryge ti minutt etter mål av Ståle Hurlen og Kristian Søviknes. Men heimelaget kom tilbake og like før pause stod det 2-2. Trass store sjansar etter pause enda kampen 2-2.

Norborg mangla ein del spelarar i denne kampen, men starta forrykande og tok leiinga ved Ståle Hurlen allereie i det 4. minutt då han lobba over keeper Vebjørn Sjåstad etter framspel av Adrian Håbet. Like etter var Lennart Holmem nær ved å auke leiinga med eit skot frå 16 meteren, men Sjåstad var med på notene. Heimelaget var heller ikkje ufarleg og fekk tre hjørnespark på rad etter at Kurt Erik Grytten slo eit langskot frå Andreas Rekdal ut over kortlinja. Den tredje corneren enda med ei heading over frå kloss hald, og “GuLars” kunne notere sin første store sjanse.

Norborg var likevel det førande laget dei første 20 minutta, og etter 11 minutt var Lennart Holmem felt. Kristian Søviknes sette straffa sikkert i mål til 2-0, og dei fleste trudde på storsiger til oransjetrøyene. Norborg fortsette å skape store sjansar. Etter eit kvarters spel vart Ståle nok ein gong spelt igjennom av Adrian, men Ståle kom litt for langt ut mot høgresida då han skulle drible av keeper. Avslutninga vart dermed ufarleg.

Heimelaget kjem tilbake
Heimelaget fortsette å skape sine mogelegheiter på dødballar, men kom stadig meir med i banespelet. Knappe tjue minutt før pause kom så reduseringa då Asle Johansen putta frå kloss hald. Dette ga GuLars endå meir håp, og dryge fem minutt før slutt dunkar aktive og gode Andreas Rekdal inn utlikninga frå 15 meter. Norborg får ein siste sjanse til å leie ved pause då Kristian spelar igjennom Ståle, men keeper Sjåstad vann duellen.

Mange brente sjansar
I 2. omgang var det Norborg som skapte det aller meste, og hadde åtte kvalifiserte sjansar som ein ikkje greidde å omgjere i mål. Ståle hadde nok dei fleste og dei største, men fekk berre ballen i nettmaskene ein gong. Det var i sluttminutta, men då vart det sjølvsagt avblåst for offside. Elles hadde Lennart Holmem, Asgeir Kalvø, Tarjei Urkedal og Christian Søvik store sjansar, men endten så gjekk avslutninga utafor eller så var ein dyktig Sjåstad på plass.

Stortalent nær matchvinnar
Heimelaget var heile tida fullt på høgde i banespelet, men greidde stort sett berre å kome seg til halvsjansar etter kvilen, men tre minutt før full tid såg nær sagt alle ballen i mål på eit skot frå Andreas Rekdal. Heldigvis for Norborg strauk ballen utsida av stolpen.

Dette var ein kamp Norborg absolutt burde ha fått med seg tre poeng i. Sjølv om heimelaget óg fekk mange sjansar, spesielt i 1. omgang, så hadde Norborg dei klaraste. Diverre så blir ein for lite nøyaktig i dei avgjerande fasane i kampen.

Vanskeleg å finne nokon som spesielt utmerka seg hos Norborg i denne kampen. Ståle Hurlen skal ha ros for at han kom seg til så mange sjansar, men også trekk for at han berre scora eitt mål. Steffen Grytten var den stødigaste i forsvaret og vann mange duellar mot to vanskelege spissar.

Norborg sin neste kamp er heime mot Hovdebygda torsdag 8. juni kl. 1830.