Norborg – Rollon 0-1 (0-0)
Uggedal stadion, 16.06.05
3 sjansar 7
2 cornere 3
0-1 Alf Petter Årdal (62)
Tilskodarar: 247 betalande
Dommar: Tove Marie Tandstad (VRF) – 6
Ass. dommarar: Atle J. Hole (VRF) og Roy Mathisen (Stranda)
Norborg sine tre beste:
Øyvind Farstad – 6
Stein Erik Mårstøl – 6
Kim Idar Krogsethagen – 6
Laget: Kurt Erik Grytten – Knut Ivar Bjørlykhaug, Steffen Grytten, Asgeir Kalvø (Øyvind Farstad, 6) – Eirik York, Stein Erik Mårstøl , Tarjei Urkedal , Stein Erik Reitan (Edward Laverton, 80) – Ståle Hurlen (Geir Ove Grønli, 75), Kim Idar Krogsethagen, Edward Laverton (Jan Even Drønnesund, 46)
Norborg måtte nok ein gong sjå seg slått med eitt mål heime i Uggedalen. Rollon viste seg som hakket betre enn oransjetrøyene og vann i så måte fortent, men Norborg hadde eit par sjansar på slutten som kunne og burde ha gitt poeng.
Norborg gjekk ut i ein 3-4-3 formasjon i denne kampen for å prøve å legge eit kraftig trykk på Rollon, men oppspela vart for upresise til at taktikken lykkast fullt ut.
Norborg først frampå
Kampen sine første 15 minutt var prega av mykje kjemping, lite fint spel og ingen sjansar. Heimelaget hadde likevel eit visst press og i det 17. minutt får Norborg kampen sin første sjanse då Ståle Hurlen vinn ballen nede ved hjørnefalgget, forserer mot mål og får avsluttet fra 10 meter, men keeper Bjørnar Hoel får slutt til corner. På det påfølgjande hjørnesparket vil Norborg ha straffe da ein Rollon-spelar slår ballen med handa i duell med Kim Idar Krogsethagen, men dommar Tandstad får ikkje med seg situasjonen.
Store Rollon sjansar
Ved halvspelt omgang startar Norborg å gjere enkle feil, og Rollon får to store sjansar. Først kjem Alf Petter Årdal og Johan Strand aleine mot keeper Kurt Erik Grytten, men avslutninga er for svak og Kurt Erik har få problem med å redde. Minuttet etter ryddar Kurt Erik og Knut Ivar Bjørlykhaug opp i siste sekund då Rollon spelar seg fint fram på høgresida.
Etter desse farlege Rollon sjansane la Norborg om til sin vande 4-4-2 formasjon. Diverre vart Asgeir Kalvø skada (overtrakk) tidleg i kampen så Tarjei Urkedal måtte vikariere på høgreback dei siste 20 minutta av omgangen. Dette gjorde at Norborg mista litt sting framover på bana, og Rollon fekk eit betre tak på midtbana.
Etter ein halvtime spel kjem Rollon seg til sin tredje målsjanse då Knut Ivar glir, men nok ein gong er avslutninga svært svak og går til side for mål. I sluttminutta av 1. omgang sende Steffen Grytten av ein susar frå 35 meter som stryk stolpen.
Rollon i førarsetet
Rollon startar 2. omgangen best, og kjem seg til ein god sjanse etter ei svak klarering av Norborg. Jan Even Drønnesund får slått skotet frå 14 meter ut til ein resultatlaus corner. Men Rollon var det førande laget og kom stadig nærmare mål. I det 62. minutt lykkast så også kvittrøyene fra Larsgården då Alf Petter Årdal er vaken frampå og puttar ein retur frå keeper i mål.
Svær Norborg sjanse
Knappe ti minutt seinare får Norborg og Kim Idar ein gedigen sjanse etter ei tabbe i Rollon sitt forsvar. Aleine med keeper Hoel tek Kim Idar seg god tida, driblar keeper og har berre å klinke ballen i nota, men diverre nølar storscoraren og eit par Rollon-forsvarar kjem seg på plass og får blokkert skotet. Returen går ut til Ståle, men ballen har ein enorm skru så han misser mottaket. Ballen går så ut til Eirik som dunkar ballen langt til side frå mål frå 16 meters hald. Ein utruleg stor sjanse som vi trur Kim Idar hadde putta lett på 9 av 10 forsøk.
Feil innstilt
Dei neste minutta er det Rollon som står for underhaldinga og får tre bra sjansar utan resultat. Nærmast var Stein Arve Skoge då han traff stolpen. I sluttminutta greier Norborg å legge eit visst press på Rollon, og får også ein stor sjanse då Jan Even spelar opp til Edward Laverton, som brukar farta si, kjem seg ned til dødlinja og får lagt inn til Eirik. Diverre så var skotfoten til “Babb” langt frå innstilt denne dagen og avslutninga frå 14 meter går eit par meter til side for mål. Dermed endar kampen med 1-0 siger til bortelaget.
Den største forskjellen på Norborg og Rollon i denne kampen var at Rollon spelar fotball, mens Norborg sparkar. Rollon imponerte etter pause med godt pasningsspel og god rørsle. Norborg sine spelarar opptrer med stor innsats, men diverre så er ein altfor stressa med ball i beina og vel ofte feil løysingar.
Trenar Øystein Haugan hadde følgjande kommentar etter kampen; – vi får ikkje lønn for strevet. Vi hever oss frå sist kamp, men møter her eit veldig godt lag og får ikkje med oss poeng. Likevel, eg trur at dersom vi klarer å halde dette nivået så kjem poenga. All honnør til spelarane for innsatsen.
Best på Norborg i denne kampen var innbyttar Øyvind Farstad og midtbaneelegant Stein Erik Mårstøl.
Dommar Tove Marie Tandstad med assistentar gjorde ein bra jobb i Uggedalen denne torsdagskvelden.
Oransjetrøyene har spelefri komande veke og har dermed god tid til å finne humør og form fram til neste kamp heime mot Vigra 30. juni kl. 1830.