Norborg – Valder 0-3

Norborg – Valder 0-3 (0-1)
5 sjansar 8
6 hjørnespark 11
2
0
0 0

Arena: Norborg gras, 08.05.03

Tilskodarar: 115

0-1 Tom-Gøran Jønsson (37)
0-2
Tom-Gøran Jønsson (49)
0-3
Tom-Gøran Jønsson (67)

Kenneth Vegsund, Norborg
Morten Kalvø, Norborg

Dommar: Morten Berge Digernes, Bergsøy -6
Assistendommarar: Frode Ramsvik, Spjelkavik, og Geir Olav Øien, N.E.G.

Tre beste på Norborg:

Morten Kalvø -8
Stein Erik Reitan -8
Christian Søvik -8

Laget:
Geir Roar Gamlem

Christian Søvik
Kenneth Vegsund
– (Asgeir Kalvø, 74)
Morten Kalvø
Stig Wold

Eirik York
Jan Vatnehol
– (Gustavo, 57)
Stein Erik Reitan
Steffen Grytten
– (Alexander Gamlem, 64)

Kim Idar Krogsethagen
Geir Ove Grønli
– (Edward Laverton, 74)

Topplaget Valder vart som venta for sterke for Norborg i denne kampen, og tok til slutt ein komfortabel siger. Men Norborg hang godt med før Tom-Gøran Jønsson kontra inn to mål, eitt like før pause og eitt like etter. Etter dette vart alt ein formalitet for Valder, og Jønsson fullførte hat-tricket sitt.

Mange fråfall
Av dei som var med mot Ellingsøy i sist kamp mangla Kristian Søviknes (strekk), Christopher Urkedal (skada), Roger Grytten (skule) og Tarjei Urkedal (militæret).

Kim kule i aluminiumet
Valder startar kampen med å gå rett i angrep og skaffar seg to hjørnespark, som vert resultatlause. Etter denne opninga frykta tilskodarane at dette skulle bli tøft, men Norborg rista av seg nervane og tok kommandoen i kampen. Etter 4 minutt får Norborg frispark cirka 20 meter frå mål. Kim Idar Krogsethagen leita fram god foten og dunkar ballen i tverrliggaren og ned. Eit knallhardt skot som hadde fortent ein betre lagnad. Berre nokre minutt etter er Norborg igjen frampå. Ballen blir slått inn i 16 meteren mot Geir Ove Grønli, men headinga hans frå 7-8 meters hald blir redda nede ved stolperota.

Ni hjørnespark – null mål
Etter dette blir stikkordet hjørnespark. Valder får corner etter corner, men Norborg har full kontroll på alle dei ni forsøka som Valder fekk i denne omgangen. Norborg på si side slit med å få til pasningsspelet og skaper ingenting.

Etter ein halvtimes spel skaper Valder sin første skikkelege sjanse i kampen. Laget har fått innkast på si høgreside. Ballen går inn i 16 meteren der ein Valderspelar får stå heilt aleine å skyte, men heldigvis for heimelaget gjeng det utafor.

Valderkontring ga mål
Men etter 37 minutt tek Valder leiinga. Norborg er i angrep med mange mann då det nok ein gong blir slått ei unødvendig feilpasning. Valder seie takk og sette i gang ei svært god kontring. Sindre Uggedal fører ballen fram og slår perfekt igjennom til lynraske Tom-Gøran Jønsson, som enkelt lobbar ballen over Geir Roar Gamlem og i mål. Like før pause er Valder igjen frampå, men Kenneth Vegsund får beina ballen til corner.

Alt i alt ein jamn 1. omgang der Norborg så absolutt haldt følgje med topplaget Valder, men Valder var mest effektive på dei få sjansane som vart skapt.

Gigantiske Norborg-sjansar endar med baklengs
2. omgang startar med ein farleg sjanse til Valder, men Geir Roar får redda. Norborg flytta så opp laget og etablera eit press på Valder. Noko som resulterar i ein dobbeltsjanse, men både Geir Ove Grønli si heading og Steffen Grytten sitt tåspark blir redda på strek, og Valder får klarert til hjørnespark. Ballen vil rett og slett ikkje inn for Norborg i kveld og då ein ser ut til å koble grepet om Valder kontrar blåtrøyene inn 2-0. Ballen blir slått langt opp, Tom-Gøran Jønsson og Morten Kalvø kjem i løpeduell, den vinn Jønsson og klinkar ballen i mål like under tverrliggaren frå ca. 25 meter. 2-0, mot spelets gang.

Valder på cruisekontroll
Etter målet fell Norborg sin innsats og Valder sette på cruisekontrollen. Ved halvspelt omgang blir kampen punktert ein gong for alle. Norborg sine spelarar står å ventar på at dommaren bles offside, noko som ikkje skjer, og Jønsson trillar ballen enkelt i mål bak Geir Roar. Det siste kvarteret skaper Valder eitt par sjansar mot Norborg sin eine. Norborg sin kjem etter ein god corner frå Eirik York som Christian Søvik headar utafor frå god posisjon.

To strake tap
Norborg gjekk altså på sitt andre strake tap, og må no berre sjå framover og finne igjen spelegleda. Sjølv om Valder var det beste laget og vann 3-0 kunne det med litt flaks ha blitt poeng i dag. Norborg hadde sine sjansar til både å ta leiinga og seinare utlikne, men diverre var ikkje marginane på oransjetrøyene si side.

Kvar er kantspelet?
I dag vart pasningane for upresise, samt at ein brukar for lang tid til å få kontroll over ballen. I tillegg må ein prøve å skape overtalssituasjonar på kantane og få slått ballen inn framfor mål. Når ein har ein spiss som Geir Ove Grønli som vinn 9 av 10 hovudduellar, og som er avhengig av å forast med innlegg, må dette gjerast. Det var dette som var vinnarresepten i fjor, og ein må snarast finne tilbake til den.

Stein Erik Reitan, Morten Kalvø og Christian Søvik var heimelaget sine beste spelarar i denne kampen, medan rutinerte og gode Tom-Gøran Jønsson på Valder var kampen sin store spelar.

Neste kamp for Norborg er bortemøtet med Stranda om ei veke. Ein kamp som skal vinnast!