Norborg leverte heroisk innsats og vann 3-1 over Godøy under nydelege speletilhøve på Uggedal stadion i kveld. Etter rolege opningsminutt fekk vi sjå ein periode med Norborg dominans som resulterte i to mål. Anders Toven gjorde 1-0 etter corner i det 13. sepeleminutt, medan Ruben Holmeset dobla på eit velplassert skot frå 16 meter i det 17. minutt. Godøy kom inn i ein god periode rundt halvtimen og fekk også ein ball i mål etter corner. Ole Martin Fevåg ga Norborg ein god start på 2. omgang då han var vaken frampå og tuppa inn ein retur etter frispark frå Lars Mikalsen. Sjansemessig lenge ein rolegare 2. omgang enn den første, men mot slutten kom Godøy seg til nokre gode mogelegheiter, men Norborg haldt stand. Norborg har no tatt 7 poeng på dei 3 siste kampane og nærmar seg midten av tabellen. Meir kjem..