Norborg/Ravn – Lepsøy 3-2

Norborg/Ravn – Lepsøy 3-2 (0-1)
Treningskamp damer 7’ar, Uggedal grus, 11.03.05

0-1 Kristin Nonsvik (16)
0-2 Kristin Nonsvik (78)
1-2 Jannicke S. Gjerseth (81)
2-2 Jannicke S. Gjerseth (83)
3-2 Jannicke S. Gjerseth (86)

Norborg/Ravn sitt damelag tok til slutt sigeren i ein jamspelt kamp mot Lepsøy på Uggedal grus fredag ettermiddag. Det så likevel stygt ut for oransjetrøyene då Kristin Nonsvik scora sitt andre mål for dagen dryge ti minutt før slutt, men då tok Jannicke Gjerseth ansvar å scora hat-trick på 5 minutt.

Norborg mangla en del spelarar til denne kampen. Både toppscorar Camilla Krogsethagen, årets spelar 2004 Terese Brusdal og Frida Ahrens mangla.

I 1. omgang hadde Norborg/Ravn dei fleste avslutningane, men ballen ville ikkje i mål. To treff i aluminiumet, samt eit brent straffespark var det nærmaste oransjetrøyene kom mål. Lepsøy på si side greidde å overliste den innlånte juniorstopparen Kjell Terje Brusdal ein gong. Alt i alt ein jampspelt omgang der N/R hadde fortent uavgjort til pause.

I 2. omgang virka Grytafjord-laget litt slitne og Lepsøy skapte det meste som var av sjansar. Dryge ti minutt før slutt auka så også Kristin Nonsvik øyingane si leiing til 2-0. Slaget såg ut til å vere tapt for N/R, men då vakna Jannicke Gjerseth. Først redusera ho på eit velplassert skot, så utliknar ho på eit soloraid frå midtbana og så gir ho Norborg/Ravn leiinga frå kloss hald etter ei pasning frå Camilla Johansen. Mellom andre og tredje målet var også Sandra Larsen svært nær eit mål då ho testa skotfoten frå midtbana, men det knallharde skotet gjekk diverre i tverrliggjaren.

Dermed vart det 3-2 og ei god opning for felleslaget til Norborg og Ravn. Mange på laget som gjorde ein positiv kamp, men skal vi trekke fram nokren må det blir Jannicke, Sandra og Jennifer.

Laget: Kjell Terje Brusdal, Inger Ann Søvik, Alice Pettersen, Anne Mari Lausund, Jannicke Gjerseth, Jennifer Garret, Sandra Larsen, Camilla Johansen, Henriette Johannessen, Solveig Tennfjord.