Hareid og Hødd2 avslutta den 8. serierunda i kveld med 2-3 siger til laget frå Ulsteinvik. Ørsta og Emblem spelte sin kamp i runde 11 i kveld og det enda med 6-0 til Ørsta. Ronald Søvik Olsen har tatt over leiinga i vår tabellkonkurranse.
Category Archives: Ukategorisert
Johansen topper tabellkonkurransen
Stilling tabellkonkurranse!
Stilling tabellkonkurranse runde 5
Stilling tabellkonkurranse runde 3
Stilling tabellkonkurranse
Sluttspurt for Norborg Fleirbrukshall
Det manglar i underkant av 100.000,- av dei 15 millionane i lokalfinansieringen av Norborg Fleirbukshall. Ver med å støtt finansieringa på spleis.no.
Stilling tabellkonkurransen 1. runde
Vi har registrert 45 godkjente forslag i vår tabellkonkurranse for 4. divisjon. Dei fleste (29 stk.) har tippa Bergsøy som vinnar av divisjonen. Rollon (5), Volda (4), Hødd2 (3), Blindheim (2), Norborg/BIL2 (1) og Emblem (1) er dei andre som har blitt tippa på 1. plass. I motsett ende av tabellen finn vi flest forslag med Hareid. 22 stk. har dei på botnen, medan Larsnes/Gursken (9), Blindheim (7), Emblem (4), Ørsta (2) og Norborg/BIL2 (1) er andre lag som har blitt tippa på sisteplass.
Vi vil etter kvar runde kome med dei ti best plasserte forslaga. Etter 1. serierunde er stillinga slik:
Vekeslutt
Tor Grande og Endre Kalvø fekk før A-lagskampen på torsdag utdelt plakett for “Årets innsatspris 2018”. Begge har gjennom mange år stått for vedlikehaldet av banene i Uggedalen. Ingmar Seth fekk samstundes plakett for “Årets supportar 2018”. Vi gratulerer alle tre.
Dei aldersbestemte sidene på heimesida er no oppdatert med lagbilete og kontaktinfo.
Norborg J13 starta sesongen med å vinne 20-0 over Harøy på tysdag der Luna Volstad stod for heile 7 av måla. Søndag følgte dei opp med 2-0 siger borte mot Herd. Dermed full pott og tabelltopp!
Eirik Valaker Røren (17) har meldt overgong frå Brattvåg til Norborg. Vi ønsker han velkomen heim.
Trimgruppa har no registrert alle dei 22 fjellpostane i Georeg. Last ned appen på telefonen din og registrer deg på heimesida til Georeg. Når du er på fjellposten så går du inn på appen og registrerer turen din. Når du har kome heim i godstolen med laptopen på fanget kan du logge deg inn på georeg.no å sjå poenga dine for turen. Norborg.com testa systemet i helga og er godt nøgd med at trimgruppa har fått på plass dette systemet.
Norborg Magasinet 2019
Alle husstandane i Norborgland skal no ha fått “Norborg Magasinet” i si postkasse. Interesserte utanfor Norborgland kan lese magasinet i pdf form her.