Rekrutteringsdommarkurs 17. september

Tysdag 17. september arrangerer Sunnmøre fotballkrets rekrutteringsdommarkurs for dei som er 20 år eller eldre, med erfaring som spelar, trenar eller anna rolle rundt fotballen. Kurset vert halde digitalt på Teams, men alle deltakarar må ha gjennomfør e-læringsdelen på førehand. Deltakarane kan også rekne med å kome i sving med dømming raskt etter gjennomført kurs. Les meir på krinsen si nettside.

Trykk her for:
Påmelding og meir informasjon om kurset.

Surt tap mot Valder

Norborg måtte torsdag kveld sjå seg slått 1-2 av Valder på Uggedal stadion. Etter ein mållaus 1. omgang sendte Oskar Telvik Valder i føringa eit kvarter ut i 2. omgang. Valder var også nær å doble leiinga før Norborg vakna og sette inn eit trykk som til slutt gav utlikning ved NikolaI Jensen i det 77. minutt. Banens beste Per Kristian Grytten Søvik var nær å sende Norborg i føringa nokre minutt seinare, men avslutninga gjekk i stolpen. I staden er det Michael Akslen som gir Valder 1-2 i angrepet etter. Norborg gav det eit forsøk på slutten, men makta ikkje å få med seg poeng. Les meir..

Vågnes og Grytten til Norborg

Eirik Koppen Vågnes og Steffen Grytten har meldt overgong frå henhaldsvis Brattvåg og Fjørtoft. Begge er velkjende andlet i Uggedalen. Vågnes har 69 kampar for det tidlegare samarbeidslaget Norborg/Brattvåg2, medan Grytten har 296 kampar for Norborg frå 2001 til 2016.

God glid mot Godøy

Etter is i rubben i ein treningskamp mot HaNo for ei drøy veke sidan, så var det god glid i Sunnmørsposten Cup-kampen mot Godøy i Uggedalen søndag kveld. Sidan Godøy spelar ein divisjon under Norborg så starta dei kampen med eit straffespark som vart sett i mål av Simen Støbakk Valkvæ. Deretter var det berre Norborg som ikkje gav seg før det stod 7-1. Anders Toven utlikna dryge ti minutt ut i kampen før Robert Dulgheru presenterte seg. Først sette han inn 2-1 på straffespark etter at Kristoffer Søviknes vart felt. Så scora han på eit skot frå 18 meter. I sluttminutta av 1. omgang var først ein Godøy-spelar uheldig å sette ballen i eige mål på corner for Dulgheru sette inn sitt tredje for dagen. Dermed 5-1 til pause. 2. omgang vart langt rolegare, men far Marius Dulgheru gjorde 6-1 før Kristoffer Søviknes fastsette sluttresultatet til 7-1 på ei klassescoring der han tok ned ballen på brystet og klinka den i lengste. Dette var for øvreg Norborg sin største siger over Godøy nokon sinne i dei 52 offisielle kampane ein har hatt mot dei sidan det første møtet i 1971. Norborg møter Sula i neste runde, også det eit lag som spelar i 6. divisjon.

Open dag på stadion!

Laurdag 14.oktober blir der open dag på Uggedal Stadion!

Det er eit heilt gratis arrangement som er opent for alle. Om ein vil spele fotball med familien, venar eller
berre for seg sjølv kan ein kome. Det blir utlån av ballar frå klokka 12 til klokka 14. Her er inga begrensing i alder.
Det er heller ingen påmelding, så kom som du er.

Vi håpar du tar med deg nokon du kjenner, og blir med på ein leiken dag med fotball. Det kan hende det blir kiosk!

Er det nokon som ynskjar å begynne med organisert fotball no, eller etter den opne dagen, må ein berre ta kontakt med
leiar Lena Toven (402 37 404), eller trenarrettleiar Marius Koch Rogne (481 00 098).