
Norborg/Brattvåg2 slo tilbake etter nedturen mot Blindheim sist veke og vann 1-2 borte mot SIF/Hessa i det som var Norborg sin seriekamp nr. 1000 sidan starten i 1968. Det starta likevel ikkje så bra for oransjetrøyene. Etter at begge lag hadde hatt sine forsøk i opningsminutta gjorde Mathias Sandø 1-0 for heimelaget eit kvarter ut i kampen då Sondre Kjølsøy kom seg rundt på høgrekanten og la flatt inn til Sandø som putta frå kloss hald. Omgangen var jamn og kunne med marginar sett fleire mål enn det eine som kom. Heimelaget opna best etter pause, men keeper Ronald Søvik Olsen tok fram det beste i seg og hindra mål. I staden er det Anders Toven som header inn utlikna etter corner av Martin Fylling Koch. Norborg er no på hogget og nokre minutt seinare peikar dommar på straffemerket etter at ein SIF-spelar handsar i straffefeltet. Thomas Aarsund sette straffa sikkert i mål. Begge lag hadde sine sjansar den siste halvtimen, men fleire mål vart det ikkje. Dermed tre herlege poeng heim til Haramshalvøya. Trenar Marius Rogne var sjølvsagt ein glad mann etter kampen: – Godt å slå tilbake med tre poeng. Vi er ikkje strukturert nok i 1.omgang sjølv om vi skaper nokre gode sjansar. Vi finn tilbake til vår “fighting spirit” utover i kampen og kjempa inn sigeren. Så er det berre å takke vår bestemann Ronald Olsen for at han gjer det mogeleg for oss å ta sigeren. Heia Norborg, sa trenar Marius Rogne etter kampen.
Kampreferat.
Category Archives: Nyheiter Herrer A
Seriekamp nummer 1000!
Norborg/Brattvåg2 tek fredag turen til Siffen for å møte 4. divisjons topplag Skarbøvik/Hessa. Dette er Norborg sin seriekamp nr. 1000 sidan starten i 1968. Oransjetrøyene får frå sist tilbake Ronald Søvik Olsen og Tobias Flem Hellem frå skade, medan Ivan Håvik Berntsen er tilbake frå sjøen.
Kampstart kl. 1830.
Skuffande av Norborg/Brattvåg2
Norborg/Brattvåg2 måtte sjå seg slått 1-4 av Blindheim på Uggedal KGB torsdag kveld. Gjestane gjekk aggresivt til verks og nedkjempa vertane frå første sekund. Etter først å ha sett eit skot gå i stolpen og så bli snytt for straffe lykkast Johannes Tjøstheim å få ballen i mål for dei kvite og svarte når eit drygt kvarter var spelt. Alexander Lillebø raga høgast på ein corner like før halvtimen og dobla leiinga før Peter Frostad utnytta nølande spel og la på til 0-3 like før pause. Oransjetrøyene løfta seg etter pause og reduserte ved Ådne Hellandsvik, men håpet vart kortvarig for to minutt seinare sette Stian Skaar inn 1-4. Norborg hadde nokre gode sjansar den siste halvtimen, men kom ikkje nærmare enn Hellandsvik sitt skot i tverra fem minutt før slutt. Dermed var årets første tap eit faktum.
Kampreferat.
Kochelerte seg til topps!

Norborg/Brattvåg2 og Martin Fylling Koch fann til slutt sigersoppskrifta og vann heile 5-1 over Emblem i kveldens 4. divisjonsoppgjer i Uggedalen. Etter ein særs keisam og mållaus 1. omgang vakna kampen verkeleg til liv etter pause. Emblem starta omgangen med å få straffe før 30 sekund var spelt. Daniel Stensøe sette den sikkert i nota til 0-1. Heimelaget tok så gradvis over banespelet og med to raske mål snudde Martin Fylling Koch kampen. Raskt gjekk det også for Emblem å sikre seg to raude tjue minutt før slutt. Med 9 mot 11 vart det sjølvsagt tøft for gjestane, men i minutta etter utvisningane yppa dei seg og vart snytt for straffe eit kvarter før slutt. Norborg fekk til slutt orden i rekkene og etter at ein Emblem spelar styrte eit innlegg frå Martin Koch i eige mål, var det ingen tvil kvar alle poenga skulle gå. Eirik Vågnes gjorde 4-1 etter innlegg frå Koch, før Koch sjølv sette inn sitt tredje etter eit 50 meters løp. Dermed 5-1 og tabelltopp fram til resten av runda blir spelt fredag.
Kampreferat
Poengdeling i serieopninga
Bergsøy – Norborg/Brattvåg2 1-1 (0-1)
4. divisjon, Havila stadion, 22.04.2022
0-1 Eirik Koppen Vågnes (21)
1-1 Sjølvmål (53)
På sitt sjuande forsøk tok Norborg endeleg sitt første bortepoeng mot Bergsøy då ein haldt bylaget til 1-1. Heimelaget hadde banespelet stort sett i 90 minutt, men greidde aldri å finne vegen til nettmaskene. Det var nemleg Norborg som scora begge måla. Eirik Koppen Vågnes ga oransjetrøyene leiinga midtvegs i 1. omgang, medan Tobias Jensen var uheldig å sette ballen i eige mål kort tid etter pause.
Laget: Ronald Søvik Olsen (Sander Arntsen, 65) – Stian Fjørtoft Klokk (Ådne Hellandsvik, 60), Tor Abelseth, Anders Toven, Jesper Vos – Igor Leonovs, Tobias Jensen, Eirik Koppen Vågnes (Klokk, 89) – Thomas Eriksen Aarsund, Magnus Otterlei, Martin Fylling Koch.
Gruppevinnar i OBOS-cup

Norborg/Brattvåg2 – Rollon 2-0 (1-0)
Uggedal KGB, 21.03.2022
1-0 Martin Fylling Koch (26)
2-0 Eirik Koppen Vågnes (71)
Norborg/BIL2 vann 2-0 over 4. divisjonskollega Rollon og vann dermed gruppa si i OBOS-cup med tre strake sigrar (ein av dei på walk-over). Rollon hadde ballen mest, men heimelaget var aggressive og ville mest i denne kampen. Martin Fylling Koch scora sitt 6 mål på 2 kampar i denne fotballmessige langhelga for dei oransje. Eirik Vågnes fastsette sluttresultatet med si scoring tjue minutt før slutt.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Tobias Flem Hellem, Tor Juul Abelseth, Anders Toven, Stian Fjørtoft Klokk – Igor Leonovs, Tobias Jensen, Eirik Koppen Vågnes – Magnus Otterlei, Thomas Eriksen Aarsund, Martin Fylling Koch. Innbytarar: Sander Skår Arntsen, Jesper Vos, Henrik Otterlei Hurlen og Lars Alvestad Mikalsen.
Tabell
Storsiger i OBOS-cup

Norborg/Brattvåg2 – Blindheim 8-3 (2-2)
Uggedal KGB, 18.03.2022
1-0 Thomas Eriksen Aarsund (16)
1-1 Johannes Hanken Tjøstheim (26)
1-2 Tjøstheim (27)
2-2 Martin Fylling Koch (45)
3-2 Koch (49)
4-2 Magnus Otterlei (53)
4-3 Noah Ekroll Solberg (55)
5-3 Aarsund (60)
6-3 Koch (65)
7-3 Koch (70)
8-3 Koch (80)
Norborg/Brattvåg2 gjorde ein fenomenal 2. omgang og knuste Blindheim 8-3 i OBOS-cup på Uggedal KGB fredag kveld. Martin Fylling Koch vart kampen sin store spelar med heile 5 mål. Samarbeidslaget skal allereie på måndag ut i ny OBOS-kamp. Då ventar Rollon i Uggedalen kl. 1830.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Tobias Flem Hellem, Tor Juul Abelseth, Anders Toven, Stian Fjørtoft Klokk, Igor Leonovs, Tobias Jensen, Eirik Koppen Vågnes, Thomas Eriksen Aarsund, Magnus Otterlei, Martin Fylling Koch. Innbytarar: Jesper Vos, Henrik Otterlei Hurlen og Lars Alvestad Mikalsen.
OBOS Cup Menn Nivå A
Aarsund og Vågnes toppscorarar
Thomas Aarsund og Eirik Vågnes vart toppscorarar for Norborg/Brattvåg2 i årets 4. divisjon med tre mål kvar. David Sissoko vart assistkongen med 3 målgjevande på dei 4 kampane han var med.
| Spelar | Mål | Spelar | Assists |
| Thomas Aarsund | 3 | David Sissoko | 3 |
| Eirik Vågnes | 3 | Eirik Vågnes | 2 |
| Martin Fylling Koch | 2 | Ådne Hellandsvik | 2 |
| Igor Leonov | 2 | Thomas Aarsund | 1 |
| Per Kristian Helle Hildre | 2 | Per Kristian Søvik | 1 |
| Magnus Otterlei | 2 | Martin Fylling Koch | 1 |
| Jeppe Mogensen | 1 | Tobias Jensen | 1 |
| Tor Abelseth | 1 | Igor Leonov | 1 |
| Tobias Jensen | 1 | Henrik Hurlen | 1 |
Vågnes spelte mest
Eirik Koppen Vågnes fekk mest speletid i 4. divisjon for Norborg/Brattvåg2. Han starta samtlege 11 kampar og fekk totalt 966 minutt av totalt 990. Martin Fylling Koch fekk også speletid i samtlege kampar, men må sjå seg slått av Igor Leonov og Tobias Jensen i total speletid. Totalt fekk 28 spelarar speletid.
| SPELAR | FRÅ START | INNBYTTE | MINUTT | |
| 1. | Eirik Vågnes | 11 | 0 | 966 |
| 2. | Igor Leonov | 9 | 1 | 836 |
| 3. | Tobias Jensen | 9 | 0 | 756 |
| 4. | Martin Fylling Koch | 10 | 1 | 751 |
| 5. | Ådne Hellandsvik | 7 | 1 | 662 |
| 6. | Tor Abelseth | 7 | 1 | 647 |
| 7. | Ulrik Havnsund | 7 | 0 | 602 |
| 8. | Thomas Aarsund | 7 | 0 | 593 |
| 9. | Sander Arntsen | 6 | 2 | 575 |
| 10. | Jesper Vos | 5 | 3 | 531 |
| 11. | Ronald Søvik Olsen | 5 | 0 | 440 |
| 12. | Magnus Otterlei | 4 | 3 | 422 |
| 13. | Kjell Terje Brusdal | 4 | 360 | |
| 14. | Per Kristian Søvik | 4 | 2 | 316 |
| 15. | David Sissoko | 4 | 315 | |
| 16. | Henrik Hurlen | 3 | 2 | 305 |
| 17. | Anders Toven | 2 | 4 | 279 |
| 18. | Nikolai Jensen | 3 | 0 | 270 |
| 19. | Stian Fjørtoft Klokk | 2 | 5 | 254 |
| 20. | Per Kristian Helle Hildre | 2 | 1 | 215 |
| 21. | Fredrik Hurlen | 2 | 1 | 200 |
| 22. | Ruben Holmeset | 2 | 1 | 128 |
| 23. | Benjamin Sveinsson | 1 | 72 | |
| 24. | Marius Refsnes | 1 | 72 | |
| 25. | Jeppe Mogensen | 1 | 45 | |
| 26. | Peter Nielsen | 1 | 45 | |
| 27. | Torbjørn Grytten | 0 | 1 | 29 |
| 28. | Marius Rogne | 0 | 1 | 13 |
Tok poenga på bortebane
Norborg-supportarane måtte på bortekamp for å sjå brorparten av sigrane i årets sesong. Heile 7 av 10 poeng kom på bortebane. Forklaringa er såpass enkel som at ein med enkel serie møtte divisjonens beste lag på heimebane, medan ein møtte dei andre botnlaga på bortebane. Unntaket var Langevåg, som ein vann 3-1 over i Uggedalen i serieopninga.
Tabell 4. divisjon med Norborg sine resultat i parentes:
1. Hødd2 (1-4 tap heime i Uggedalen)
2. Herd (1-5 tap heime i Uggedalen)
3. Rollon (0-5 tap heime i Uggedalen)
4. Hovdebygda (3-5 tap heime i Uggedalen)
5. SIF/Hessa (5-0 tap på Siffen)
6. Bergsøy (0-8 tap i Uggedalen)
7. Larsnes/Gursken (2-1 tap på Larsnes)
8. Langevåg (3-1 siger i Uggedalen)
9. Emblem (2-2 på Ebbemyra)
10. Norborg/Brattvåg2
11. Hareid (1-2 siger på Hareidmyrane)
12. Valder (1-4 siger på Valdervoll)

