Bortekamp mot Larsnes/Gursken

Norborg/Brattvåg2 tek torsdag turen til Larsnes stadion for å jakte nye poeng. Begge laga vann sin opningskamp. “Gulars” imponerte med 2-0 på Siffen etter mål av Jørn Olsen og tidlegare Hødd-spelar Preben Alexander Sætre. NB2 varierte i prestasjonane i 3-1 sigeren over Langevåg, og må opp eit par hakk om det skal bli poeng med tilbake til Haramshalvøya. Tropp er førebels ikkje klar.

Kampstart kl. 19.

Dommar: Jan Erik Bratteberg (Ørsta)
Assistentar: Elling Haddal Våge (Hasundgot) og Nikolai Morke Rogne (Ørsta)

Andre kampar:
Emblem – Hareid torsdag
Langevåg – Hødd2 fredag
Valder – Herd fredag
Hovdebygda – SIF/Hessa fredag
Rollon – Bergsøy fredag

Siger i serieopninga

Norborg/Brattvåg2 – Langevåg 3-1 (1-0)
4. divisjon, Uggedal stadion, 13.08.2021

1-0 Thomas Aarsund (44)
2-0 Martin Koch (52)
3-0 Thomas Aarsund (55)
3-1 Filip Dubicki (78)

Sjansar: 9-7
Cornere: 6-4
Avslutningar på mål: 5-7
Avslutningar utanfor: 9-6
Avslutningar blokkert: 4-1

Ein livleg Thomas Aarsund sørga for at Norborg/BIL2 tok tre viktige poeng i serieopninga mot Langevåg. Gjestane hadde i ein periode før pause sjansebonansa mot Norborg-målet utan å score før Aarsund minuttet før pause sette inn 1-0. Eit til då flatterande resultat, men det skulle motbevisast etter kvila. Då var heimelaget på hogget og styrte kampen totalt det første kvarteret. Martin Koch scora sitt første mål i 4. divisjon då han enkelt putta ballen i tomt mål etter forarbeid av Aarsund. Aarsund sjølv fekk ein like enkel jobb med å sette inn 3-0 etter at keeper gav retur på eit skot av Eirik Koppen Vågnes. Filip Dubicki reduserte dryge ti minutt før slutt, men Langevåg var ikkje i stand til å sette inn ein sluttspurt og truga dermed aldri dei tre poenga til dei oransje.

-Kjekt å kome i gong med tellande kamp igjen og vilja er nok betre enn kvaliteten. Vi ber nok preg av at det er lenge sidan sist og trengte ei stund på å finne rytme og kvalitet i det vi gjer. Vi får med oss ei leiing inn til pause noko som gir oss ein boost til 2. omgang då vi framstår med meir sjølvtillit og tryggleik. Eg er godt nøgd med gutane og tre velsmakande poeng i ein sesong då det er ekstra viktig å få ein god start sidan det berre er 11 kampar som skal spelast, seier trenar Kristian Søviknes.
Les meir

Seriestart heime mot Langevåg

Fredag kl. 1830 er det endeleg klart for 4. divisjonsfotball i Uggedalen då “nyopprykka” Langevåg tek turen. Mykje har skjedd sidan ein slo Hareid 2-1 25. oktober 2019 og sikra 8. plass. Av dei 11 mest nytta spelarane i 2019 så står vi igjen med 4 spelarar til denne kampen. Kjell Terje Brusdal og Marius Rogne har lagt opp, Magnus Austbø Seth flytta til Trondheim hausten 2019 og har ikkje flytta tilbake, medan Ole Johan Urke har meldt overgong til Ravn.

Tor Abelseth spelte alle kampane i 2019, men er ute med skade. Gard Rogne, som spelte nest mest i 2019, er opptatt med 2. divisjonsfotball. Per Kristian Søvik må testast før kamp grunna ein skade. Dermed står vi igjen med følgjande fire spelarar: Ådne Hellandsvik, Fredrik Hurlen, Jesper Vos og Nikolai Jensen, som har flytta til Bergen for å studere, men blir med i denne kampen.

Spelarar som var delvis med i 2019, som vi får sjå meir til av i haust er Per-Kristian Helle Hildre, Thomas Aarsund og Eirik Vågnes. I tillegg så har det kome opp ein del unggutar som vil gjere seg bemerka, saman med ein profil i frå Grytastranda som tek på seg ei oransje trøye for første gong på fleire år…

Motstandar Langevåg vann 5. divisjon 2019 etter ein hard kamp mot Hovdebygda og FK Sykkylven. Laget gjekk heile sesongen utan heimetap og scora totalt 72 mål på 22 kampar. Simon Vågnes var toppscorar med 24 mål, men han har gått til Spjelkavik. Trenar Svein Arne Sunde seier til Sunnmørsposten av målet er å halde seg i divisjonen. Sunnmørsposten på si side tippar laget på 11. plass.

Sjølv om Brattvåg også spelar kamp denne dagen, så trur vi Norborg/Brattvåg2 er såpass sterke at Langevåg blir slått. Tips: H

Dommar: Martin Javier Solheim (Emblem)
Assistentar: Tor Ove Myrset (FK Sykkylven) og Jonny Dyb (Giske)

Andre kampar:
SIF/Hessa – Larsnes/Gursken 0-2
Hødd2 – Emblem Fredag
Bergsøy – Valder Fredag
Herd – Hovdebygda utsatt
Hareid – Rollon utsatt

Terminliste Norborg/Brattvåg2

Terminliste 2021:

Fredag 13.08 kl. 1830 Norborg/Brattvåg2 – Langevåg
Torsdag 19.08 kl. 1900 Larsnes/Gursken – Norborg/Brattvåg2
Fredag 27.08 kl. 1830 Norborg/Brattvåg2 – Hovdebygda
Fredag 03.09 kl. 1830 SIF/Hessa – Norborg/Brattvåg2
Fredag 10.09 kl. 1830 Norborg/Brattvåg2 – Herd
Fredag 17.09 kl. 1830 Norborg/Brattvåg2 – Hødd2
Fredag 24.09 kl. 1830 Hareid – Norborg/Brattvåg2
Fredag 01.10 kl. 1830 Norborg/Brattvåg2 – Bergsøy
Torsdag 07.10 kl. 1830 Valder – Norborg/Brattvåg2
Fredag 15.10 kl. 1830 Norborg/Brattvåg2 – Rollon
Fredag 22.10 kl. 1830 Emblem – Norborg/Brattvåg2

Treningskampar 2021

Norborg/Brattvåg2 har spelt to treningskampar etter opninga av breiddefotballen. Først vart det 6-4 siger over Emblem før det vart 2-1 tap for SIF/Hessa. Laget skal ut i fire kampar til før sesongstart i midten av august.

Onsdag 14. juli: Tomrefjord – Norborg/Brattvåg2 2-1 (0-1) Mål: Thomas Aarsund (30)
Fredag 16. juli Norborg/Brattvåg2 – Herd 2-3 (0-1) Mål: Per Kristian Helle Hildre (64), Magnus Austbø Seth (89)
Torsdag 29. juli Midsund – Norborg/Brattvåg2
Fredag 6. august Vestnes Varfjell – Norborg/Brattvåg2

Sparebanken Møre med Teft-midlar til Fleirbrukshallen!

Det jobbast iherdig med fleire prosjekt for å fylle hallen med utstyr og få dei siste brikkane i byggeprosessen på plass. Det er då med stor glede at vår lokale bank tildelte oss fantastiske 350.000,- i Teft-midlar denne uka. Midlane skal brukast til møbler og inventar, og med spesielt fokus på det med tilrettelegging for samlingsplass for ungdomen i hallen.
– Vi har stor tru på at dette vil bli ein viktig plass for barn og unge i regionen framover. Det er særs imponerande å ha fått følgt prosjektet som no realiserast, og ha sett det frivillige arbeidet som leggast ned for å skape denne arenaen. Hallen, aktivitetane som vil skapast der og dei positive ringverknadane den vil medføre for barn og ungdom i Søvik og regionen rundt er akkurat dei prosjekta vi ønsker å treffe med våre Teftmidler, seie banksjef Rune Fjørtoft.

– Vi takker for bidraget og skal gjøre vårt ytterste for å forvalte gåva til det beste for hallen og regionen vår. Det jobbast hardt med flere interessante prosjekt som skal bidra til at alle dei brukarane som venter i spenning på å skal få tatt hallen i bruk skal få ein plass å vere stolt av og få enorm glede av uttaler byggherren Norborg Anleggsutvikling AS.

Aktivitetsundersøkelse Norborg Fleirbrukshall

Norborg Fleirbrukshall gjennomfører en aktivitetsundersøkelse om bruk av hallen. Dette for å få et litt betre innblikk i hva folk ønsker å aktivisere seg med, hvor ofte og litt om når på dagen. Her er ingenting bindende, men dette er for at vi enda betre skal kunne gjøre de rette avgjørelsene med tanke på hva utstyr som må skaffes til treningsrom til dømes (stor interesse krever kanskje 3 stk. tredemølle, mens liten interesse så kan 2 stk. være nok).

Om man har flere i familien som er interessert så ber vi om at det svares en gang per person på undersøkelsen slik alle blir med i tallene våres.

Noen lurer kanskje på hva en del aktiviteter vil koste ? Alle treningsavgifter er ikke satt fra Norborg, men tanken er å legge dette lavt for å skape aktivitet og belønne de som ønsker mangfold. Har vi stor interesse så kan dette også bidra til lavere satser. Utgangspunktet våret er å dekke de driftskostnader vi har til utstyr og drift av hallen som ikke kommunen bidrar med gjennom sin avtale.

Håper mange vil svare. Både fra Norborgland, bygdene rundt oss som har interesse, og utflytta folk fra Norborgland som kan ha interesse av hallen når de er på hjemlige trakter.

Aktivitetsundersøkelse Norborg Fleirbrukshall Survey (surveymonkey.com)

Koronastøtte til Norborg – fotball

Norborg har mange utgifter, men på grunn av pandemien har viktige inntektskjelder falle bort, som til dømes båtvask. Vi vil no sette i gong årets koronadugnad for at vi skal føle oss endå meir sikker på at klubben i vårt hjarte framleis består etter situasjonen vi no er i.

Vi oppmodar deg difor til å gå inn på vår vipps #98183 og kategorien Støtt IL Norborg. Der vil dykk finne alt frå ventekaffe, luftbolle, sympatibrus og mykje anna som vi håper dykk har lyst til å kjøpe for å vere med og støtte oss.

Takk for støtta!

Perfekt start av juniorane


Juniorfotballen ruller og Brattvåg/Norborg/Harøy har fått ein perfekt start i 1. divisjon med full poengpott på dei to første kampane. Etter å ha vunne 5-2 over Blindheim sist måndag, sende ein Ørsta/Hovdebygda heim med 7-3 tap i kveld. Per Kristian Grytten Søvik og Per Kristian Helle Hildre sørga for 2-0 den første halvtimen, men gjestane kom ajour med to raske før pause. I 2. omgang viste vertane seg som klart best og gav seg ikkje før det stod 7-3. Helle Hildre scora to mål i denne omgangen. Det same gjorde Erlend Blø, som kom frå Midsund tidlegare i månaden. Eirik Koppen Vågnes scora eitt.
Tabell