Vann over Skodje

Brattvåg/Norborg sitt damelag vann 6-3 over Skodje på Uggedal KGB måndag ettermiddag. Fride Lianes ga heimelaget leiinga, men Skodje snudde til 1-2 med to raske like før pause. I 2. omgang fungerte alt mykje betre for Brattvåg/Norborg og mål av Vibecke Krogsæter, Zascha Clausen og Emma Sofie Kvammen sørga for 4-2 leiing før Skodje reduserte på straffe. Anne Margrethe Staurset og Sunniva Johansen sørga for ein komfortabel 6-3 siger.

Brattvåg/Norborg J17 spelte også kamp måndag. Her vart det 4-3 siger borte mot Aksla/Guard. Lisa Alvestad Mikalsen scora 3 mål og Emilia Zlotnicka 1.

Brattvåg/Ravn/Norborg G16 vann tysdag kveld 5-2 borte mot Ørskog/Stordal.

Damekamp i Uggedalen måndag kl. 17

For første gong sidan 2011 blir det spelt fotballkamp for damer i Uggedalen. Brattvåg og Norborg slo seg i vinter saman og meldte på eit lag i 4. divisjon. Laget vann serieopninga med 7-0 borte mot Vigra og er favorittar når ein møter Skodje på Uggedal KGB måndag kl. 17.

Kochelerte seg til topps!


Norborg/Brattvåg2 og Martin Fylling Koch fann til slutt sigersoppskrifta og vann heile 5-1 over Emblem i kveldens 4. divisjonsoppgjer i Uggedalen. Etter ein særs keisam og mållaus 1. omgang vakna kampen verkeleg til liv etter pause. Emblem starta omgangen med å få straffe før 30 sekund var spelt. Daniel Stensøe sette den sikkert i nota til 0-1. Heimelaget tok så gradvis over banespelet og med to raske mål snudde Martin Fylling Koch kampen. Raskt gjekk det også for Emblem å sikre seg to raude tjue minutt før slutt. Med 9 mot 11 vart det sjølvsagt tøft for gjestane, men i minutta etter utvisningane yppa dei seg og vart snytt for straffe eit kvarter før slutt. Norborg fekk til slutt orden i rekkene og etter at ein Emblem spelar styrte eit innlegg frå Martin Koch i eige mål, var det ingen tvil kvar alle poenga skulle gå. Eirik Vågnes gjorde 4-1 etter innlegg frå Koch, før Koch sjølv sette inn sitt tredje etter eit 50 meters løp. Dermed 5-1 og tabelltopp fram til resten av runda blir spelt fredag.
Kampreferat

Heimekamp mot Emblem torsdag kl. 1830

Norborg/Brattvåg2 tek torsdag imot Emblem på Uggedal kunstgras. Begge lag leverte ei god serieopning. Norborg med poeng i Fosnavågen, medan Emblem knuste Larsnes/Gursken/Gjerdsvika med 5-1, og topper dermed 4. divisjon. Kampen kan sjåast på smp.no, men vi håper du tek turen og lagar stemning på tribuna.

Poengdeling i serieopninga

Bergsøy – Norborg/Brattvåg2 1-1 (0-1)
4. divisjon, Havila stadion, 22.04.2022

0-1 Eirik Koppen Vågnes (21)
1-1 Sjølvmål (53)

På sitt sjuande forsøk tok Norborg endeleg sitt første bortepoeng mot Bergsøy då ein haldt bylaget til 1-1. Heimelaget hadde banespelet stort sett i 90 minutt, men greidde aldri å finne vegen til nettmaskene. Det var nemleg Norborg som scora begge måla. Eirik Koppen Vågnes ga oransjetrøyene leiinga midtvegs i 1. omgang, medan Tobias Jensen var uheldig å sette ballen i eige mål kort tid etter pause.

Laget: Ronald Søvik Olsen (Sander Arntsen, 65) – Stian Fjørtoft Klokk (Ådne Hellandsvik, 60), Tor Abelseth, Anders Toven, Jesper Vos – Igor Leonovs, Tobias Jensen, Eirik Koppen Vågnes (Klokk, 89) – Thomas Eriksen Aarsund, Magnus Otterlei, Martin Fylling Koch.

Brattvåg/Norborg J13 OBOS-cupmeistrar!

Brattvåg/Norborg J13 vann OBOS-cup etter å ha slått Blindheim på straffekonkurranse. Sjølve kampen enda mållaus, men jentene frå Haramshalvøya hadde best kontroll på nervane i straffekonkurransen og henta heim pokalen. Vi gratulerer! Meir på Brattvåg si heimeside. Herrelaget skulle også spele finale på laurdag, men motstandar NTNUIÅ greidde ikkje å stille lag.

Gruppevinnar i OBOS-cup


Norborg/Brattvåg2 – Rollon 2-0 (1-0)
Uggedal KGB, 21.03.2022

1-0 Martin Fylling Koch (26)
2-0 Eirik Koppen Vågnes (71)

Norborg/BIL2 vann 2-0 over 4. divisjonskollega Rollon og vann dermed gruppa si i OBOS-cup med tre strake sigrar (ein av dei på walk-over). Rollon hadde ballen mest, men heimelaget var aggressive og ville mest i denne kampen. Martin Fylling Koch scora sitt 6 mål på 2 kampar i denne fotballmessige langhelga for dei oransje. Eirik Vågnes fastsette sluttresultatet med si scoring tjue minutt før slutt.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Tobias Flem Hellem, Tor Juul Abelseth, Anders Toven, Stian Fjørtoft Klokk – Igor Leonovs, Tobias Jensen, Eirik Koppen Vågnes – Magnus Otterlei, Thomas Eriksen Aarsund, Martin Fylling Koch. Innbytarar: Sander Skår Arntsen, Jesper Vos, Henrik Otterlei Hurlen og Lars Alvestad Mikalsen.
Tabell

Storsiger i OBOS-cup


Norborg/Brattvåg2 – Blindheim 8-3 (2-2)
Uggedal KGB, 18.03.2022

1-0 Thomas Eriksen Aarsund (16)
1-1 Johannes Hanken Tjøstheim (26)
1-2 Tjøstheim (27)
2-2 Martin Fylling Koch (45)
3-2 Koch (49)
4-2 Magnus Otterlei (53)
4-3 Noah Ekroll Solberg (55)
5-3 Aarsund (60)
6-3 Koch (65)
7-3 Koch (70)
8-3 Koch (80)

Norborg/Brattvåg2 gjorde ein fenomenal 2. omgang og knuste Blindheim 8-3 i OBOS-cup på Uggedal KGB fredag kveld. Martin Fylling Koch vart kampen sin store spelar med heile 5 mål. Samarbeidslaget skal allereie på måndag ut i ny OBOS-kamp. Då ventar Rollon i Uggedalen kl. 1830.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Tobias Flem Hellem, Tor Juul Abelseth, Anders Toven, Stian Fjørtoft Klokk, Igor Leonovs, Tobias Jensen, Eirik Koppen Vågnes, Thomas Eriksen Aarsund, Magnus Otterlei, Martin Fylling Koch. Innbytarar: Jesper Vos, Henrik Otterlei Hurlen og Lars Alvestad Mikalsen.
OBOS Cup Menn Nivå A