Norborg/Brattvåg2 tek torsdag imot Emblem på Uggedal kunstgras. Begge lag leverte ei god serieopning. Norborg med poeng i Fosnavågen, medan Emblem knuste Larsnes/Gursken/Gjerdsvika med 5-1, og topper dermed 4. divisjon. Kampen kan sjåast på smp.no, men vi håper du tek turen og lagar stemning på tribuna.
Author Archives: Frode Engeset
Poengdeling i serieopninga
Bergsøy – Norborg/Brattvåg2 1-1 (0-1)
4. divisjon, Havila stadion, 22.04.2022
0-1 Eirik Koppen Vågnes (21)
1-1 Sjølvmål (53)
På sitt sjuande forsøk tok Norborg endeleg sitt første bortepoeng mot Bergsøy då ein haldt bylaget til 1-1. Heimelaget hadde banespelet stort sett i 90 minutt, men greidde aldri å finne vegen til nettmaskene. Det var nemleg Norborg som scora begge måla. Eirik Koppen Vågnes ga oransjetrøyene leiinga midtvegs i 1. omgang, medan Tobias Jensen var uheldig å sette ballen i eige mål kort tid etter pause.
Laget: Ronald Søvik Olsen (Sander Arntsen, 65) – Stian Fjørtoft Klokk (Ådne Hellandsvik, 60), Tor Abelseth, Anders Toven, Jesper Vos – Igor Leonovs, Tobias Jensen, Eirik Koppen Vågnes (Klokk, 89) – Thomas Eriksen Aarsund, Magnus Otterlei, Martin Fylling Koch.
Brattvåg/Norborg J13 OBOS-cupmeistrar!
Brattvåg/Norborg J13 vann OBOS-cup etter å ha slått Blindheim på straffekonkurranse. Sjølve kampen enda mållaus, men jentene frå Haramshalvøya hadde best kontroll på nervane i straffekonkurransen og henta heim pokalen. Vi gratulerer! Meir på Brattvåg si heimeside. Herrelaget skulle også spele finale på laurdag, men motstandar NTNUIÅ greidde ikkje å stille lag.
Brattvåg/Norborg slo Molde
Brattvåg/Norborg J13 vann 2-0 over Molde i semifinalen i OBOS-cup på Uggedal KGB onsdag kveld. Emilie Langlo scora begge måla.
Kampinfo
Bilete på Brattvåg si heimeside.
Gruppevinnar i OBOS-cup
Norborg/Brattvåg2 – Rollon 2-0 (1-0)
Uggedal KGB, 21.03.2022
1-0 Martin Fylling Koch (26)
2-0 Eirik Koppen Vågnes (71)
Norborg/BIL2 vann 2-0 over 4. divisjonskollega Rollon og vann dermed gruppa si i OBOS-cup med tre strake sigrar (ein av dei på walk-over). Rollon hadde ballen mest, men heimelaget var aggressive og ville mest i denne kampen. Martin Fylling Koch scora sitt 6 mål på 2 kampar i denne fotballmessige langhelga for dei oransje. Eirik Vågnes fastsette sluttresultatet med si scoring tjue minutt før slutt.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Tobias Flem Hellem, Tor Juul Abelseth, Anders Toven, Stian Fjørtoft Klokk – Igor Leonovs, Tobias Jensen, Eirik Koppen Vågnes – Magnus Otterlei, Thomas Eriksen Aarsund, Martin Fylling Koch. Innbytarar: Sander Skår Arntsen, Jesper Vos, Henrik Otterlei Hurlen og Lars Alvestad Mikalsen.
Tabell
Storsiger i OBOS-cup
Norborg/Brattvåg2 – Blindheim 8-3 (2-2)
Uggedal KGB, 18.03.2022
1-0 Thomas Eriksen Aarsund (16)
1-1 Johannes Hanken Tjøstheim (26)
1-2 Tjøstheim (27)
2-2 Martin Fylling Koch (45)
3-2 Koch (49)
4-2 Magnus Otterlei (53)
4-3 Noah Ekroll Solberg (55)
5-3 Aarsund (60)
6-3 Koch (65)
7-3 Koch (70)
8-3 Koch (80)
Norborg/Brattvåg2 gjorde ein fenomenal 2. omgang og knuste Blindheim 8-3 i OBOS-cup på Uggedal KGB fredag kveld. Martin Fylling Koch vart kampen sin store spelar med heile 5 mål. Samarbeidslaget skal allereie på måndag ut i ny OBOS-kamp. Då ventar Rollon i Uggedalen kl. 1830.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Tobias Flem Hellem, Tor Juul Abelseth, Anders Toven, Stian Fjørtoft Klokk, Igor Leonovs, Tobias Jensen, Eirik Koppen Vågnes, Thomas Eriksen Aarsund, Magnus Otterlei, Martin Fylling Koch. Innbytarar: Jesper Vos, Henrik Otterlei Hurlen og Lars Alvestad Mikalsen.
OBOS Cup Menn Nivå A
Klubbdommarkurs 3. mars
Det blir haldt klubbdommarkurs i Uggedalen torsdag 3. mars kl. 17 til 20. Påmelding til Arve Toven på tlf. 466 37 130.
Norborg 60 år!
IL Norborg fyller i dag 60 år. Det blir inga feiring i dag, men i løpet av året så vil det bli ei markering.
Aktivitetsdag i Norborg Fleirbrukshall
Søndag 7. november frå kl. 14 til 17 held Trimgruppa aktivitetsdag i Norborg Fleirbrukshall. Denne dagen er for absolutt alle, uansett om du har lyst til å vere aktiv eller berre sosial. Alle som deltek på aktivitetane får premie!
Aktiviteter: Klatring, squash, badminton, volleyball, e-sport, basketball, bordtennis, golfsimulator, spinning og brettspel. Alle aktivitetane er gratis!
Det vil vere open kiosk med sal av middag, kaker, kaffe/te og brus.
Loddsal med flotte premiar.
Husk hallsko!
Aarsund og Vågnes toppscorarar
Thomas Aarsund og Eirik Vågnes vart toppscorarar for Norborg/Brattvåg2 i årets 4. divisjon med tre mål kvar. David Sissoko vart assistkongen med 3 målgjevande på dei 4 kampane han var med.
Spelar | Mål | Spelar | Assists |
Thomas Aarsund | 3 | David Sissoko | 3 |
Eirik Vågnes | 3 | Eirik Vågnes | 2 |
Martin Fylling Koch | 2 | Ådne Hellandsvik | 2 |
Igor Leonov | 2 | Thomas Aarsund | 1 |
Per Kristian Helle Hildre | 2 | Per Kristian Søvik | 1 |
Magnus Otterlei | 2 | Martin Fylling Koch | 1 |
Jeppe Mogensen | 1 | Tobias Jensen | 1 |
Tor Abelseth | 1 | Igor Leonov | 1 |
Tobias Jensen | 1 | Henrik Hurlen | 1 |