Treningskampar

Torsdagens treningskamp mot Vestnes Varfjell har blitt flytta frå Uggedal KGB til Vestnes Idrettspark. Kampen mot Ravn, som skulle spelast borte 14. mars, er flytta til Uggedal KGB og ny dato laurdag 18. mars kl. 14.

Tapte første treningskamp

Norborg/Brattvåg2 tapte årets første treningskamp med 5-1 (2-1) for Midsund. Adrian Korsedal, som tidlegare i vinter melde overgong frå Skodje,  scora målet til dei oransje etter målgjevande frå Noah Lausund Klokk.

Lag: Viktor Tomic – Stian Klokk (Adrian Andrukiewicz, 62), Tor Abelseth (K), Thomas Aarsund, Tobias Jensen – Adrian Andrukiewich (Lars Mikalsen, 60), Noah Lausund Klokk – Adrian Korsedal (Stian Klokk, 77), Ivan Håvik, Magnus Otterlei – Henrik Otterlei Hurlen.

Avtalte treningskampar:
9. mars Norborg/BIL2 – Vestnes Varfjell
16. mars Ravn – Norborg/BIL2
14. april Norborg/BIL2 – Aksla

4. divisjon 2023

Herd greidde ikkje å vinne kvalifiseringa til 3. divisjon og blir dermed verande i 4. divisjon. Det fører til at Emblem rykker ned til 5. divisjon. 4. divisjon 2023 blir dermed slik: Herd, Bergsøy, Rollon, SIF/Hessa, Norborg/Brattvåg2, Hovdebygda, Ørsta, Hareid, Blindheim, Langevåg, Volda2 og Aksla.

Brattvåg/Norborg vann første KM-kamp

Brattvåg/Norborg vann i dag 5-4 over Åheim/Selje i den første av to kampar om krinsmeistertittelen for 4. divisjon. Rita Nogva Austnes gav B/N leiinga allereie i det 2. speleminutt. Guro Lesto Larsen utlikna eit kvarter seinare før eit sjølvmål sørga for ny leiing til heimelaget fem minutt før pause. Sunniva Johansen auka til 3-1 like før pause. Brattvåg/Norborg fekk ein god start på 2. omgang og gjorde både 4 og 5-1 ved Vibecke Krogsæter og Carina Otterlei før to minutt var spelt. I løpet av den siste halvtimen kom gjestane sterkt og mål av Martine Refsnes Nøstdal, Guro Lesto Larsen og Sofie Refvik Hove gjer at det er stor spenning før den avgjerande kampen på Selje KGB laurdag 29. oktober kl. 14.

Norborg sterke etter pause

Norborg leverte i årets sesong langt betre 2. omgangar enn 1. omgangar, og spesielt den siste halvtimen har ein vore spesielt god. Halvparten av årets 52 mål vart scora i løpet av den siste halvtimen.

Når kom måla:

Norborg har snudd 3 (Emblem, SIF/Hessa og Langevåg) av dei 11 kampane ein har kome under 0-1 til siger, medan ein berre har tapt 1 (Hareid) av dei 11 kampane ein har tatt leiinga 1-0.

Årets tabellutvikling i 4. divisjon

Årets 4. divisjon Sunnmøre er ferdigspelt og vi kan gratulere Herd med KM-tittelen. Dei har stort sett haldt 1. plassen gjennom heile sesongen og aldri vore lenger nede enn 2. plass. Bergsøy opna litt famlande, men etter 10 strake sigrar, årets lengste sigersrekke, gjekk dei opp på 1. plass fire runder før slutt. Ei svak sesongavslutning med berre fire poeng på dei fire siste kampane, gav Herd ein suveren siger i divisjonen. Norborg har stort sett hatt 8. plassen, men ei sterk sesongavslutning førte våre gutar opp på ein 5. plass. Her er utviklinga av årets 4. divisjon:

Strålande avslutning på sesongen

Norborg/Brattvåg2 vann heile 6-1 borte mot Larsnes/Gursken/Gjerdsvika i sesongens siste kamp. Heimelaget starta best, men etter at Jesper Vos sette inn 0-1 i det 12. speleminutt såg ikkje oransjetrøyene seg tilbake. Henrik Otterlei Hurlen scora fire på rad før Magnus Otterlei sette inn 0-6 ti minutt før slutt. Heimelaget fekk seg eit trøystemål like før slutt ved Bern Leikanger Gotten. Norborg/BIL2 har levert ein sterk haust med 19 poeng mot 11 poeng i vår. Det enda dermed med ein absolutt godkjent 5. plass i 4. divisjon.
Les meir..

xG-kongane slo til igjen

Norborg/Brattvåg2 viste nok ein gong høg effektivitet framfor mål og vann 4-3 over Ørsta torsdag kveld. Tobias Jensen scora årets mål i fjor, då på eit dribleshow, og gjorde det truleg igjen då han klinka til frå 50 meter og sende ballen i fin boge over keeper og stolpe inn oppe ved krysset. 1 minutt og 5 sekund var då spelt. Ørsta var likevel det beste laget før pause og snudde kampen etter mål av Sigurd Sundnes og Sondre Austrheim. Etter pause var Norborg mest på hogget og snudde kampen etter mål av Thomas Aarsund på frispark, Magnus Otterlei åleine med keeper, og eit sjølvmål etter innlegg av debutant Robert Dulgheru. Lasse Rebbestad skapte litt spenning på slutten, men Norborg haldt unna.
Les meir..