Norborg – Herd2 2-1 (2-0)
6. divisjon, Uggedal KGB, 28.10.2026
Sjansar: 4-5
1-0 Tarjei Gjerset Urkedal (21)
2-0 Tobias Remme Jensen (24)
2-1 Thomas Valaas (str. 50)
Norborg fekk ei flott serieavslutning då dei sende topplaget Herd2 heim med tap. To kjappe cornermål midtvegs i 1. omgang gav dei oransje grunnlaget for sigeren i ein jamn kamp. Først pirka Tarjei Gjerset Urkedal inn sitt 249. mål for dei oransje etter at Robert Dulgheru tok ein kort corner til Tobias Jensen. Han finta seg inn i 16 meteren og fann Urkedal på 5 meteren. Nokre minutt seinare fann Dulgheru sin corner hovudet til ein umarkert Jensen ved bakre stolpe som stanga ballen i nota. Gjestane kom seg til eit par brukbare sjansar, men Norborg haldt unna til pause. Fem minutt etter kvila fekk Herd2 ei straffe som Thomas Valaas sette i mål. Norborg hadde stort sett god kontroll på gjestane som trengte mål for å halde på 1. plassen i 6. divisjon. Fleire mål vart det ikkje og Sula smatt dermed forbi Herd2 på tabellen og tok krinsmeistertittelen, medan Norborg enda med sin gode sluttspurt på 6. plass.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Jonas Holmeset, Tobias Jensen, Anders Toven, Thomas Toven – Tarjei Urkedal, William Grytten, Kai Grytten – Robert Dulgheru, Davis Keiss, Sander Furstrand. Nytta innbyttarar: Fredrik Endré Rogne, Alexander Urkedal, Trym Nyland og Lars Mikalsen.

