Ravn/Norborg/Brattvåg J13 leverte ei imponerande helg under Hessa Cup til tross for kort varsel då dei stilte for eit lag som trekte seg i siste liten.
Sporty som dei er, stilte dei opp med ein fin miks av jenter frå dei tre klubbane. Det var tydeleg at dei ikkje hadde teke turen berre for det gode utvalet i kiosken, som var godt på nivå med ein klassisk Mix kiosk. På fotballbana hadde dei heilt andre planar.
Første kamp gjekk mot vertane SIF/Hessa, og jentene brukte ikkje lang tid på å vise kva dei var komne for. Med godt spel, energi og målteft fekk dei fart på turneringa og gav seg ikkje før det stod 4–1 på resultattavla.
Neste utfordring var Guard/Rollon, eit av dei beste J13-laga i regionen. Her blei det langt jamnare. Jentene stod opp i duellane og gav motstandaren kamp heilt inn, men måtte til slutt sjå seg slått 2–0 i ein tett og tøff kamp.
Med A-sluttspelet i sikte venta Fron i den siste gruppespelkampen. Fron var eit nytt bekjentskap for alle, og dei gav jentene god motstand. Men etter kvart fekk Ravn/Norborg/Brattvåg meir og meir kontroll, og ein 1–0-siger sikra plassen i A-sluttspelet.
Så var det klart for kvartfinale – og der venta IL Valder.
No var det alvor. Jentene tok tak i kampen og leverte ein sterk prestasjon. Tre mål seinare var det ingen tvil: 3–0 til Ravn/Norborg/Brattvåg, og billetten til semifinalen var sikra!
I semifinalen venta Eid IL. Eid gjekk offensivt til verks og pressa framover gjennom store delar av kampen. Jentene måtte verkeleg jobbe for kvar einaste ball, og dei gav alt dei hadde. Til slutt blei det eit knepent 1–0-tap.
Dermed enda eventyret med ein flott bronseplass i Hessa Cup. 🥉
For ein gjeng – og for ein prestasjon! ⚽️
-Lagleiar Camilla Krogsethagen-

