Norborg – Skodje 4-0 (2-0)

Norborg – Skodje 4-0 (2-0)
6. divisjon, Uggedal KGB, 06.05.2026

Sjansar: 8-2
Cornere: 5-3

1-0 Jonas Holmeset (30)
2-0 Robert Dulgheru (34)
3-0 Anders Toven (54)
4-0 Robert Dulgheru (90)

Med to mål i kvar omgang tok Norborg ein komfortabel siger over Skodje. Etter ein halvtime med stillingskrig fekk Norborg kampen inn i sitt spor med mål på kampens første sjanse. Skilnaden på laga vart då stor og trenar Thomas Gjerde kunne juble for tre poeng. -Dette var ein skikkeleg lagsiger, konstaterte han etter kampen. Vi gjer arbeidsoppgåvene våre til fulle, er solide defensive og effektive framfor mål. Vi har framleis ein del ting å jobbe med, men viser bra utvikling.

Speletilhøva var flotte, men sjølve spelet imponerte få den første halvtimen med oppjaga spel og mange feilpasningar. I det vi runda 30 minutt kom so eit mål som var verd oppmøtet åleine. William Jenssen Grytten snappa opp ei svak klarering  ute på høgresida og la eit perfekt legg til Jonas Holmeset, som på heil volley klinka ballen i nota frå kloss hald. Målet ga heimelaget ei skikkeleg vitamininnsprøytning, og etter eit par nesten sjansar dobla ein leiinga då Kai Kitsadakon Grytten stoppa eit framspel og løfta ballen opp mot mål. Ballen spratt framfor ein uheldig keeper Håkon Giskegjerde Rød og vart snappa opp av Robert Dulgheru i duell med keeper og ein utespelar. Dulgheru snurra rundt og sette den sikkert i nota. Like før omgangen var slutt kom Skodje seg til sin første sjanse då Erik Hessen Midtbø fekk avslutte frå 16 meter, men skotet gjekk til side for mål.

Skodje sin fremste fotballspelar Sondre Beite kom inn til 2. omgang, men det var likevel heimelaget som haldt fram med å vere det beste laget. Om lag ti minutt ut i omgangen la ein på til 3-0 då William Jenssen Grytten la eit frispark inn i straffeltet der ein Skodje-forsvarar stussa ballen vidare til Tarjei Urkedal. Han fekk lagt ballen inn framfor mål der Anders Toven styrte den i mål med hovudet. Norborg hadde dei neste minutta eit par store sjansar til å auke leiinga ved Dulgheru, i stolpen, og Jesper Vos, men måtte vente til siste ordinære minutt før ein fekk slått inn den fjerde spikaren i Skodje-kista då Robert Dulgheru vart spelt fri på høgresida av Eirik Skarbø og dunka ballen i nota mellom keeper og stolpen frå skrått hald.

Norborg då vunne sine to heimekampar med 3-0 og 4-0 og totalt haldt nullen i 5 av 6 omgangar i årets sesong.

Neste kamp er borte mot topplaget Herd2 onsdag kl. 1800.

Laget: Slawomir Szoma – Tobias Jensen (T. Urkedal, 80) (Anders Urkedal, 90), Peder Uggedal Søvik, Anders Toven, Tarjei Gjerset Urkedal (Markus Søvik Gunnarsson, 77) – Jonas Holmeset (Oliver Gamlem, 37) (Holmeset, 60), Marius Flem Stavik (Eirik Skarbø, 80), William Jenssen Grytten (Gamlem, 80), Jesper Vos (Davis Keiss, 89), Kai Kitsadakon Grytten (Ruben Stavik, 74) – Robert Dulgheru (Mohamad Erfan Bahrami, 92).

Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)