Pangstart for herrelaget!

Norborg fekk ein god seriestart då Guard vart sendt heim frå Uggedalen med 3-0 i sekken. Etter ein svak 1. omgang der Guard var nærmast mål kom dei oransje ned frå gjerdet og dominerte etter pause. Dryge ti minutt ut i omgangen sette Robert Dulgheru sikkert inn årets første seriemål etter forarbeid av Niklas Rekdal. Eit kvarter seinare dobla same mann leiinga då han tok med seg ballen inn frå venstre, finta bort eit par mann og klinka ballen i nota oppe ved vinkelen med “feil” fot  frå 20 meter. Fem minutt før slutt var midtstoppar Tobias Jensen i driblehumør då han tok med seg ballen frå eigen halvdel og opp i Guard sin 16 meter. Der fann han Norborg-debutant Eirik Skarbø som sette ballen i nota frå 12-13 meter til 3-0. På biletet ser vi 2-målsscorar Robert Dulgheru, trenar Thomas Gjerde og Eirik Remen Skarbø, som vart speleklar for Norborg i går og debuterte med mål i dag. Meir kjem.
Tabell