Spjelkavik3 – Norborg 4-2 (0-0)
6. divisjon, Spjelkavik KGB, 01.10.2025
1-0 Marco Iserni Jønsson (56)
2-0 Marco Iserni Jønsson (58)
2-1 Fredrik Endré Rogne (65)
3-1 John Arnitwe (69)
4-1 Stian Nedregård (75)
4-2 Fredrik Endré Rogne (79)
Norborg måtte sjå seg slått 4-2 av botnlaget Spjelkavik3 etter ein skuffande 2. omgang. Fredrik Endré Rogne spelte sin første kamp sidan oktober 2017 og sette sitt spor på comebacket med to mål. Ole Johan Urke spelte sin A-kamp nummer 400 i Norborg.
Etter ein mållaus 1. omgang tok heimelaget leiinga dryge ti minutt etter kvila ved Marco Iserni Jønsson. Keeper Jann Tore Søvik avverga først eit gjennomspel utanfor 16 meteren, men returen gjekk til Jønsson på kanten av 16 meteren. Han tok den med seg på langs av 16 meteren og sette ballen i nota. Eit mål som burde ha blitt avvinka for offside då John Arnitwe var i offside når han jaga gjennomspelet som keeper Søvik måtte utanfor 16 for å avverje. Like etter dobla same mann leiinga etter svakt forsvarsspel av Norborg. Spjelkavik3 starta angrepet på venstresida, men det er ein Norbor-spelar som legg inn framfor mål der ballen havnar hos Jønsson framfor kassa. Han vender seg forbi ein spelar og scorar frå kanten av 5-meteren. Ein tung start på omgangen for Norborg, men comeback-kid Fredrik Endré Rogne gav dei oransje nytt håp med si redusering. Målet kom etter at Kristoffer Søviknes vann ballen inne på eigen halvdel og spelte fram Rogne, som på ein-touch spelt til Kit Kitsadakon på høgresida. Han fann Niklas Rekdal framfor mål som sette ballen i tverra. Martin Torgersen snappa retur og spelte til Rogne som med eit fint lompespark sette ballen i mål frå 13 meter.
Spenninga varte likevel ikkje så lenge. Nokre minutt seinare fekk heimelaget frispark på høgresida. Stian Nedregård slo ballen inn framfor mål der ballen vart heada tilbake til John Arnitwe framfor fremste stolpe som bankar ballen i nota. Eit kvarter før full tid er dødballfoten til Nedregård i fokus igjen. Han banka då ein corner i mål. Mogeleg ein Norborg-spelar får hårtustane på ballen, men det er uansett Nedregård sitt mål. Ti minutt før slutt fekk Norborg eit nytt trøystemål då Jonas Holmeset fann Fredrik Endré Rogne i bakrom. Rogne gjorde ingen feil åleine med keeper, men fekk nok minst ein halvmeter å gå på til Spjelkavik3 sitt forsvar då ballen vart slått. Likevel, ingen linjedommarar i 6. divisjon og dermed 4-2. Nokon sluttspurt greidde diverre ikkje Norborg å kome med, som mangla eit par rutinerte karar i Anders Toven og Tarjei Urkedal i denne kampen.
Laget: Ronald Søvik Olsen (Jann Tore Søvik, 46) – Lars Mikalsen, Peder Uggedal Søvik, Ole Johan Urke (Rogne, 57), Markus Søvik Gunnarsson (Olsen, 60) – Jonas Holmeset, Marius Flem Stavik, Niklas Rekdal, Kristoffer Søviknes (Gunnarsson, 71), Jesper Vos (Kai Kitsadakon, 32), Fredrik Endré Rogne (Markus Torgersen, 25) (Nizar Alderwish, 78).

