Norborg – Spjelkavik3 4-0 (3-0)
6. divisjon, Uggedal stadion, 20.08.2025
1-0 Nicholas Kvammen (2)
2-0 Nicholas Kvammen (13)
3-0 Jonas Holmeset (26)
4-0 Jonas Holmeset (71)
Sjansar: 10-8
Norborg held fram si gode heimeform og vann komfortabelt mot Spjelkavik3. Heimelaget la grunnlaget for sigeren med ein god 1. omgang der ein utnytta naivt spel av gjestane. Etter pause vart det mykje rot fra vertane, men Spjelkavik3 greidde ikkje å overliste keeper Jann Tore Søvik trass fleire sjansar.
Norborg gjekk knallhardt ut og fekk løn for sitt høge press før to minutt var spelt då Tarjei Urkedal kom seg rundt på venstresida og fann Nicholas Kvammen framfor mål som fann nettmaskene frå kloss hald. Dryge ti minutt seinare dobla Kvammen leiinga då han fekk god tid innafor 16 meteren til plassere ballen i nota etter ein fin stikkar fra Kai Kitsadakon. Norborg heldt fram med å vinne duellane og fekk fleire overgangar takka vere gjestane sitt småspel. Tjue minutt før pause var det klart for 3-0 då Markus Torgersen snappa ball framfor keeper utanfor 16 meteren nede ved kortlinja. Han fann Jonas Holmeset framfor mål som enkelt plasserte ballen i tomt bur. Norborg var klart best i denne omgangen og gjekk til pause med ei fortent 3-0 leiing,
Etter kvila spelte Spjelkavik3 meir direkte og skapte fleire store sjansar, men kom aldri nærmare enn eit stolpeskot. Norborg sin 17-år unge keeper Søvik stod som ein vegg og redda til og med eit straffespark like før slutt. Norborg leverte ein rotete 2. omgang, men kom seg til nokre gode sjansar på kontringar som då Jonas Holmeset vart spelt fri av Nicholas Kvammen og scora sikkert åleine med keeper. Norborg står med fire strake heimesigrar, men må skjerpe seg på bortbane der ein berre har tatt 1 poeng på 5 forsøk. Ny sjanse for bortesiger mot Guard den 27. august kl. 1910 på Color Line.
Laget: Jann Tore Søvik – Anders Toven (Lars Mikalsen, 38) (Holmeset, 58) (Torgeir Vik, 77), Peder Uggedal Søvik (Markus Søvik Gunnarsson, 38) (Toven, 58), Ole Johan Urke (P. Søvik, 58) (Nizar Aldarwish, 77), Felix Urkedal – Jonas Holmeset (Marius Flem Stavik, 38), Nicholas Kvammen (Gunnarsson, 77), Ådne Hellandsvik, Kristoffer Søviknes (Mikalsen, 74), Kai Kitsadakon (Markus Torgersen, 22) (Niklas Rekdal, 58) – Tarjei Urkedal (Francisco Silvestre, 77).
Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)

