Haustoppsettet i 6. divisjon

Norborg sitt herrelag har kome i avdeling med Guard, Lepsøy/Harøy, Skodje og Spjelkavik3 i hausten sitt B-sluttspel for 6. divisjon. Ein får dermed sjansen til å revansjere 7-2 tapet for Skodje for eit par veke sidan. Lepsøy/Harøy kom på 3. plass i 6. divisjon avd. 3 denne våren etter å ha mista sjansen om opprykk etter 0-5 tap for Guard i siste kamp. Guard kom sist i avdelinga, medan Spjelkavik3 kom på 6. plass. Sidan det berre er 5 lag i denne avdelinga spelar ein dobbel serie med totalt 8 kampar kvar. Les meir hos SFK.

Storsiger før sommarpausa

Norborg dominerte og vann 4-0 over Emblem2 på Uggedal KGB tysdag kveld. Niklas Rekdal ga heimelaget leiinga allereie før tre minutt var spelt då han scora sikkert åleine med keeper etter ein fin stikkar av Ådne Hellandsvik. Norborg hadde fleire store sjansar til å auke leiinga før pause, men kom ikkje nærmare enn eit stolpetreff av Ruben Holmeset. Etter kvila var effektiviteten noko betre. Sju minutt ut i omgangen kom midtstopparane i fokus då Ole Johan Urke slo eit frispark inn til Peder Uggedal Søvik som enkelt sette inn 2-0 frå kloss hald. Litt over midtvegs i omgangen viste Ruben Holmeset seg fram med fart, teknikk og målteft. Først sette han inn 3-0 på ein soloprestasjon før han gjorde 4-0 etter ein fin stikkar av Kristoffer Søviknes der han rykte frå forsvaret og sette ballen stolpe inn. Norborg kom seg med sigeren opp på 5. plass på tabellen. Etter berre 1 poeng på dei 4 første kampane, har det blitt 10 poeng på dei siste 5. Det lovar godt fram mot hausten. Les meir..
Tabell 

Herlig siger over Godøy

Norborg leverte heroisk innsats og vann 3-1 over Godøy under nydelege speletilhøve på Uggedal stadion i kveld. Etter rolege opningsminutt fekk vi sjå ein periode med Norborg dominans som resulterte i to mål. Anders Toven gjorde 1-0 etter corner i det 13. sepeleminutt, medan Ruben Holmeset dobla på eit velplassert skot frå 16 meter i det 17. minutt. Godøy kom inn i ein god periode rundt halvtimen og fekk også ein ball i mål etter corner. Ole Martin Fevåg ga Norborg ein god start på 2. omgang då han var vaken frampå og tuppa inn ein retur etter frispark frå Lars Mikalsen. Sjansemessig lenge ein rolegare 2. omgang enn den første, men mot slutten kom Godøy seg til nokre gode mogelegheiter, men Norborg haldt stand. Norborg har no tatt 7 poeng på dei 3 siste kampane og nærmar seg midten av tabellen. Les meir..