Litlehornet

Høgste punkt: 464 m.o.h.
Startsted: Engeset
Tid: 45 min
Parkering: ET Hydraulikk
Bokregistrering: Ja
Alternativt startsted: Søvik (fotballbana)
Tid: 50 min
Kan kombineres med:Skålbotsheia, Breiskarvatnet og Tverrbotshornet. Uførefjellet.

Terreng:
Frå Engeset er det fin rås opp til toppen. Jamn bratt stigning heile vegen. Fin utsikt mot Spjelkavik, Valderøyfjorden og Vigrafjorden. Startar ein ved fotballbana i Søvika er ikkje stigninga så bratt. Litt stigning fram mot Engesetskaret. Jamn bratt stigning opp frå Engesetskaret.

Den beste og finaste turen til Litlehornet får ein ved å starte i Hamnsundet. Ein går då opp Uførefjellet, fortsetter ned mot Langemyra, opp Klimpane og over Uggedalshornet fram til Litlehornet. Fin rås heile vegen, men litt fuktig over Langemyra. Frå trappa i Hamnsundet så vil ein med jamn gange bruke ca. 1 time fram til Litlehornet.

Litlehornet sett frå Uggedalshornet

På Litlehornet er det postkasse med registreringsbok. Uggedalshornet til høgre og Nes til venstre.

Raskaste rute markert med raud linje. Andre stier markert med raude prikkar.

Går ein til Litlehornet frå Uførefjellet så må ein over Langemyra. Følger ein Norborg si løype så kjem ein seg stort sett tørrskodd over sjølv med joggesko. Ein følger så ryggen opp mot Uggedalshornet.

Turen går slakt oppover frå Langemyra til Uggedalshornet.

Inga registreringsbok på Uggedalshornet, men nokon har sett opp ei lita markering. I bakgrunnen ser vi Tverrfjellet.