Norborg2 – HaNo 6-5

Norborg2 – HaNo 6-5 (4-3)
Uggedal KGB, 28.04.11

Sjansar: 10-9 / cornere: 7-2

0-1 Joakim Austnes (5), 0-2 Joakim Austnes (15), 1-2 Ole Johan Urke (23), 2-2 Kristian Søviknes (str. 27), 2-3 Per Jarle Fjørtoft (37), 3-3 Peter Elias Grytten (40), 4-3 Kenneth Gamlem (43), 5-3 Per Kristian Stavik (58), 6-3 Peter Elias Grytten (64), 6-4 Per Jarle Fjørtoft (65), 6-5 Lars Petter Haram (str. 80).

Det vart målrikt og spennande då Norborg2 og HaNo møttast i Uggedalen. HaNo sjokkopna med to mål signert Joakim Austnes før heimelaget vakna og snudde kampen før pause. Heimelaget starta 2. omgang best og leia 6-3 før HaNo knappa inn på leiinga. Men, Norborg rodde i land poenga og vann alt i alt fortent.

 

Norborg2 kjem nok i løpet av sesongen til å variere sterkt i kva spelarar som blir med. Denne gong hadde ein med seg dei tre relativt faste 1. lagsspelarane Hans Edvard Nordang, André Larsen og Ole Johan Urke. Nordang var med sidan han ikkje kan stille i 4. divisjonskampen mot Valder, Larsen er suspendert i serieopninga i 4. divisjon, medan Urke nyleg er tilbake frå skade. I tillegg var Trym Nyland, Marius Gamlem og Peter Elias Grytten med frå A-lagsrekruttane. Resten av laget var B-gjengen og trenar Kristian Søviknes.

Kampen opna i eit labert tempo og vi kan vel heller ikkje seie at det tok seg så mykje opp etter kvart, men mange mål gav i alle fall dei om lag 30 tilskodarane god underhalding. Spenning til siste slutt vart det også.
Norborg trilla ein del ball i opninga, men fekk seg raskt eit par mål i fleisen. Joakim Austnes er spelarutviklar i Norborg, men vi kan ikkje finne i kontrakta hans at Norborg sine spelarar skal halde minst 10 meters avstand når han sjølv spelar kamp i Uggedalen. Det såg likevel slik ut. Gong på gong fekk Austnes spasere fritt med ballen mot Norborg sitt mål. Det straffa seg. Før kvarteret var spelt hadde han nemleg putta to mål bak keeper Kenneth Hånde. Det første etter ein stikkar i bakrom der han plasserte ballen sikkert i mål åleine med keeper. 0-2 kom på eit skot etter kommunikasjonssvikt i Norborg-forsvaret. Austnes fekk god tid til å sikte frå 17-18 meter. Norborg fekk etter kvart meir dreis både offensivt og defensivt. Det tok dermed ikkje lang tid før HaNo si leiing vart utlikna. Ole Johan Urke gjer 1-2 frå 7-8 meter etter forarbeid av Peter Elias Grytten og Kenneth Gamlem. Så blir Urke skubba i straffefeltet og dommar Kaldhussæter peikar på straffemerket. Kristian Søviknes gjorde 2-2 på straffa.

Men då alle venta på at Norborg2 skulle gjere 3-2 vakna gjesta til igjen. Per Jarle Fjørtoft fekk æra av å score eit mål som burde ha blitt avblåst både for hands og offside. Heimelaget kom likevel på ein sterk sluttspurt og gjekk til pause med 4-3. Peter Elias Grytten fekk pirka ballen over streken til 3-3 etter ein kanonade mot HaNo-målet. Å skrive at tida har stått stille sidan Kenneth Gamlem sendte Norborg til 5. divisjon i 2000 med sine 32 mål vil vel vere ei overdriving, men då han var framme på Ole Henrik Hildrestrand sitt gode innlegg fekk vi i alle fall sjå eit glimt av gamal storheit av Norborgs Gøran Sørloth. Kenneth kom seg framføre oppassaren sin å stanga ballen perfekt i nota oppe ved vinkelen. Dagens flottaste mål og 4-3.
Norborg2 starta 2. omgang best og Peter Elias Gytten og Per Kristian Stavik sørgja for 6-3 leiing tjue minutt ut i omgangen. Per Kristian scora etter corner, medan Peter Elias var raskt frampå å fekk ballen over streken etter at keeper måtte gi retur på ei avslutning frå Ole Johan Urke. Kampen verka punktert, men HaNo skulle likevel skape spenning på slutten. Per Jarle Fjørtoft scora sitt andre mål for dagen frå kloss hald. Dommar annullerte først målet for offside før han ombestemte seg å ga mål. Ti minutt før slutt dribbar ein HaNo-spelar i Nordang og dommar peikar på straffemerket. Lars Petter Haram sette straffa sikkert i mål. HaNo forsøkte å presse Norborg på slutten utan å skape dei store sjansane. Ballen gjekk likevel i mål etter eit frispark, men det vart annullert for angrep på keeper.  Dermed enda kampen med 6-5 til heimelaget. Alt i alt var dette fortent. Norborg2 hadde ballen mest og skapte fleire situasjonar framfor mål. Sjølv om det vart siger så var det eit halvsløvt Norborg2-lag. Duell- og løpsvilje må opp fleire hakk til neste kamp mot Brattvåg2 9. mai. Dagens motstandar burde ha blitt sendt heim med eit langt større tap med meir vilje og konsentrasjon.  Bestemannsprisen vel vi å gi til 2-målsscorar Peter Elias. Han skapte stor uro i HaNo-forsvaret og kunne med litt meir hell scora fleire mål. Vi trekker også fram Trym Nyland. Han såg ikkje ut til å trivast på venstreback, men med ein gong han fekk kome inn på motstandars halvdel fekk vi sjå tekniske detaljar og god fart. Av dei over 20 så var det Per Kristian Stavik som viste seg mest fram med å lage furore ute på venstrekanten. Mål vart det også. Kva så med HaNo? Dei har mista ein del spelarar frå i fjor, og utan Joakim Austnes på laget så hadde det nok blitt stygge siffer for blåtrøyene. Per-Jarle Fjørtoft og Lars Petter Haram var også med på å styrkje laget frå det som Norborg møtte i vinter. Det var då også desse karane det meste dreia seg om. Austnes vil nok banke inn ein del mål, men HaNo må forbetre seg kraftig defensivt om dei skal gjere dei ulike tabelltipsa til skamme.

Laget: Kenneth Hånde – Trym Nyland (Ole Henrik Hildrestrand, 56), Steffen Grytten, Hans Edvard Nordang, Ole Henrik Hildrestrand (Marius Gamlem, 46) – Ole Johan Urke, Kristian Søviknes, André Larsen, Audun Mikalsen (Alf Røren, 56) (A. Mikalsen, 87) – Peter Elias Grytten (Nikolai Ulvestad, 83), Kenneth Gamlem (Per Kristian Stavik, 46) (T. Nyland, 85).

Andre kampar i 5. div. avd. 2
Ørskog – Skodje 1-1
Stordal – Ravn 4-2
Brattvåg2 – Emblem 1-5
Ellingsøy – Lepsøy 5-2