Norborg – Årvoll 7-1

Norborg – Årvoll 7-1 (5-0)
Treningskamp, Albir, 23.02.2017

1-0 Jesper Vos (6)
2-0 Ole Johan Urke (10)
3-0 Magnus Austbø Seth (15)
4-0 Ole Johan Urke (31)
5-0 Ole Johan Urke (44)
6-0 Tor Abelseth (54)
6-1 ? (66)
7-1 Nikolas Fjørtoft (str. 68)

Norborg håpte på tøff motstand då fjorårets 4. divisjonsvinnar i Oslo stod på motsett halvdel, men Årvoll vart sendt heim som slakt og Norborg scora 7 mål i sin tredje kamp på rad. Ole Johan Urke vart dagens mann då han scora tre mål på den omgangen han spelte. Alle på vakre skot frå distanse.

– Ei god økt og gjennomføring av oss, sa trenar Kristian Søviknes. Det er vanskeleg å vete kva Årvoll stilte med når vi ikkje kjenner til normalen, men dei stilte med dei spelarane dei har med seg til Spania. Det var ganske ungt, men uansett eldre enn vårt lag.

Jonas Holmeset og Anders Urkedal debuterte på A-laget. Gledeleg også å sjå Tor Abelseth tilbake på bana etter ein langvarig skade.
Laget: Joakim Kjærstad (Szoma, 46)- Nikolai Jensen (Lars Mikalsen, 74), Jonas Austnes (Anders Toven, 62), Kristoffer Søviknes, Ole Johan Urke (Tor Abelseth, 46) (Jensen, 82) – Matias Vatneødegård (Anders Urkedal, 70), Marius Austnes (Denis Sjåstad, 42), Sander Harnes (Ole-Kristian Aarseth, 46), Jesper Vos (Stian Grytten Skogvoll, 59) – Magnus Seth (Jonas Holmeset, 66), Nikolas Fjørtoft (Illya Pekarskiy, 70).