Norborg – Stranda 3-3

Norborg – Stranda 3-3 (2-2)
Uggedal kgb, 28.04.2016

Sjansar: 12-6
Cornere: 11-3

0-1 Kasper Koppang (3)
1-1 Ole-Kristian Aarseth (19)
1-2 Tobias Hjelle (39)
2-2 Sjølvmål (43)
3-2 Jan Tore Fjørtoft (52)
3-3 Trym Jarvik (80)

Norborg var det beste laget, men Stranda var effektive og var på slutten nær ved å stikke av med alle poenga etter to avslutningar i tverrliggjaren. Det hadde likevel vore eit ran med tanke på dei første 80 minutta då Norborg burde ha punktert kampen.

Trenar Kristian Søviknes leia Norborg for siste gong i denne omgang og valde å starte med både seg sjølv og Steffen Grytten for å få meir rutine inn i laget. Kristoffer Søviknes vart flytta fram til sin vande spissplass etter å ha spelt stoppar i dei to første kampane. Dette førte til meir duellkraft framme på bana.

Den betra duellkrafta kom raskt til syne då Norborg la eit kraftig trykk på Stranda i opningsminutta. Faktisk kom ikkje Stranda seg over midtstreken før 2,5 minutt var spelt, men då vart det attpåtil mål. Norborg sitt forsvar såg ut til å ha god kontroll på ballen som vart lempa fram, men Kasper Koppang sette inn turboen og parkerte forsvaret. Etter å ha starta tre meter bak, var han plutseleg fem meter framfor og sette ballen sikkert i mål bak keeper Olsen.

Koppang var Stranda sin trussel og hadde ti minutt ut i kampen sjansen til å doble leiinga, men denne gong gjekk avslutninga i nettveggen. Norborg fekk etter kvart betre kontroll på Koppang, men kan likevel seie seg heldige over at han vart skada og måtte ut før pause.

Ikkje sidan 2004 har Norborg starta ein sesong utan å score på dei to første kampana. Etter at Ole-Kristian Aarseth og Kristoffer Søviknes hadde brent kvar sin sjanse, var det endeleg duka for jubel i Norborg-leiren då Aarseth heada eit frispark frå Kristian Søviknes i mål. Aarseth hadde også sjansen til å gi Norborg leiinga nokre minutt seinare, men sette Nikolai Jensen sitt innlegg på feil side av stolpen.

I staden for mål til Norborg scora Tobias Hjelle for Stranda etter sløvt forsvarsspel. Først blir Norborg dømt for feilkast, så står forsvaret å søv, mens Hjelle stikk igjennom, fintar ut keeper og scorar i tomt mål. 1-2, og Norborg er hardt straffa for sine feil. Stranda si glede skulle likevel ikkje halde seg til pause. To minutt før omgangen er over sette Fridtjof Lersveen ballen i eige mål etter ein corner frå Christian Sæther. Ei fortent utlikning til pause.

I dei første 35 minutta av 2. omgang var Norborg det klart beste laget. Fem klare sjansar vart skapt, men berre eitt mål vart scora. Målet kom ved Jan Tore Fjørtoft då han klinka ballen like under tverrliggjaren frå 12 meter etter at Ole-Kristian Aarseth hadde avslutta på keeper etter forarbeid av Kristian Søviknes. Med 3-2 sju minutt ut i omgangen og Stranda sin beste spelar ute med skade, så skulle dette vere plankekjøring for Norborg. Det var dermed utruleg skuffande at ein ikkje greidde å få inn det avgjerande 4-2 målet.

Ti minutt før slutt kom Stranda på sin første visitt inne i Norborg sin 16 meter i 2. omgang, og som i første enda det med mål då Trym Jarvik upressa sette ballen i nota til 3-3. Norborg ramla totalt saman dei neste minutta og Stranda hadde to i tverrliggjaren før Norborg kom seg nokon lunde til hektene igjen. To minutt før slutt finta Magnus Seth bort ein spelar, men skotet gjekk over mål. På overtid fekk Norborg frispark på 17 meter. Fleire på tribuna hevda det var innanfor. Hans Edvard Nordang sette frisparket over mål via ein Stranda-spelar. Corneren var resultatlaus og kampen enda 3-3.

Det positive for Norborg var at ein starta å skape sjansar og opna målkontoen. Det negative er at ein let ein såpass svak motstandar score heile tre mål og er centimetere frå å score fem. Likevel, vi vel å sjå positivt på det. Med litt meir konsentrasjon framfor begge mål så blir dette bra.

Laget: Ronald Søvik Olsen (Joakim Kjærstad, 46) – Kristian Søviknes, Jan Tore Fjørtoft, Hans Edvard Nordang, Tor Abelseth – Ole Johan Urke (Pedro Silva, 85), Christian Sæther, Steffen Grytten (Marius Austnes, 64), Nikolai Jensen (Jonas Austnes, 46) – Ole-Kristian Aarseth, Kristoffer Søviknes (Magnus Seth, 75).