Langevåg – Norborg 2-0

Langevåg – Norborg 2-0 (2-0)
Langevåg KGB, 29.04.2015

Sjansar: 7-4
Cornere: 6-5

1-0 Simon Vågnes (7)
2-0 Kheirullah Ahmadzai (13)

Norborg leverte ein skremmande tafatt kamp mot aggressive Langevåg onsdag kveld. Før eit kvarter var spelt hadde ein fått både sola, vinden og to mål i fleisen. Norborg heva seg litt etter kvart, men var aldri i nærleiken av å ta med seg poeng frå denne kampen.

– I dag får vi som fortjent, ingenting! Vi var ikke skikkelig “på” i løpet av hele kampen. Vi får to mål i mot på personlige feil tidlig i første omg, selv om vi styrer hele andre omgang er vi ikke i nærheten av den intensiteten og moralen vi viste i kampen mot FK Sykkylven. Fra årsbeste til årsværste på 6 dager! Bare å gratulere Langevåg med tre fortjente poeng, sa trenar Stig Johansen etter kampen.

Norborg skulle gjere som mot FK Sykkylven i sist kamp. Kjøre knallhardt frå start, men i staden var det Langevåg som jaga som illsinte bier rundt kvar ein Norborg-spelar. Føtene gjekk som trommestikker og armene peiva over alt mot passive og skremte norborgere. Sju minutt ut i kampen taper Norborg duellene litt inne på eigen halvdel og Langevåg får slått ein stikkar i bakrom til Simon Vågnes som lobbar ballen elegant over keeper Geir Roar Gamlem og i mål til 1-0. Seks minutt seinare mister Norborg nok ein gong ballen inne på eigen halvdel, og etter eit fint veggspel sette Kheirullah Ahmadzai inn 2-0 frå 10 meters hald. Vakkert og presist angrepsspel og ditto elendeg av Norborg sitt forsvar.

Norborg var ikkje til å kjenne igjen frå sist kamp og hadde ingen flyt i spelet sitt. 25 minutt tok det før ein i det heile fekk til ei avslutning. Langevåg var nær eit tredje mål ved nokre høve seinare i omgangen, men greidde ikkje å auke forspranget til Norborg skulle få medsol i 2. omgang.

Norborg heva seg eit par hakk etter pause og var nær redusering tidleg i omgangen, men Langevåg fekk redda på strek. Både Øyvind Sundnes, Kristoffer Søviknes og Ole Johan Urke hadde sine forsøk, men avslutningane gjekk ikkje på mål og etter kvart fekk Langevåg kampen inn i sitt spor igjen og vann fortent 2-0.

Vanskeleg å finne nokon som utmerka seg positivt på Norborg denne gong. Ole Johan Urke gjorde eit greit innhopp, men heile laget kan betre enn dette og må heve seg til krigen mot Hareid torsdag 7. mai i Uggedalen.

Laget: Geir Roar Gamlem – Jan Tore Fjørtoft, Steffen Grytten, Elling Mikal Kalvø, Christian Sæther (Stian Skogvoll, 89) – Tarjei Urkedal (Ole Johan Urke, 46), Mathias Fjørtoft, Ole-Kristian Aarseth (Joakim Roald, 84), Daniel Aakre (Adrian Håbet, 46) (Kristian Søviknes, 89) – Øyvind Sundnes (Martin Gjerde, 73), Kristoffer Søviknes.