Bergsøy – Norborg 6-1

Bergsøy – Norborg 6-1 (3-1)
Havila Stadion, 09.08.14

Sjansar: 12-3
Cornere: 9-2

1-0 Kjetil Paulsen (6)
2-0 Frank Sverre Skorpen (14)
3-0 Fredrik Muren (23)
4-0 Martin Søvik Røren (74)
5-0 Sander Ulfstein (90)
5-1 Elling Mikal Kalvø (90+2)
6-1 Sander Ulfstein (90+4)

Norborg tapte fortent sekspoengskampen mot Bergsøy. Oransjetrøyene var dovne i sola og Bergsøy ville meir, sprang meir og avgjorde denne kampen før 25 minutt var spelt. Elling Mikal Kalvø scora Norborg sitt mål i sluttminutta.

8-2, 6-2 og 6-1. Det er resultata frå dei tre oppgjera som er spelt i Fosnavåg mellom Bergsøy og Norborg. Vi kunne nesten ha brukt kampreferat frå dei to tidlegare oppgjera. Gjennomgangsmelodien har vore mange forfall og mange unødvendige balltap. Vi skal ikkje dvele så mykje med alle forfalla for laget Norborg stilte med var på papiret ikkje eit svakt lag, men når fire av dei mest mobile spelarane mangla så fekk ein problem både defensivt og offensivt. Med dei nye konstellasjonane så var heller ikkje samhandlinga den beste. Norborg mangla struktur i denne kampen og Bergsøy fekk i store delar av fritt spelerom og skapte ei rekke store sjansar og halvsjansar.

Som for fire år sidan var det Kjetil Paulsen som opna scoringsballet då Norborg mista ballen på eigen halvdel og spelaren som skulle få herje på høgresida før pause, Jose Peralta, fann nemnde Paulsen framfor mål som sette ballen i mål frå 10 meter. Bergsøy fortsette å dominere etter leiarmålet mot eit sløvt bortelag.

Rutinerte Frank Sverre Skorpen ødelagde for Norborg med to mål i vårkampen. Eit kvarter ut i denne kampen var han på frampå igjen med ein vakker lobb då han nådde ballen like før keeper Olsen. Nokre minutt seinare punkterar Fredrik Muren kampen då Norborg ikkje får klarert ein corner og Muren sette ballen i mål frå kloss hald. Bergsøy hadde i denne situasjonen 3-4 mann i feltet mot Norborg sine 8-9. Det seie litt om kor vakne Norborg var i starten av kampen.

På stillinga 3-0 roa Bergsøy det litt ned, trilla ball og Norborg fekk igjen pusten etter råkjøret. Eit par gode sjansar fekk dei likevel på slutten av omgangen, men utan resultat. Norborg sin einaste sjanse før pause kom i det 41. minutt då Ole Johan Urke sitt innlegg fann Elling Mikal Kalvø, men avslutninga gjekk utanfor.

Norborg gjorde nokre endringar til 2. omgang og opptrådde med betre struktur den første halvtimen av denne omgangen. Bergsøy var likevel hakket best også i denne perioden og traff aluminiumet to gongar ved Kjetil Paulsen. I motsatt ende var Kristoffer Hildrestrand nær mål då han dribla seg forbi eit par mann, men måtte sjå avslutninga frå skrått hald bli redda.

Bergsøy let eit par unggutar kome inn mot slutten av kampen og desse to skulle gjere siffera stygge for Norborg. Martin Søvik Røren la på til 4-0 då han tok med seg ballen inn i 16 meteren og scora sikkert åleine med keeper. I siste minutt av ordinær tid sette Sander Ulfstein inn 5-0 med eit skot i lengste. På overtid pynta Elling Mikal Kalvø på resultatet då han heada inn ein corner av Ole-Kristian Aarseth. Bergsøy var likevel ikkje ferdig for dagen og fire minutt på overtid storma Isak Husøy frå Norborg sitt forsvar før han spelte ballen til Ulfstein som putta frå kloss hald. Dermed 6-1 og igjen tennissiffer mellom Bergsøy og Norborg i Fosnavåg.

Norborg var langt unna poeng i denne kampen og har mykje å jobbe med framover. Det positive er at fleire av spelarane som var borte i denne kampen er tilgjengelege i neste kamp som er borte mot Tertnes. Diverre er den spelaren med mest duellvilje i denne kampen, Kjell Terje Brusdal, borte.

Laget: Ronald Søvik Olsen (Børt Tore Marthinussen, 83) – Erlend Coates (Ole-Kristian Aarseth, 46), Kjell Terje Brusdal, Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre – Ole Johan Urke (Alexander Eide, 57), Preben Lorgen, Mathias Fjørtoft, Christian Sæther – Elling Mikal Kalvø, Kristoffer Hildrestrand.

Dommar: Jan Erik Bratteberg (Ørsta)
Assistentar: Richard Olsen (Åmdal) og Kjell Heltne (Rollon)

Få problem i ein kamp med lite temperatur.