Stordal – Norborg 2-4

Stordal – Norborg 2-4 (1-1)
Kirkebø stadion, 12.09.13

Sjansar: 8-11
Cornere: 4-5

0-1 Tarjei Urkedal (14)
1-1 Sifyan (str. 30)
1-2 Hans Edvard Nordang (61)
2-2 Fredrik Øie (80)
2-3 Adrian Håbet (87)
2-4 Kristoffer Søviknes (91)

Stordal best før pause mot eit sløvt Norborg-lag som fekk lite til å stemme. Etter pause skrudde Norborg opp tempoet og dominerte stort fram til eit frispark frå Hans Edvard Nordang gjekk i mål via ein Stordal-spelar. Heimelaget såg ut til å vere sluttkjørt, men greidde likevel å kome inn igjen i kampen og ti minutt før slutt utlikna Øie. Stordal fekk også ein sjanse til å gå opp i leiinga før Norborg igjen vakna og sikra tre poeng med to mål mot slutten.

Topp mot botn i Stordalen torsdag kveld, men i dei første 45 minutta var det lite som tyda på det. Norborg leverte ein svak omgang mot eit heimelag som var på hogget. Norborg kom seg til kampen sin første sjanse ved Ole Johan Urke, men avslutninga gjekk utanfor. I dei neste minutta styrte heimelaget kampen og kom seg til tre gode sjansar utan resultat før Tarjei Urkedal gir Norborg leiinga då han styrer inn ein corner frå Kristian Søviknes.

Etter leiarmålet kom Norborg meir med i spelet, men klarte aldri å legge det forventa trykket på divisjonens botnlag. Ein halvtime ut i kampen får Stordal straffespark til store protestar frå Norborg. Stordal sin spelar fall lett, men dommaren hadde nok sitt på det tørre då han peika på kritmerket. Sifyan sette straffa sikkert i mål. 1-1 til pause. Noko Stordal kunne vere minst nøgd med.

Etter pausepraten vakna Norborg og la eit massivt trykk på heimelaget, men sjanse på sjanse vart brent før Hans Edvard Nordang sitt frispark vart stussa i mål av ein i gult. 1-2 til Norborg mot eit Stordalslag som verka sluttkjaurt og hadde store problem med å kome seg ut av eige forsvar. Men Norborg sitt spel fall i kvalitet og Stordal fann ny energi. Ti minutt før slutt kom Stordal seg rundt på høgre, la hardt inn framfor mål der Fredrik Øie styrte inn 2-2.

Fem minutt før slutt får Stordal ein sjanse til å ta leiinga, men Hans Edvard Nordang stoppar forsøket, spelar fram til Mathias Fjørtoft som sender ein stikkar til Kristoffer Søviknes i bakrom. Søviknes tek med seg ballen mot mål før han usjølvisk sentrar til Adrian Håbet som puttar ballen i tomt mål. Ei perfekt kontring av Norborg.

Energien gjekk no ut av Stordal og Norborg auka til 2-4 då Kristoffer Søviknes etter gjentatte forsøk greidde å få ballen over streken etter innlegg av bror Kristian.

At Norborg er eit betre lag enn Stordal levnar ingen tvil, men kampen viste også at forskjellen på topp og botn ikkje er større enn at ein også må vise innsats og konsentrasjon for å vinne over laget som berre står med 7 poeng på 17 kampar. Norborg var nær ved å gå på ei blemme i denne kampen. Heldigvis har ein kvaliteten i laget til å vippe kampen i sin favør på slutten.

Neste kamp er heime mot ÅVK torsdag kl. 1830.

Laget: Joakim Kjærstad (Ronald Søvik Olsen, 90) – Kristian Søviknes, Erlend Coates (Ole-Kristian Aarseth, 87), Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre (Kristoffer Søviknes, 38) – Ole Johan Urke (Ole Marius Otterlei, 78), Preben Lorgen (Christian Sæther, 87), Mathias Fjørtoft, Adrian Håbet – Cato Longva (Johann Fiskergård, 90), Tarjei Urkedal.