Rollon – Norborg 7-1

Rollon – Norborg 7-1 (3-0)
Rollonbana, 30.06.11

Sjansar: 14-6 / cornere: 13-1

1-0 Eivind Nordstrand (16)
2-0 Tommy Howden (24)
3-0 Daniel Gjerde (41)
4-0 Daniel Gjerde (60)
5-0 Peter Wilhelmsen (62)
6-0 Peter Wilhelmsen (73)
7-0 Michael “Stubben” Larsen
7-1 Johan Stavik (90)

Rollon inviterte til fest i parken, men Norborg var ikkje særleg interessert i dette og ønskte seg etterkvart snarast heim til låven. Etter ein forholdsvis jamn 1. omgang der Rollon utnytta sjansane sine, mens Norborg trefte aluminiumet eit par gongar. Vart ein latterleggjort etter pause. 7-0 stod det då Johan Stavik tre minutt på overtid scora sitt første seriemål for A-laget og vi fekk i alle fall med oss eit mål med heim. No er det sommarferie, men Norborg bør nok nytte denne til å trene.

Vi merka det allereie i garderoba før kamp at det var ei trykka stemning. Eit par av spelarane var dårlege i magen og ropte på elgen, medan den fleipete praten ikkje var til stede. Likevel, Norborg kom greitt i gong då dommar Holm blåste for avspark. Norborg kom seg til kampen sin første sjanse då Marius Rogne kom seg rundt på kant og fann Tarjei Urkedal framfor mål. Avslutninga frå fremste stolpe gjekk like utanfor.

Etter eit drygt kvarter spelar Rollon seg fram til corner, og nettopp dødballar skulle bli Norborg si skjebne i denne kampen. Eivind Nordstrand får stå heilt åleine ved bakerste stolpe og styrer enkelt inn 1-0. Norborg er nær ved å utlikne berre minuttet etter, men Marius Rogne sitt skot frå 14 meter gjekk i nettveggen. Så får Rollon ein ny dødball. Denne gong eit frispark på venstrekanten midt inne på Norborg sin halvdel. Ballen vart slått inn i feltet, keeper Kenneth Hånde må gi retur og ballen faller i beina på Tommy Howden som sette den i nota til 2-0. Kampen er jamn i denne omgangen, og i det 36. minutt er Norborg nær redusering då Marius Rogne legg inn til Tarjei Urkedal på bakerste som headar ballen inn igjen i feltet til Peter Elias Grytten, men han får ikkje berre så vidt tåa på ballen og avslutning går utanfor. Eit par minutt seinare sende Marius igjen ballen inn i feltet. Denne gong går ballen i fin boge over keeper Kristian Muriaas og på innsida av stolpen. Norborg var her millimetere frå redusering. I staden er det Daniel Gjerde som utnyttar eit sovande Norborg-forsvar og får runde keeper og sette ballen i tomt mål til 3-0. Like før pause er det Edward Laverton som er nær redusering då han vipper ballen opp og fyrer av frå tjue meter, men ballen går klin i krysset og ut. Norborg hadde ikkje marginane med seg i denne omgangen og måtte gå til pause med litt flatterande 3-0 til Rollon. Sjansestatistikken viste nemleg 5-4, og då ser vi bort i frå Rogne sitt innlegg i stolpen.

Norborg legg om frå 3-5-2 til 4-3-3 til 2. omgang. Rollon får no kontroll på midtbana og produserar sjansar på løpande band. Det tek likevel eit kvarter før Daniel Gjerde sette inn 4-0 etter ein flott soloprestasjon. 5-0 kjem like etter ved Peter Wilhelmsen etter at Norborg tapte ballen like utanfor eigen 16 meter. Rollon fortsetter å styre alt og Peter Wilhelmsen får gjere sitt andre mål då det er markeringssvikt i Norborg sitt forsvar etter corner. Wilhelmsen breidsider ballen enkelt i mål frå bakerste stolpe. Ikkje ulikt 1-0 målet. Tre minutt før full tid er det klart for Rollon sitt tredje cornermål då Michael Larsen header inn 7-0. Kvar var Norborg sitt forsvar her?

Tre minutt på overtid gjer Johan Stavik sitt første seriemål for A-laget då han putter åleine med keeper etter gjennomspel av Skjalg Volstad.

Etter ein brukbar 1. omgang der vi berre kan klage på duellviljen på defensive dødballar, så gjekk Norborg opp i liminga etter pause. Absolutt ingenting stemte og heimelaget fekk gjere som dei ville. Vi skal ikkje dvele så mykje meir med det og gratulerer Rollon med ein godt gjennomført kamp og også eit flott kamparrangement.

Laget: Kenneth Hånde – Asgeir Kalvø, Kjell-Terje Brusdal, Hans Edvard Nordang (Jan Even Drønnesund, 46) – Ole Johan Urke, André Larsen, Preben Lorgen (Cato Longva, 59), Edward Laverton, Marius Rogne (Johan Stavik, 69) – Tarjei Urkedal, Peter Elias Grytten (Skjalg Volstad, 46).

Dommar: Arild Holm (Valder)
Assistentar: Håkon Tronstad (MSIL) og Jonny Dyb (Giske)

God kamp av trioen.