Rollon – Norborg 3-4

Rollon – Norborg 3-4 (0-2)
Ratvika KGB, 24.04.10

Sjansar: 9-5

0-1 Kristoffer Søviknes (13), 0-2 André Larsen (28), 1-2 Richard Ytterlid (50), 2-2 Daniel Gjerde (52), 2-3 Tarjei Urkedal (57), 2-4 Geir Ove Grønli (84), 3-4 Vebjørn Olsbø (88)

Norborg viste høg effektivitet då Rollon vart senka i ein kamp prega av mykje kriging og lite fint spel. Dermed har Norborg fått ein fin start på årets 3. divisjon med fire poeng på to kampar.

Rollon starta best og spelte seg fram til to brukbare sjansar dei første fem minutta, men utan å få uttelling. Norborg sleit med både banedekket og ball, men 13 minutt ut i kampen får ein frispark nokre meter inne på Rollon sin halvdel. Jan Even Drønnesund slår ballen inn i feltet der Alexander Eide etterkvart får stussa ballen til Kristoffer Søviknes. I kamp med to Rollon-forsvarar kjempa han med seg ballen og sette den i nota bak keeper Kristian Muriaas.

Norborg var no på hogget og få minutt etter hindra stolpen to-målsleiing då Alexander Eide avslutta frå 7 meter etter at Kristoffer Søviknes kom seg rundt på kanten. 0-2 skulle likevel kome då Skjalg Volstad la ballen til rette for André Larsen som klinka ballen nede ved stolperota frå om lag 30 meter.

Lite underhaldande 1. omgang der heimelaget fekk lite til mot eit godt organisert og effektivt Norborg-lag.

Rollon gjekk rett i strupa på Norborg etter pause, og før ti minutt var spelt hadde gutane frå Larsgården henta opp oransjetrøyene si leiing. Først får Richard Ytterli avansere med ballen og sette ballen i nota. 2-2 kom ved Daniel Gjerde etter nølande forsvarspel av Norborg. Rollon var også nær 3-2 etter eit frispark av Alexander Löwensprung som Kim Haagensen heada over frå få meter.

Norborg var i denne perioden stadig på etterskot og starta å henge med hovudet. Men så får ein frispark litt inne på Rollon sin halvdel. Kristian Søviknes slår ballen inn i feltet, Geir Ove Grønli stussa til Tarjei Urkedal som sette ballen i lengste frå skrått hald. Eit særs viktig mål av Norborg sin toppscorar som starta på benken.

Rollon styrte det meste av omgangen og kom seg til fleire sjansar, men Norborg sin keeper Trond Elstad og forsvaret ryddar opp. Fem minutt før ordinær tid er ute går ein så opp til 2-4 då Tarjei Urkedal la inn til Geir Ove Grønli som headar i mål ved bakarste stolpe.

Rollon er kjent for å kjempe til siste slutt. Sender alle mann i angrep og skapar ny spenning då Vebjørn Olsbø skyt stolpe inn. Fem minutt på overtid kunne Norborg sin siger igjen glippe då ein Rollon-spelar får stå fritt på ti meter og heade etter ein corner. Denne gong gjekk heldigvis for Norborg ballen ein halv meter til side for mål, og Norborg kunne juble for tre poeng.

Norborg fekk aldri til spelet i 2. omgang og vart pressa bakpå i store delar av omgangen. Effektiviteten var likevel upåklageleg. Fire mål på fem sjansar er sjeldan kost.

Best på Norborg i denne kampen var Kristoffer Søviknes. Han jobba steinhardt og scora det viktige førstemålet. Dommar Jan Erik Bratteberg (Ørsta) hadde ein god tone med spelarane kampen igjennom.

Norborg skal ut i ny bortekamp allereie torsdag. Då mot Stranda.

Laget: Trond Elstad – Kristian Søviknes, Kjell-Terje Brusdal, Roger Grytten, Jan Even Drønnesund – Ole Johan Urke (Eivind Fjørtoft, 83), André Larsen (Kristian Furnes, 88), Skjalg Volstad (Tarjei Urkedal, 53), Alexander Eide (Daniel Olsbø, 68) – Geir Ove Grønli, Kristoffer Søviknes.

Dommar: Jan Erik Bratteberg (Ørsta)
Assistentar: Norvald Helge Lausund (Lepsøy) og Oddbjørn Hatlehol (Brattvåg)