Norborg – Brattvåg 2-2

Norborg – Brattvåg 2-2 (1-0)
Norborg KGB, 15.04.10

Sjansar: 10-10

1-0 Ole Johan Urke (44)
1-1 Kristian Grønmyr (56)
2-1 Kristoffer Søviknes (60)
2-2 Martin Sundnes (90+5)

Norborg hadde Brattvåg lenge i kne, men heile fem minutt på overtid var Martin Sundnes som så ofte før på rett plass til rett tid og banka ballen i mål. Utruleg bittert for heimelaget, som stilte seg uforståande til at dommaren la til fem minutt etter at han først signaliserte fire.

Dette var lokaloppgjeret som innehaldt det meste. Mål, sjansar, utvising og spenning til siste slutt. Likevel bar det preg om at dette var serieopning med mange feilpasningar og feil val.

Sidan Brattvåg vann begge desse oppgjera i fjor så har laget henta inn fleire spelarar. Norborg på si side er har omtrent same stallen bortsett frå at mange av dei no oppheld seg ikkje berre utanbygds, men også utanlands.

Spelet før pause bølgja fram og tilbake med sjansar til begge lag. Vi føler likevel at Norborg hadde dei største sjansane, for både Geir Ove Grønli og Ole Johan Urke hadde særs store sjansar før sistnemnde sette inn 1-0 minuttet før pause. Målet kom etter godt forarbeid av Kristoffer Søviknes på høgresida. Han fann Urke framfor mål som plasserte ballen flott til side for keeper Geir Roar Gamlem og i mål.

I 2. omgang skulle det bli endå meir action. Tre minutt ut i omgangen blir Brattvåg sin trenar Oddmund Otterlei vist bort frå benken etter å ha sprunge Jan Even Drønnesund over ende. Brattvåg fekk eit lite overtak på heimelaget i denne omgangen, men Norborg kontra godt og skapte store problem for Brattvåg sitt forsvar.

Dryge ti minutt ut i omgangen vinn Brattvåg ballen inne på Norborg sin havldel og får til slutt innkast på si venstre side. Med Kristian Grønmyr i spissen får dei til flotte kombinasjonar som til slutt endar ved at Grønmyr sette ballen i mål frå skrått hald.

Norborg slår raskt tilbake og går opp i 2-1 på eit skot frå 17 meter av Kristoffer Søviknes. Etter dette har Norborg gode sjansar til å auke leiinga, men verken Geir Ove Grønli eller Tarjei Urkedal finn vegen til nettmaskene.

Sjansebrenninga vart til slutt hardt straffa då Martin Sundnes sette inn 2-2 etter corner eitt minutt på overtid av overtida. Dermed ville det seg ikkje for Norborg denne gong heller i det 7. forsøket på å slå sine naboar i nord.

Vi kjem tilbake med bilete og kommentarar søndag.

Laget: Espen Wold – Kristian Søviknes, Kjell-Terje Brusdal, Roger Grytten, Jan Even Drønnesund – Ole Johan Urke (Johan Stavik, 75), André Larsen (Steffen Grytten, 68), Skjalg Volstad (Eivind Fjørtoft, 90), Daniel Olsbø (Tarjei Urkedal, 46) – Geir Ove Grønli, Kristoffer Søviknes.