Hareid – Norborg 4-0

Hareid – Norborg 4-0 (1-0)
Hareid KGB, 20.08.10

Sjansar: 8-6

1-0 Tore Johan Ytre-Hauge (11)
2-0 Kim-Tore Husøy (69)
3-0 Kim-Tore Husøy (str. 80)
4-0 Kim-Tore Husøy (82)

To positive ting for Norborg denne kvelden. Ein fekk ha ballen i ca. 70% av kampen og ein nådde ferga som gjekk ti minutt etter kampslutt. For dette var nok ein kamp Norborg hadde vunne på ein normal dag, men ein sette ikkje sjansane og har marginane mot seg. Slikt gir lite poeng.

Begge lag hadde store mannskapsproblem, men Hareid hadde i alle fall stabla Kim-Tore Husøy på beina. Han var temmeleg anonym før pause, men då Norborg etterkvart satsa meir og meir framover utnytta han bakrommet og vart kampens store spelar med tre mål.

Hadde ballen
Norborg eigde kampen mellom 16 meterane og trilla ball mot eit halvsløvt heimelag, som stort sett dunka ballen opp mot Kim-Tore Husøy på topp. Ingen ukjent taktikk for Norborg som tok seg oppover divisjonane på første halvdel av dette årtusenet med ei presis 70 meterspasning frå Kenneth Vegsund til Geir Ove Grønli som stussa igjennom til Kim Idar Krogsethagen. Likevel, vi tør påstå at Norborg også i “dei gode gamle dager” forsøkte å spele meir fotball enn det Hareid har gjort i dei to kampane vi har sett dei i år. Likevel, ein må spele på sine styrker og nytte den taktikken som dug, og Hareid er gode til å spele “rævafotball”.

Marginar i mot
11 minutt ut i kampen spelar Hareid seg fram til corner. Denne endar opp hos Tore Johan Ytre-Hauge på om lag 16 meter. Han sette ballen oppe ved krysset på halvspretten. 1-0 til Hareid, og det etter at dei knapt nok hadde vore borti ballen. Vi ana allereie då at dette kanskje var dagen då ein hadde marginane i mot. Og vi skulle få rett. Få minutt etter rullar Norborg opp eit flott angrep på venstresida. André Larsen legg eit perfekt innlegg til Elling Mikal Kalvø, men frå kloss hald sette hamnsundingen ballen i tverrliggar. Uflaks!

Straffesituasjonar
Ved halvspelt omgang har ikkje Norborg uflaks, men ein svaksynt dommar i mot seg. Tarjei Urkedal blir tydeleg dratt ned i feltet i kamp om ballen, men dommaren overser situasjonen. Norborg skulle og burde fått straffe i denne situasjonen. 20 minutt ut i 2. omgang blir Norborg igjen snytt for straffe. Denne gong er det ein Hareid-spelar som handsar inne i straffefeltet, men dommar bryr seg ikkje.

Elling Mikal Kalvø får sin andre sjanse i kampen like før pause etter veggspel med Kristoffer Søviknes. Denne gong er det ikkje tverrliggar, men Hareid sin gode keeper Vagn Scheide Mork som står i vegen. Dermed går laga til pause med 1-0 til Hareid. Eit ganske flatterande resultat.

2. omgang startar omtrent slik som den første gjekk føre seg. Norborg har ballen og kjem seg raskt fram til to gode sjansar. Først headar Alexander Eide eit innlegg frå Knut Ivar Bjørlykhaug utanfor. Før Elling Mikal Kalvø igjen får sjansen etter forarbeid av Kristoffer Søviknes, men avslutninga blir for svak.

Kim-Tore Husøy
Hareid sitt angrepsvåpen er den raske, tekniske og arbeidsomme Husøy. Han fekk lite til den første timen då Norborg sitt forsvar ga han lite rom, men etterkvart som Norborg stod høgare på bana kom han til sin rett og starta å skape sjansar. Etter eit par stikkarar i bakrom og skot over mål, så får han god tid til å klinke ballen i mål etter corner. Så spørs det om Hareid hadde kome seg til corner om dommar ikkje hadde stjelt eit innkast frå Norborg tjue sekund før. Irriterande!!

Tarjei Urkedal fekk Norborg sin siste store sjanse då han om lag frå straffemerket sette ballen over Hareid sitt mål. I staden for redusering bestemmer dommar Bakkom seg for dele ut julegåvene tidleg i år då han peikar på straffemerket etter at Ytre-Hauge gjekk ned i feltet etter å ha blitt takla av keeper Trond Elstad. Norborg er altså snytt for to straffe, medan Hareid får ei billeg ei. Husøy sette sjølvsagt straffa sikkert i mål til 3-0. Då gav Norborg meir eller mindre opp og Husøy fekk få minutt etter sette inn sitt tredje mål for dagen. Dermed taper Norborg for andre gong på tre kampar med fire mål, og det etter å ha hatt banespelet.

Norborg hadde som nemnt banespelet, men det blir for mykje overdreven balltrilling på midten og for få av dei stikkarane som opnar opp motstandaren sitt forsvar. Likevel, ein skapar store nok sjansar til å score både 1, 2 og 3 mål. Men ein lykkast ikkje verken framfor eige eller motstandars mål, og manglar i enkelte situasjonar den gutsen ein hadde i fjor. Hareid mangla også den gutsen dei viste i Uggedalen for nokre månadar sidan, men scora fire mål og må vel då kunne seiast å vinne fortent, sidan det tross alt er mål det handlar om i fotball.

Dommar Bjørn Bakkom sine prestasjonar var omtrent som Norborg sine. OK, utanfor 16 meterane, men svak innafor. Få feil, les vi på Hareid si heimeside. Feila han gjorde var i alle fall av det grove slaget. Han overser to klare straffer til Norborg og gir ei billeg ei til Hareid. Han deler ut kort i hytt og pine til dei for dagen svarte og kvite. Heile fem kort vart det, og ingen til Hareid. Tvilsamt..!

Norborg sin neste kamp er måndag 30. august kl. 1830 mot Hødd2.

Laget: Trond Elstad – Kristian Søviknes (Hans Edvard Nordang, 34), Roger Grytten, Jan Even Drønnesund, Knut Ivar Bjørlykhaug – Ole Johan Urke (Bee, 75), André Larsen, Alexander Eide (Kjell-Terje Brusdal, 78), Elling Mikal Kalvø – Kristoffer Søviknes, Tarjei Urkedal.

Dommar: Bjørn Bakkom (Vartdal)
Assistenar: Øyvind Kringstad (Valder) og Rolf Eldevik (Ellingsøy)

Gule kort: Trond Elstad, Jan Even Drønnesund, André Larsen, Kristoffer Søviknes og Tarjei Urkedal