Spjelkavik – Norborg 3-2

Spjelkavik – Norborg 3-2 (1-0)
Spjelkavik KGB, 04.04.08

6 sjansar 4
3 cornere 2

1-0 Sjølvmål (16)
1-1 Ole Johan Urke (51)
2-1 ? (73)
2-2 Stein Erik Alvestad (75)
3-2 ? (86)

Dommar: Rolf Jarle Eldevik (Ellingsøy)

Laget: Geir Roar Gamlem – Kristian Furnes, Roger Grytten (Kristian Søviknes, 83), Kjell Terje Brusdal (Jan Even Drønnesund, 46), Kristoffer Søviknes (Elling Mikal Kalvø, 46) – Kristian Søviknes (Ole Johan Urke, 46), André Larsen (Stein Erik Alvestad, 46), Steffen Grytten (Bee, 69), Stein Erik Reitan (Skjalg Volstad, 69) – Tarjei Urkedal (Geir Ove Grønli, 69), Adrian Håbet.

Etter fem strake sigrar måtte Norborg sjå seg slått 3-2 av 3. divisjonslaget Spjelkavik. Heimelaget hadde ballen mest og vann alt i alt fortent i ein heller sjansefattig kamp.

Spjelkavik kunne til slutt gå av bana som sigersherrar i treningskampen mot Norborg fredag kveld, men det såg lenge ut til at trenar Ivar Roald sine disiplar nok ein gong skulle nekte å tape. Eit heldig mål fire minutt før slutt avgjorde kampen for heimelaget.

Hardt straffa
Norborg vart hardt straffa for sine defensive feil i denne kampen. Den første kom etter eit kvarters spel. Nølande forsvarsspel gjer at ein Spjelkavik-spelar får snappe ballen utafor kanten av straffefeltet. Han sender av garde eit tilsynelatande svakt skot som midtstoppar Roger Grytten prøver å blokkere. Dette fører berre til at ballen forandra retning og utmanøverer keeper Geir Roar Gamlem. Ballen trilla då inn ved stolpen og 1-0 til heimelaget.

Spjelkavik hadde ballen særs mykje før pausen, vann duellane på midten og viste eit høgare ferdighetsnivå enn sin motstandar frå divisjonen under. Likevel kom ikkje raudtrøyene seg til noko meir enn halvsjansar mot eit kompakt Norborg-lag. Norborg på si side sleit med å få tak i ballen og greidde aldri å etablere noko spel. Eit par kontringar vart det likevel og Tarjei Urkedal burde nok ha fått meir ut av sin sjanse tidleg i kampen då han vart spelt igjennom av Adrian Håbet. Skotet til Tarjei vart lett stoppa av keeper Helge Vadset.

Norborg hevar seg
Etter pausen heva Norborg seg, vann langt fleire duellar og fekk vist fram kva som bur i laget. Fem minutt ut i omgangen viste Adrian godt overblikk og slo ballen flott ut til Stein Erik Reitan på høgrekant. Han slo inn til Ole Johan Urke som stussa ballen over keeper og i mål. Stein Erik Alvestad kom inn på bakerste stolpe å stupheada ballen i nettmaskene, men ifølgje Alvestad sjølv, så var ballen då allereie over streken. Dermed får Urke kreditert målet.

Kampen opnar seg meir opp og spelet bølgjer meir. Ved halvspelt omgang får Vegard Nybø (?) ein stor sjanse, men headinga hans går utafor stolpene. Nokre minutt seinare tek likevel Spjelkavik leiinga etter eit raskt slått frispark i bakrom og Spjelkavik-spissen får runde keeper å sette ballen i mål. Norborg sine spelarar hevdar etter kampen at det her burde vore avblåst for offside, men ein god Rolf Jarle Eldevik hadde ikkje hjelp av linjedommarar i denne kampen.

Norborg kjem raskt tilbake og utliknar ved Stein Erik Alvestad. Han putter frå kort hald etter retur frå keeper på eit skot frå Adrian Håbet. Minuttet seinare er Alvestad på raid oppover venstresida, finn Håbet inne på 16, han vender opp og avslutter, men diverre for Norborg rett på keeper.

Norborg går litt opp i liminga på slutten og fire minutt før slutt avgjer heimelaget kampen på frispark frå 35 meter. Ballen blir slått inn framfor mål, keeper feilberegner og går i mål. Eit skikkeleg skitmål det er best å få unnagjort før seriestart.

God matching for Norborg som her møtte eit lag som er kvikkare i både hovud og bein enn det ein normalt møter i 4. divisjon. Norborg sin bestemann var i dag Roger Grytten. Den tekniske midtstopperen var uheldig på Spjelkavik sitt første mål, men tok etterkvart meir og meir tak i kampen. Dagens positive overrasking var Stein Erik Alvestad. Spelaren som normalt er venstreback kom inn på sentral midtbane til 2. omgang og tok tak i kampen med duell- og løpsvilje. Eitt mål fekk han også.

Neste kamp for Norborg er mot Ørskog. Siste test før serieopning mot ÅVK 17. april.