Stranda – Norborg 5-1

Stranda – Norborg 5-1 (2-1)
Treningskamp, Stranda KGB, 08.03.07

11 sjansar 5
7 hjørnespark 4

1-0 Ronnie Furset (22)
2-0 Ronnie Furset (26)
2-1 Kristoffer Søviknes (38)
3-1 Ronnie Furset (68)
4-1 Bjørnar Aure (73)
5-1 Bjørnar Nupen (90)

Dommar: Steinar Hjelle (Sunnylven)

Laget: Geir Roar Gamlem – Stein Erik Alvestad, Elling Mikal Kalvø, Kjell Terje Brusdal, Stein Erik Reitan – André Larsen, Kristian Søviknes, Erlend York (Eivind Fjørtoft, 46) – Ole Johan Urke (Bee, 67), Kristoffer Søviknes (Erlend York, 86), Skjalg Volstad (Kristian Furnes, 67)

Snittalder: 20,5

Tidenes yngste (?) Norborg-lag kjempa tappert og leverte trass firemålstap, ein bra kamp mot eit solid Stranda-lag. Den største forskjellen på laga var lynraske Ronnie Furset. Han terroriserte Norborg-forsvaret og viste kvifor han vart toppscorar i fjorårets 4. divisjon.

– Vi tek med oss prestasjonane, tek med oss den positive moralen i laget og tek kampen som god læring for alle dei unge som fekk mykje speletid i den rutinerte stammen sitt fråver. God debut av Skjalg, god kamp av minstemann Kalvø, glimrande kunstgrasdekke og prima innsats av samtlege, sa trenar Kristian Søviknes etter kampen.

Nær sjokkopning
Under strålande forhold på Stranda KGB gjekk det unge Norborg-laget respektlaust til verks og var nær ved å ta leiinga ved Ole Johan Urke i opningsminuttet, men avslutninga frå kloss hald vart redda. Oransjetrøyene fortsette å vise seg fram med fott kombinasjonsspel og frisk angrepsfotball, men mål vart det lite av.

Furset-show
Etterkvart tok Stranda over kampen, og skapte nokre gode sjansar før Ronnie Furset blir spelt igjennom av Espen Hove og scora sikkert aleine med Geir Roar Gamlem i Norborg-målet. Få minutt etter får vi reprise på førstemålet, men denne gong er det Bjørnar Aure som trer Furset igjennom. To mål til Stranda takka vere Furset si fart, kløkt og teknikk.

Snartenkte Volstad
Stranda haldt trøkket oppe, men Norborg haldt tett og dryge fem minutt før pause reduserte ein takka vere ein snartenkt debutant Skjalg Volstad. Han tok eit kjapt frispark ute på høgrekanten og Kristoffer Søviknes fekk vidareformidla innlegget i mål. Han andre mål på to kampar.

Rot fører til baklengs
Etter kvila var Norborg tidvis på høgde med heimelaget, og på stillinga 2-1 fekk Kristoffer Søviknes eit par gjennomspel, men diverre var han ikkje heilt venn med ballen i dei avgjerande situasjonane. Ved halvspelt 2. omgang rotar Norborg det til for seg på midtbana og Furset blir nok ein gong spelt igjennom. Aleine med keeper lobbar han elegant i mål til 3-1. Fem minutt seinare gjer Norborg nok ein gong feil på midten og Bjørnar Aure dunkar ballen i nota frå 16 meter. I sluttsekunda fastsette Bjørnar Nupen sluttresultatet til 5-1 då han scora frå skrått hald.

Norborg kom seg til nokre skot frå 16 meteren, samt ei heading av Eivind Fjørtoft frå kloss hald, men keeper Lars Erik Opsvik gjorde ei glimrande redning. Likevel, ei grei gjennomkjøring av Norborg, som leverte eit betre resultat denne gong, enn i sist bortemøte med Stranda.

Ein lyskeskada Geir Roar Gamlem leverte ein god kamp med fleire strålande redningar og var Norborg sin bestemann.

Norborg sin neste kamp er mot Stordal laurdag 17. februar på Brattvåg KGB. Fleire av dei som var med i denne kampen skal i aksjon for 2. laget som møter Lepsøy på Uggedal grus laurdag 10. mars.