Brattvåg – Norborg 5-2

Brattvåg – Norborg 5-2 (4-0)
Treningskamp, Brattvåg KGB, 20.02.07

11 sjansar 7
5 cornere 5

1-0 Joakim Stormyr (1)
2-0 Adrian Håbet (24)
3-0 Frank Dalhaug (30)
4-0 Joakim Stormyr (32)
4-1 Steffen Grytten (47)
5-1 Erik Åkre (61)
5-2 Kenneth Vegsund (70)

Dommar: Fredrik Løken (Brattvåg)

Tre beste:
André Larsen
Tarjei Urkedal
Knut Ivar Bjørlykhaug

Laget: Geir Roar Gamlem – Kristoffer Søviknes (Edward Laverton, 65), Knut Ivar Bjørlykhaug (Elling Mikal Kalvø, 82), Kjell Terje Brusdal (Kenneth Vegsund, 58), Stein Erik Reitan (Ole Johan Urke, 46) – André Larsen, Kristian Søviknes, Steffen Grytten – Asgeir Kalvø, Geir Ove Grønli (Jan Even Drønnesund, 65), Tarjei Urkedal.

Snittalder: 23,25

Brattvåg tok ein oppskriftsmessig siger over nabo Norborg under iskalde forhold på Brattvåg KGB tysdag kveld. Heimelaget viste stor effektivitet og gjekk til pause med heile 4-0. I 2. omgang var oransjetrøyene hakket kvassare og fekk pynta på resultatet.

Det tok berre 50 sekund før storfavorittane frå Brattvåg tok leiinga i denne treningskampen. Målet kom etter eit godt oppbygd angrep mot eige mål av Norborg! Ballen endar hos Joakim Stormyr, som lobber elegant over Geir Roar Gamlem og i mål. Stormyr kunne knapt drøyme om ein betre debut på heimebane.

Gode Norborg-sjansar
Norborg kom seg etterkvart til hektene og var nær utlikning då terrier Tarjei Urkedal vinn ballen nede ved hjørneflagget og får lagt inn til Geir Ove Grønli. Men med la framfor augene treff ikkje Grønli skikkeleg og ballen går utafor mål. Minuttet etter har Norborg fått frispark inne på Brattvåg sin halvdel. Kristian Søviknes finn ein totalt fri Steffen Grytten på 5-meteren, men Norborg sin toppscorar treff ikkje skikkeleg og sjansen renn bort i sanden.

Punkterar kampen
Når vi nærmar oss tjue spelte minutt startar Brattvåg å få meir grep om kampen med sine lettbeinte og gode tekniske spelarar. På få minutts mellomrom kjem ex-norborgar Adrian Håbet seg til to store sjansar. Først sette han ballen i stolpen, før han har fått stilt inn siktet og skyt ballen i nettmaskene ved bortarste stolpe etter å ha vunne ein løpsduell med Reitan.

Brattvåg var no inne i sin beste periode i kampen, og etter ein halvtime er det trenaren sjølv, Frank Dalhaug, som får legge på til 3-0 direkte på frispark utafor 16 meteren. To minutt seinare rotar Norborg sitt forsvar skikkeleg til for seg og Joakim Stormyr snappar ballen og sette inn 4-0.

Brattvåg var det beste laget i 1. omgang og viste fart, presisjon og effektivitet. Spesielt frå 20 minutt og ut var det divisjonsforskjell på laga. Norborg var positive det første kvarteret og dei færraste trudde nok då at ein skulle ligge under 4-0 ved pause. Etterkvart var det likevel lite som stemte og spesielt klareringane var horrible.

Norborg løfta seg
Etter pausen løfta Norborg seg fleire hakk mot det nye Brattvåg-laget som entra bana. Steffen Grytten reduserar til 4-1 tidleg i omgangen då han stusser inn eit godt innlegg av Kristoffer Søviknes. Ti minutt ut i omgangen får Norborg nok ein god sjanse til å redusere. Denne gong på straffe etter at Tarjei Urkedal vart felt, men Geir Ove Grønli slit med å finne nettmaskene og sette straffa utafor stolpane.

Brattvåg er heller ikkje ufarlege i denne omgangen. Først får Lennart Holmem ein stor sjanse, men åleine med keeper Gamlem vel han å avslutte tidleg og skyt over. 5-1 let likevel ikkje vente lenge på seg. Litt ut av ingenting får Erik Åkre skote i “blinde” frå 15 meter. Ballen går i ei høg boge og dalar fint ned i mål.

Superspiss Vegsund
Norborg har ballen mykje i andre del av 2. omgang, og tjue minutt før slutt pyntar Kenneth Vegsund på resultatet då han stussar inn ein godt slått corner av Kristian Søviknes. På ein knapp omgang som spiss har den tidlegare midtstoppar Vegsund scora to mål. Eit nytt spissfunn på gong? På slutten av kampen hadde begge laga kvar sin sjanse til å score. Steffen Grytten heada utafor frå god posisjon på eit innlegg av Ole Johan Urke, medan Erik Åkre var igjennom for Brattvåg. Avslutninga gjekk svakt utafor.

Positiv avslutning
Etter eit par tunge kampar fekk Norborg seg eit løft i 2. omgang og fann endeleg vegen til nettmaskene igjen. Rørsla og pasningane sat betre enn på lenge og det var tidvis bra standard på oransjetrøyene sitt spel. Spesielt positivt å sjå at André Larsen har starta å bli varm i den oransje trøya. Tidvis bra også av Tarjei Urkedal i ein kamp der samtlege spelte seg kraftig opp etter kvila.

Dei aller fleste trenarane på Sunnmøre kan misunne Oddmund Otterlei og Frank Dalhaug den breidda dei har i stallen sin, for som i sist kamp mot Rollon, bytta Brattvåg omtrent heile laget i pausen. Det gjekk då litt tråare og ein vart litt springande imellom, men både laga i 3. og 6. divisjon har noko å frykte av gultrøyene i år.

– For mange enkle personlege feil i 1. omgang som gjer at vi serverer dei mål på gullfat. I 2. omgang får vi ei kollektiv heving, og set igjen med ei positiv følelse etter kampen. Då har vi det gøy utpå bana, og speler mykje positiv fotball. Så no ser vi fram til Hano-kampen på søndag, ei ny tøff batalje der vi håper å ta eit skritt vidare på ferden mot seriestart, sa Kristian Søviknes etter kampen.

Norborg sin neste kamp er søndag mot HaNo. Ein innleiar då ei tøff kampveke med fire kampar mot 3. og 4. divisjonsmotstand på 8 dagar.

Av: FSE