Norborg – Harøy 1-2

Norborg – Harøy 1-2 (1-0)
Uggedal stadion, 27.03.04

Sjansar: 4-5
Cornere: 1-3

1-0 Steffen Grytten (16)
1-1 Stig Sandøy (77)
1-2 Stian Harnes (78)

Dommar: Arild Vegsund, Norborg

Laget: Geir Roar Gamlem – Jan Even Drønnesund, Kenneth Vegsund, Geir Ove Grønli, Geir Magne Grande (Asgeir Kalvø, 69) – Tarjei Urkedal, Kim Idar Krogsethagen, Steffen Grytten – Samir Sahman, Kenneth Gamlem (Øyvind Kvammen, 46), Edward Laverton

Norborg leverte ei skuffande forestilling mot Harøy på grusen i Uggedalen laurdag ettermiddag. Oransjetrøyene hadde ballen klart mest, men var veldig tafatte i angrep og rauk dermed på eit 1-2 nederlag.

Denne kampen skulle eigentleg spelast på Harøy gras, men på grunn av overvatn vart Uggedal stadion kampstad.

Det var Harøy som kom best igang og var nær ved å ta føringa allereie etter eit halvt minutt. Geir Ove Grønli slurvar i forsvar og Stig Sandøy mottar ballen. Han legg inn til Stian Harnes som avsluttar utafor frå 10 meters hald.

Norborg har vinden i ryggen og kobler eit grep om midtbana, men sistepasninga vert som regel for upresis og ein skapar difor svært lite trass det spelemessige overtaket. Etter eit kvarter spel får Norborg frispark midt inne på Harøy sin banehalvdel. Steffen Grytten vurdera vinden, sikta på bakerste stolpe, og skyt i mål til 1-0.

Nokre minutt seinare er Tarjei Urkedal nær ved å doble leiinga, men keeper får avverja til corner. Norborg fortsette å styre kampen, men bortsett frå nokre skotforsøk frå distanse blir det skapt utruleg lite.

Etter kvila er det Harøy som har vinden i ryggen, og fem minutt ut i omgangen er blåtrøyene nær ved å utlikne. Ein Harøy-spelar får avansere med ballen og skyt frå 18 meter, men skotet går utafor. Her kunne nok Harøy-spelaren gått endå nokre meter før han avslutta. Nokre minutt etter får Norborg sin største sjanse i kampen. Edward Laverton fører ballen og spelar til Samir Sahman som står heilt aleine på 10-12 meter, men avslutninga hans går utafor.

Etter desse underhaldande opningsminutta på omgangen går vi inn i ei lang periode med stort sett balltrilling frå Norborg. Men knappe kvarteret før slutt vakna kampen til liv, og det er Harøy som skaper sjansane. Først får Odd Einar Molnes sjansen aleine med Geir Roar Gamlem i Norborg-buret, men misser. Minuttet etter får Stig Sandøy stå aleine på bakerste stolpe å putte ballen i mål til 1-1. Norborg gir raskt frå seg ballen etter løysing, Stian Harnes mettar eit oppspel og scorar sikkert aleine med Geir Roar. Dermed har Harøy snudd kampen på berre eitt minutt spel.

Norborg sende etter dette Geir Ove fram i angrepet for å få litt meir styrke på topp, men oransjetrøyene verka tafatte og greidde ikkje å skape anna enn eit par halvsjansar dei siste ti minutta. Dermed vann Harøy 2-1.

Norborg leverte ein skuffande kamp. Ein fekk aldri noko rytme i angrep, og det som vart skapt kom stort sett på grunn av enkeltmannsprestasjonar. Unnskyldninga for tapet er at ein stilte utan faste spelarar som Roger Grytten, Christian Søvik, Stein Erik Reitan, Eirik York, Kristian Søviknes og Alexander Gamlem. I tillegg måtte ein sjuk Kenneth Gamlem gi seg etter ein omgang.

Dei mest positive på Norborg var midtbaneterriane Tarjei Urkedal og Steffen Grytten.

Harøy har gått på ein del tap den siste tida, men opptrådde kompakt i forsvar og tøffe i duellane. Fortsette laget slik så kan dei vere med å kjempe i toppen av 5. divisjon.