Norborg – Tomrefjord/Fiksdal/Rekdal 9-1

Norborg – Tomrefjord/F/R 9-1
Sunnmørshallen 27.01.02

1-0 K.Vegsund (14)
2-0 K.Søviknes (25)
3-0 K.Gamlem (34)
4-0 T.Urkedal (45)
5-0 K.Gamlem (49)
6-0 K.Grytten (63)
7-0 K.Krogsethagen (70)
8-0 K.Vegsund (75)
9-0 K.Krogsethagen (78)
9-1 (89)

Tomrefjord/Fiksdal/Rekdal var ingen målestokk for årets Norborgutgåve. Alle fekk speletid i ein kamp oransjetrøyene dominerte frå start til slutt. Forsvaret satt bra og sjansane vart tatt vare på.

Etter 14 minutt fekk Norborg frispark på midtbana. Christian Søvik løfta ballen inn i feltet og Kenneth Vegsund sette den i mål. 10 minutt seinare la nok ein gong Christian inn i feltet der Kristian Søviknes dunka ballen i krysset med høgra. Norborg fekk så frispark inne på T/F/R sin halvdel. Søvik la inn der Kenneth Gamlem dempa ballen flott og skaut i mål. Like før pause krangla Tarjei Urkedal med seg ballen og putta den fint i mål.

Norborg gjorde ein del bytter ved pause, men fortsatte likevel kjøret mot romsdalingane. Det gjekk berre fire minutt før ein corner frå Kim vart heada kontant i nota av Kenneth Gamlem. Midtvegs i andre omgang kom Alexander Gamlem seg rundt på kanten, la fint inn til Kenneth G som vart felt…STRAFFE! Kurt tok den lange turen opp for å ta straffa. Kurt feila ikkje, og dundra ballen til venstre for keeper. I det 70. minutt tok Christian ein utsøkt corner som Kim lett nikka i mål. Fem minutt seinare var det duka for reprise, men denne gong med Kenneth Vegsund som avsluttar. Nokre minutt seinare snappa Alex ballen og slo ein genial stikkball til Kim. Han kom åleine med keeper og sette ballen sikkert i mål. Då det gjekk mot slutten fekk TFR eit heldig mål (også kalla trøstemål).

Kurt- JanE(Torstein V 45), Vegsund, Kalvø, Christian- Tarjei(Steffen 60), Vatnehol(Alex 45), Reitan(Vebjørn 45), Søviknes(Stavik 48, Tennfjord 61)- Kim, Kenneth G(Daniel 67)

NB! Vi hadde planar om å filme kampen, men grunna FA-cupen valde vi å utsette premieren.