Midsund – Norborg 6-1

Midsund – Norborg 6-1 (3-1)
Skeidvoll kunstgras, 03.04.04

16 sjansar 5
4 hjørnespark 1

Gult kort: Silje Mathisen og Camilla Krogsethagen

1-0 (17), 2-0 (23) 2-1 Camilla Krogsethagen (25) 3-1 (33), 4-1 (55), 5-1 (60), 6-1 (73)

Laget: Terese Brusdal – Sandra Larsen, Linda Hansen, Inger Ann Søvik, Jannicke Gjerset – Silje Mathisen, Camilla Krogsethagen, Linda Stavik, Linda Holmeset – Ingrid Ahrens, Jannike Ryssgård
Reserver (alle benytta):
Karen Elise Erikstad, Anette Sæter, Henriette Johannessen

Norborg sitt damelag måtte nok ein gong gå av bana med tap i ein 11’ar kamp. Men trass tap var det framgang frå dei to andre kampane. Ein greidde å skape fleire sjansar samt score eit mål.

Norborg opna kampen best og trykte Midsund tilbake på bana dei første ti minutta. Første sjansen kom etter vel to minutts spel. Norborg har frispark på høgresida midt inne på Midsund sin banehalvdel. Inger Ann Søvik slår ballen inn i feltet, Midsund får ikkje klarert og Jannike Ryssgård får avslutta, men ballen blir redda på streken.

Etterkvart starta eit fysisk robust Midsund-lag å ta over kampen, og etter dryge kvarteret må Norborg-keeper Terese Brusdal plukke ballen ut av nettet. Midsund vann ballen på midten og spelte igjennom spissen Inger Anne (?) som kaldt sette ballen i nota aleine med keeper. Nokre minutt seinare skjer nærmast det samme. Midsund slår ein stikker i bakrommet til Inger Anne (?), ho spring frå Norborg-forsvaret å scora sikkert aleine med Terese. Begge måla kom som eit resultat av at Norborg sitt forsvar ikkje fall av i tide.

Norborg kjem seg likevel raskt til hektene etter Midsund sin offensiv og redusera ved Camilla Krogsethagen. Ho kjem seg fri frå forsvaret ute på venstrekanten, skjer inn mot 16 meteren og dunkar ballen i mål. Dette var Norborg sitt første mål i ein 11’ar damekamp nokon sinne.

Etter reduseringa får vi ein ti minutts periode der Midsund trykke på og skapar fleire sjansar, men ein kombinasjon av svake avslutningar og gode redningar av Terese held Norborg inne i kampen. Etter 33 minutt må Norborg likevel sjå at Midsund aukar til 3-1, og det på eit mål som burde ha vore avvinka for offside. Nok ein gong er det Inger Anne (?) som sikkert scora aleine med Terese. Etter målet roa Midsund seg og Norborg kjem meir med i kampen. Fem minutt før pause forfølgje Camilla eit tilbakespel mot keeper. Keeper blir stressa å skyt inn i Camilla, men diverre trilla ballen ut over kortlinja i staden for mål.

Heilt på tampen av omgangen blir Terese skada og må forlate bana. Linda Stavik tok då over keeperhanskane. Litt tidlegare måtte også Ingrid Ahrens forlate bana med skade. Begge kom likevel inn igjen litt ut i 2. omgang.

Etter kvila tek Midsund umiddelbart kommandoen, og berre ei praktredning av Linda Stavik hindrar mål då Inger Anne (?) får avslutte frå 16 meter. Nokre minutt seinare blir det likevel 4-1. Norborg greier ikkje å kome seg opp i ballførar og Kristin (?) får skote i mål frå 17 meter. Nokre minutt seinare er Norborg svært nær redusering etter ein corner, men Midsund får for andre gang i kampen redda på streken. Men det blir berre ved sporadiske forsøk frå Norborg. Midsund fortsette å styre kampen, og får både fem og seks mål. Begge måla på skot frå vel 15 meter.

I løpet av dei siste ti minutta greier Norborg å behalde ballen inne på Midsund sin halvdel over lengre tid. Dette resulterer i to sjansar. Først får Anette Sæter avslutta frå skått hald, men utafor. Like etter er det Linda Stavik som får fyrt av eit skot frå 16 meter, men keeper reddar. Dermed enda det med 6-1 til heimelaget Midsund.

I løpet av dei siste ti minutta greier Norborg å behalde ballen inne på Midsund sin halvdel over lengre tid. Dette resulterer i to sjansar. Først får Anette Sæter avslutta frå skått hald, men utafor. Like etter er det Linda Stavik som får fyrt av eit skot frå 16 meter, men keeper reddar. Dermed enda det med 6-1 til heimelaget Midsund.