Tverrbotshornet

Høgste punkt: 749 m.o.h.
Startsted: Søvik
Tid: 1-2 timer
Parkering: Vetegarasja el. ved fotballbana
Bokregistrering: Ja
Alternativt startsted: Hildre, Engeset, Gryta
Tid: 2-3 timer
Kan kombineres med:Breiskarvatnet, Søvikvatnet, Skålbotsheia og Litlehornet, el. Grytavatnet, Skålbotsheia og Breiskarvatnet

Tverrbotshornet er ei av dei mest “eksotiske” utfluktene ein kan ha i Norborg-land og er vel verdt eit besøk. Den lettaste vegen opp er om ein startar ved vetegarasjen og følger veteveien i 20-30 minutt. Ein kjem då til eit skilt merka Tverrbotshornet. Råsa er tydeleg i starten, men kan enkelte plassar vere lite synbar. Den går gjennom lyng og myr og vi anbefalar vanntette sko på denne turen. Når ein når foten av fjellet blir det ei bratt stigning. Først gjennom lyng så gjennom steinur opp mot toppen. Normale mosjonistar brukar ca. ein time frå parkeringa til toppen. På toppen har ein strålande utsikt i alle retningar.

Fin parkering ved vetegarasja.

Tverrbotshornet sett frå veteveien.

Etter ca. 25 minutts gange langs veteveien tek ein av mot høgre. Dette er tydeleg merka med skilt. Terrenget dei neste ti minutta går i lett terreng før ein startar på stigninga. 

 

På toppen kjem ein til ein varde der Norborg si postkasse er.

På toppen er det ei flat vidde.

Når ein går ned igjen har ein flott utsikt mot Søvikdalen i sørvest.