Pre-match: Norborg2 – Lepsøy

Norborg2 – Lepsøy
Uggedal stadion

Dato: Måndag 18. juni kl. 1830

Dommar: Birger Breivik (Volda)

Sigersvande Norborg2 tek i mot poengdesperate Lepsøy på Uggedal stadion måndag kveld. Eit nytt bortetap og raudtrøyene er langt bak direkte opprykk.

At lepsøyingane startar å verte nervøse opplevde vi torsdag kveld då dei ville ha kampen flytta frå måndag til torsdag. Ein dag Norborg sitt 1. lag møter Godøy. Dette hadde nok passa Lepsøy særs godt, men kampen blir ståande med måndag som kampdag.

Norborg2 har starta godt, men vi vil påstå laget endå har til gode å vise sitt aller beste. Vonleg skjer dette når Lepsøy gjestar Uggedal stadion. Norborg2 stille sin største tropp for året og har mange gode navn. André Larsen var suspendert i sist 1. lagskamp og er med mot Lepsøy. I tillegg er Øyvind Farstad klar for spel i Norborg-trøya. Han er på sommarlån frå NTNUI sitt 4. divisjonslag.

Lepsøy har gått på to overraskande bortetap, samt kasta vekk to poeng heime mot Brattvåg2. Dermed er laget på etterskot mot opprykksrivalane Harøy, Langevåg2 og Norborg2. Angrepet er Lepsøy sin sterkaste lagdel. Frank Gjerde har 3. divisjonserfaring og scorar mange mål på dette nivået. Geir Seth, Alexander Eide og Thomas Ivar Farstad er også spelarar som ofte finn nettmaskene. Lepsøy har heile 4 mann blant dei 7 mestscorande i divisjonen. Vil dei finne nettmaskene mot gjerrige Norborg2?

Laga møttest i vinter på Uggedal grus. Då leia Norborg2 2-0, men øyingane kom tilbake og berga 2-2. Vi forventar eit minst like spennande og opent oppgjer på måndag då klubbane møtest i seriespel for første gong på sju år.

Vél møtt!