Norborg-Guard 3-0 (0-0)
6. divisjon, Uggedal KGB, 15.04.2026
Sjansar: 6-6
Cornere: 5-5
1-0 Robert Dulgheru (56)
2-0 Robert Dulgheru (72)
3-0 Eirik Remen Skarbø (84)
-Endeleg seriestart og denne sigeren smakte veldig godt. Etter ein periode der vi har slete, spesielt defensivt, var dette eit kjempesteg i riktig retning. Endeleg ser vi ut som eit lag der elleve mann jobbar i same retning. Kollektivt er dette definitivt det beste vi har levert i år. Vi har framleis mykje å gå på, men no skal vi bygge vidare på denne prestasjonen i treningsarbeidet og bli endå betre utover sesongen, sa trenar Thomas Gjerde.
Nøyaktig 6 månadar etter at Norborg og Guard avslutta sesongen i fjor stod laga klare til dyst på Uggedal KGB i det som var serieopning for Norborg sin del. Norborg har hatt godt oppmøte på treningane med over tjue mann i snitt, men har slete litt i treningskampane dei siste vekene før seriestart. Det var dermed ein spent gjeng med nytrenar Thomas Gjerde i spissen, som var klare for kamp mot bygutane.
Heimelaget starta kampen hakket best, men sleit med presisjonen på den siste tredjedelen og greidde ikkje å truge Guard-keeper Mathias Tomren Farstad før dryge kvarteret var spelt då den heimvende son Robert Dulgheru testa skotfoten frå omlag 16 meter, men farstad fekk slått til corner. Etter dette fall kvaliteten og konsentrasjonen hos Norborg-gutane. Personlege feil ga gjestane fleire gode sjansar, men den eine gongen ballen gjekk forbi keeper Ronald Søvik Olsen, så stod Willam Jenssen Grytten å redda på strek. Laga gjekk dermed mållause til pause.
Niklas Rekdal ga seg som trenar etter sist sesong, men møtte for første gong dette året opp som spelar. Det skulle bli viktig, for sjølv om kondisjonen, etter eiget utsagn, er på eit botnpunkt, så såg vi at teknikk og spelefortståing er på plass. Rekdal entra bana til 2. omgang, og ti minutt seinare fekk han sin første assist. Norborg hadde etablert eit godt press på Guard etter kvilen og hadde innkast på høgde med 16 meteren. Robin Endré Hånde kasta inn i feltet, Marius Flem Stavik stussa ballen vidare til Niklas Rekdal, som første vende opp og fekk eit skot blokkert, men ballen gekk tilbake til Rekdal som spelte til Robert Dulgheru. Han var iskald og plasserte ballen sikkert i mål frå 7 meter.
Dulgheru var ikkje ferdig for dagen. Eit kvarter seinare vann Eirik Skarbø ballen på midtbana så Marius Flem Stavik fekk sette i gong ei kontring. Han ga til Dulgheru ute på venstrekanten. Han satte fart og tok med seg ballen forbi nokre “guarder” før han klinka ballen i nota frå 20 meter med “feil” fot til 2-0. Vakkert!
Norborg var ikkje ferdig med flotte enkeltmannsprestasjonar. Fem minutt før slutt vann Tobias Jenssen ballen midt på eigen halvdel før han sette i gong eit sololøp ned til Guard si kortline. Sidan det ikkje var meir bane å springe på, vende han opp og passa til Eirik Skarbø. Han tok eit par touch før han sette ballen sikkert i nota frå 6-7 meter og fastsette resultatet til 3-0. Skarbø vart speleklar for Norborg kvelden før og fekk dermed mål i seriedebuten.
Ein solid gjennomført 2. omgang av Norborg då ein heva nivået kraftig frå før kvila. ein fekk då meir trøkk og presisjon i spelet og greidde å utnytte dei store romma Guard ga frå seg.
Komande kamp er borte mot Blindheim 3 onsdag 22. april kl. 1830.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Anders Toven, Peder Uggedal Søvik, Tobias Jensen, Robin Endré Hånde (Tarjei Gjerset Urkedal, 75) – Robert Dulgheru, Marius Flem Stavik (Mohamad Erfan Bahrami, 75), Ole Johan Urke (Eirik Remen Skarbø, 66), William Jenssen Grytten (Lars Mikalsen, 87), Kai Kitsadakon Grytten (Ruben Stavik, 66) – Fredrik Rogne (Niklas Rekdal, 46) (Markus Søvik Gunnarsson, 89).
Dommar: Steinar Hjelle (Sunnylven)

